Eva Grøntoft Dybdahl (t.v), ordførar Halfdan Haugan, og Ehssan Issa under snorklyppinga på opningsdagen.
Eva Grøntoft Dybdahl (t.v), ordførar Halfdan Haugan, og Ehssan Issa under snorklyppinga på opningsdagen.

Skreddarverkstad i Seljord

No kan ein få stelt bunaden sin hjå skreddar i Seljord, eller få sauma seg ny dress.

Ehssan Issa har 20 års røynsle med nål og tråd frå Damaskus, og har no slått seg i lag med Eva Grøntoft Dybdahl med skreddarverkstad på Brøløs i Seljord.

Issa deltek i introduksjonsprogrammet og har norskundervisning tre dagar i veka, og kjem til å vere i verkstaden tysdag og torsdag då dei har offisielle opningstider. Elles kan ein også ringe og avtale tid om ein skulle ha noko gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dybdahl fortel at ho er innom mest kvar dag, og at det no skal bli råd å få fiksa gamle klede, skreielåsar eller sy inn eller ut bunaden sin.

– Issa arbeider mest med herreklede medan eg syr mest kvinneklede, men så lærer me av kvarandre. Målet er at Issa skal kunne sy ein Vest-Telemarkbunad ein dag, seier ho.

Issa gler seg til å bli betre i norsk slik at han kan prate meir med kundar som er innom.

Verksemda ligg flott til midt i handlegata i Seljord. Eva Grøntoft Dybdahl og Ehssan Issa.
Verksemda ligg flott til midt i handlegata i Seljord. Eva Grøntoft Dybdahl og Ehssan Issa.

– Eg likar alt som har med søm og gjere, og er veldig glad i å jobbe, seier han.

Dybdahl fortel at Issa hadde ein profesjonell verkstad med fleire tilsette i Syria, og at ho sjølv har skreddarbakgrunn frå Noreg og mellom anna Raulandsakademiet. Sidan har ho drive for seg sjølv med bunadssøm.

Gjenbruk

Per Atle Einan er flyktningkonsulent og er oppteken av å ta i bruk ressursane som flyktningane har med seg.

– Det ein ofte gjer i Noreg er å nulle ut kompetansen til dei som kjem. Når eg snakka med Issa og han fortalde at han kunne tenkje seg å lære å sy ein bunad var det opptakten til denne verkstaden. No vonar eg folk som har nokre klede dei vurderer å kaste heller kjem hit for å reparere dei. Det er blitt meir populært med gjenbruk, og slik sett er dette eit bra tilbod, seier Einan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at om dette går bra kan Issa overta verksemda sjølv etterkvart om han ynskjer det.

Ordførar Halfdan Haugan opna verkstaden med å helse skreddaren velkomen.

– Det er bra for Seljord som handelsstad og få dette tilbodet, og det er også bra at tome lokale får ny verksemd, seier Haugan.

Han likte også tanken på gjenbruk av gamle klede.

– Me er fæle til å bruke og kaste klede. Så det er spanande om ein kan reparere gamle klede, eller sy om det me har, heldt han fram.

Dybdahl seier at her kan ein kome med alt.

– Har ein ikkje stoff sjølv kan me skaffe. Her kan ein få sydd seg ny dress om ein vil, seier ho.

Høgtidleg opning:Eva Grøntoft Dybdahl (t.v), ordførar Halfdan Haugan, og Ehssan Issa under snorklyppinga på opningsdagen.