Randi Berdal Hagen
Randi Berdal Hagen

Skal gjennomføre Skeidet

I 2016 og 2017 blei Skeidet i Fyresdal arrangert. I samband med budsjetthandsaminga sist desember sa kommunestyret nei til å setje av 40 000 kroner til dette kulturarrangementet, og at kulturkonsulenten ikkje lenger skulle vere koordinator for tilstellinga.

Det har etter dette vore usikkert om Skeidet vil bli vidareført. Tilman Hartenstein opplyser nå at det var eit møte med 12 tidlegare Skeidet-aktørar onsdag førre veke, der det blei bestemt at det blir Skeidet i 2018 også, i helga 17.–19. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg har det kome ein del positive innspel på mail, noko som tyder på at det er mange støttespelarar der ute. Det er førebels ikkje noko fast organisering av det «nye» Skeidet, så det blir ei prøveordning. Lukkast me, vil det kanskje vere aktuelt å stifte eit eige lag, eller at eit eksisterande lag overtek eigarskapet frå idrettsrådet. Me vil uansett alt no oppmuntre folk som har lyst å delta, å melde frå. Det blir som før både marknad, ulike mellomalder-aktivitetar og vikingritt, seier Hartenstein.

Ein fast kontaktperson er ikkje bestemt enno, men Hartenstein opplyser at ein kan legge att ei melding på facebooksida «Skeidet». Fyrste møte i den nye arbeidsgruppa blir onsdag 7. mars.