Nita Helen Lauvland, Marianne Vrålstad, Joan Mendaros, Hilde Holskar, Unni Løken, Åshild Reime, Janne Løken, Reidun Almelien, Ann Kristin Kåsi, Marianne Kåsi Bjervamoen og Tone Margit Tveiten.
Nita Helen Lauvland, Marianne Vrålstad, Joan Mendaros, Hilde Holskar, Unni Løken, Åshild Reime, Janne Løken, Reidun Almelien, Ann Kristin Kåsi, Marianne Kåsi Bjervamoen og Tone Margit Tveiten.

Siste skrik i songkoret

Eg har alltid ynskt å syngje i kor, men med tanke på røysta mi har eg aldri tord å gjere det. Ein ivrig overtalande lokkefugl gjorde at eg likevel valde å gå inn for landing som siste skrik i eit kor på 70 medlemer. Mamma mia så vilt, og så moro!

Det er lenge sidan eg vedkjente at eg må ha stått langt bak i køen då songrøyster blei dela ut. Derfor har eg alltid vore blant tilhøyrarane når slike som til dømes det fantastiske Nissedalskoret opptrer. Søren klype så moro det hadde vore og stått blant dei på scena, men med min kvalitet på røysta er det nok best for alle at det blir med draumen.

Ein dag sist haust ringjer eg Kjellaug Pedersen i Nissedalskoret for å melde på kona mi til korseminaret med Abba-songar ei heil helg i slutten av oktober. Kan ikkje du også vere med, spør ho. Nei tenk, så kan eg ikkje det, svara eg raskt. Ho gav seg ikkje, endå eg åtvara henne om konsekvensane for andre om dei får høyre den elendige røysta mi i det offentlege rom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skriv deg på lista, seier lokkefuglen, i ei stund der ho forstår at eg nappar så vidt det er.

Mamma mia, kva er det eg har sagt ja til no då!? Då eg fortalde mamma at eg skulle vere med i eit songkor, såg ho på meg med eit blikk som sa at no kom eg til å bli nummer fem i arverekkjefylgja på fire ...

Er eg sopran?

Det er fredag kveld og 70 korinteresserte nissedølar og gjersdølar møtast i eit øvingslokale i Treungen. Landskjente frilanseregissør og songar Margrethe Ek er hyra inn for å dirigere deltakarane gjennom både Abba-songar og songar frå Chess-musikalen.

– Skal du også vere med, spør eit par nissedølar meg.

– Ja.

– Så flott, held dei fram, eit for meg overraskande svar.

Den positive tilbakemeldinga kjem kanskje fordi dei synest synd på meg, tenkjer eg.

– Om de får lyst til å reise heim att når de høyrer meg syngje, kan eg vere interessert i å betale dikkon for å bli verande, seier eg, og me trekkjer alle på smilebandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei dame spør meg om eg er sopran, og eg svarar med eit hæ?

– Er du sopran? Du sit blant jentene, held ho fram.

Det var då eg forstod at her ville det kome ord som ikkje eg har peiling på kva betyr. Au då, så blank! Ja, ja.

Utan golvluke

Eg sit på fremste rekkja blant utruleg mange kormedlemer, dei fleste er damer. Margrethe Ek er klar og det fyrste ho opnar med er å spørje om det er nokon som ikkje har sunge i kor før. Eg er ein av sikkert fleire andre som må opp med handa, tenkjer eg. Så ser eg bak og rundt meg for å registrere kven andre som debuterer. Ingen! Eg sit aleine med handa i vêret, og alle dei 69 andre trekkjer på smilebandet. Kvar er golvluka!?

– Eg har sett deg før, ser Ek mot meg.

– Som journalist, svarar eg.

– Kven er sopran, spør Ek salen.

Eg veit ikkje om eg skal rekkje opp handa eller ei, eg let vere denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kven er alt, held dirigenten fram.

No er det vel min tur, undrar eg, men held meg framleis roleg.

– Bass? Rekk opp handa no, smiler Ek til meg.

Ok, då er eg bass og altså ikkje til dømes sopran eller tenor. Brumlebass er kanskje rette ordet.

Støttekontakt

I fyrste pausen søkjer eg kontakt med Øyvind Tveit på nabostolen. Kanskje han kan vere støttekontakten min i vandringa i for meg ei totalt ukjent songverd med ord eg ikkje veit kva betyr.

– Me menn kan ikkje vere alt, spør eg Øyvind.

Han svarar at det er understemma til damene.

– Og menn kan heller ikkje vere sopran, held eg fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, då måtte me ha gjort nokre inngrep før puberteten. Då kunne me ha sunge sopran – heile livet, svarar Øyvind med eit fjes eg vel aldri har sett på han før.

– Me bare gjev deg ei klype, humrar ein gjersdøl, og ser på meg.

– Så få karar som me er her, skulle me heller fôra nokre damer med hormon, held Øyvind fram.

– Du er nok tenor, for eg høyrer det på talestemma di, smiler Margrethe til meg når eg slår av ein prat.

Eg nemner det til nissedalskordirigent Olav Svalastog om han kan vere med meg inn på funksjonshemmatoalettet for å finne ut om eg er bass eller tenor. Han humrar.

Mot slutten av pausen konverterer eg, etter samråd med meg sjølv, frå bass til tenor. Songkor, here I come!

Øyvind grein ikkje

Det er laurdag morgon og kormedlemene er samla att. Eg spør støttekontakt Øyvind om han er klar, og han svarar eit kontant ja.

– Lo du mykje då du kom heim i går kveld og tenkte på at eg hadde vore med på korseminaret, spør eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, og eg grein ikkje heller, humrar han.

Margrethe set i gang med ein halvtime med oppvarmingsøvingar. Me gjer fysiske øvingar og skjer nokre grimasar som kunne ha skremt fanden på flatmark. Det er utruleg kva vaksne finn seg i å gjere! Men det funker faktisk, og gjer ein i stand til å få betre syngjeresultat.

På seminaret får eg så og seie mitt fyrste møte med noteark, og det er mange av dei, hujei. Forte, punktert note, coda, ritadando, hus 1 og hus 2, kva er no dette? Etter å ha vore på bare utpust i kanskje mange minuttar, søkjer eg forklaring på orda hos støttekontakten. Han stiller opp, igjen.

Etter at eg hadde streva ei tid i starten av seminaret med å forstå korgjennomføringa og få dreis på synginga, byrja det verkeleg å bli moro utpå føremiddagen laurdag. Og med så mange positive kormedlemer rundt meg, er det som musikk i øyro på meg for å lykkast betre med noko eg eigentleg ikkje har greie på.

Neste store utfordring

Neste dag. Me ti mannfolka i koret skal ha eiga øving på songane SOS og Anthem. Det er som manna frå himmelen for meg når John Olav Vaa spanderer Ifa før det heile brakar laus. På vegen til seminaret hadde eg kremta så mykje at eg var redd nokon trudde eg dreiv elgjakt i byggjefeltet.

Det er Olav som leiar oss gjennom songane. Etter ei stund sat Anthem så bra at det varma gjennom heile kroppen min.

– Pangavslutning, den skal me ha, stråler Øyvind, i det songen er avslutta og i boks.

– Den var verdt heile helga, svarar eg, og alle ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko anna som verkeleg imponerte på seminaret, var energiske og dyktige Margrethe Ek.

– Ho er ein av dei beste dirigentane og korleiarane me veit om, og det er ikkje bare me som meiner det. Me er kjempeheldige som har ein slik kapasitet, seier Anne Reime i Nissedalskoret.

Ho fortel at koret er forut for si tid, med tanke på Mamma Mia-filmen med Abba-songar som har slått så bra til i år. For to år sidan blei det bestemt å satse på Abba-songprosjektet som Nissedalskoret og Gjerstadkoret står saman om. 7. februar er det framføring på fleirbrukshuset i Treungen, og dagen etter er det Gjerstad sin tur.

– De har jobba kjempebra denne helga. Me har eit svært program på framføringane. De kan kome i svarte klede som grunntone, avslutta Ek seminaret, og minna om at koret somme gonger skal syngje med amerikansk aksent.

Mamma mia, here I come 7. februar! Om eg tør.