Om to veker flyttar Siloen frå Åsgrend til Nordbygdi. Innehavarane av gardsbutikken, Bjørg Heggtveit (t.v.) og Ida Marie Susort Heggtveit gler seg til å få betre plass både inne og utomhus.
Om to veker flyttar Siloen frå Åsgrend til Nordbygdi. Innehavarane av gardsbutikken, Bjørg Heggtveit (t.v.) og Ida Marie Susort Heggtveit gler seg til å få betre plass både inne og utomhus.

Siloen er full – verksemda må flytte

– Nå er det slutt på å leike butikk, ler Bjørg Heggtveit. Straks flyttar ho og Ida Marie Susort Heggtveit verksemda Siloen frå låven i Åsgrend til Meåsbui i Nordbygdi.

Gardsbutikken Siloen starta i låven til Bjørg Heggtveit «slik for moro» like før jol for fire år sidan. Lite ante dei to at gardsbutikken skulle få slik ein suksess. Verksemdas salstall frå i fjor er i år dobla.

– Du skulle måle, strikke og sy og selje det du laga og eg skulle ha egg frå garden heime i tillegg til nokre andre produkt, mimrar Ida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utsalet har blitt ein populær møtestad for langt fleire enn vesttelar.

Bjørg Heggtveit og Ida Marie Susort Heggtveit, som er gift med Bjørgs nevø, har begge heile tida hatt ein draum om at gardsbutikken skulle skape arbeidsplassar. Nå tar dei steget vidare.

– Det var heilt nødvendig å gjere ei endring, seier duoen.

Siloen vil halde fram med ulike varer som alt frå egg frå garden til Ida til ulike bruks- og pyntegjenstandar.
Siloen vil halde fram med ulike varer som alt frå egg frå garden til Ida til ulike bruks- og pyntegjenstandar.

Stor interesse

Interessa for Siloen har stadig auka – det same har vareutvalet.

– Me har rett og slett for liten plass, både inne i butikken og ute. Her er ikkje plass til å parkere og heller ikkje plass til å sjå varene skikkeleg om det er litt fleire kundar inne på same tid. Tanken om å bygge om låven streifa oss – men det var ikkje det rette. Då me fekk høve til å kjøpe Meåsbui som ligg tett på E134 i Nordbygdi måtte me bare slå til, seier Bjørg Heggtveit.

Det er ho og mannen som har kjøpt småbruket ein treminuttars biltur unna heimen i Åsgrend. Siloen skal leige lokale til butikkdrifta.

– Viss Siloen nokon gong skal flytte må det bli Meåsbui, sa eg for nokre år sidan – og nå blir det jammen slik, smiler Bjørg nøgd.

Butikk, bustad og atelier

Huset i Nordbygdi er på fire etasjar. Der var fullt av militæreffektar over alt, men nå er huset rydda og klart for mykje nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit stort hus. Me vil bruke fyrste etasje til Siloen. Elles har me leigd vekk ein del av bygget til bustad, og Ruth Kvålo Dalen leiger eit rom som atelier slik at ho kan stå der og måle. Det er jo koseleg at det er fleire som brukar bygget, meiner dei to.

– Kva tenker de om å flytte Siloen frå staden der alt starta? Vekk frå tunet og atmosfæren?

– Det blir sjølvsagt ikkje det same, men Meåsbui har også noko heilt unikt, som til dømes den gamle kjøpmannsdisken der alt er intakt som då det var landhandel og posthus i bygget, og inngangsdør med bjølla på. Me trur me vil behalde sjarmen slik det skal vere på eit småbruk, er Ida og Bjørg samde om.

Kaffikos og god tid

– Potensialet for å få til mykje forskjellig på Meåsbui er der – me må bare ta det litt om litt, smiler Bjørg, og legg til at målet er at Siloen skal få ei stabil drift og at det skal gje arbeidsplassar.

Ho er oppteken av – og har eit sterkt ynskje om at Siloen som verksemd framleis skal vere ein stad der folk vil stoppe for å slå av ein prat. Ta ein kaffikopp og kose seg.

– Det sosiale er like viktig som handel, meiner drivarane.

Frå egg til interiør

Siloen har fått rykte på seg som ein stad der ein finn både vakre interiørartiklar, økologisk hudpleie og kortreist mat.

– Bjørg er dyktig til å bestille varer. Det er sjeldan at det bare er ein leverandør me hentar varer frå. Her kjem det nokre få gjenstandar frå mange ulike leverandørar som til saman skaper eit variert tilbod i butikken. Det gjer det heile litt unikt, trur Ida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og me har fått mykje positiv omtale frå ulike bloggarar og andre som har lagt ut bilde og innlegg på internett etter besøk hos Siloen. Slik spreier ryktet seg og mange tek det som del av ein dagstur når dei kjem hit. I sommar har me hatt besøk av gjester frå heile fylket, og fleire har også kome hit frå Sørlandet. Det er folk innom stort sett kvar dag, smiler Bjørg.

Ho fortel at mange nyttar nettbutikken til å studere varene – så kjem dei på besøk for å handle.

– Me har leika litt butikk fram til nå – nå må me drive butikk skikkeleg, smiler Bjørg, og ser på Ida.

– Det var nokon som meinte me hadde verdas dyraste egg her. Ikkje det at egga var dyre i seg sjølv altså, men kunden fann vel gjerne noko anna dei har lyst på i tillegg til egg, smiler Ida.

Betre plass

2. september opnar Siloen i Meåsbui.

– Det blir godt å få betre plass. Nå kan me til dømes få inn ei kjøle slik at me kan ha meir kortreist mat, drøymer Bjørg.

Duoen ser stort potensial med dei nye lokala, både inne og ute.

– Bak bygget er det ein vakker eplehage og eit triveleg steingjerde. Her skal me få det fint etterkvart, og i ei pakkbu på baksida av huset skal me lage ein liten kaffikrok, seier Bjørg, og legg til at ein fin stad å leike for dei yngste gjestene også skal bli prioritert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For at dei vaksne skal få sjå kva me har i butikken må barna ha noko å finne på også, smiler duoen, som gler seg til kva framtida for Siloen vil by på.