Monica Øygarden Halvorsen (leiar i Kviteseid demensforeining), Therese Mortensen, Silje Blomstadli og Randi Haugli.
Monica Øygarden Halvorsen (leiar i Kviteseid demensforeining), Therese Mortensen, Silje Blomstadli og Randi Haugli.

Signerte avtale om demensvenleg samfunn

Torsdag vart Kviteseid den fyrste kommunen i Telemark som har signert avtale med Nasjonalforeininga for folkehelse om å bli eit meir demensvenleg samfunn.

Generalsekretær i Nasjonalforeininga for folkehelse, Lisbet Rugtvedt, tok turen til kommunestyresalen i Kviteseid torsdag for å møte lokalforeininga og ordførar Tarjei Gjelstad (Ap).

Kviteseid demensforeining hadde ope informasjonsmøte der det i tillegg til informasjon om demens vart vist ein kjenslesterk dokumentarfilm om fleire menneske som er råka av demens.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som ein kampanje hos Nasjonalforeininga, er Kviteseid den fyrste kommunen i Telemark til å signere ei samarbeidsavtale om å bli eit meir demensvenleg samfunn med mål om at menneske med demens skal møte forståing, respekt og støtte i samfunnet.

Nasjonalforeininga meiner kommunen kan ha fordelar med ei slik avtale, og seier det kan gjere det lettare for personar med demens å vere ein del av samfunnet og klare seg heime.