– Me jobbar aktivt for å rekruttere elevar til alle linene våre, men restaurant- og matfaglina i Seljord har likevel eit særskild fokus no, seier rektor for Vest-Telemark vidaregåande skule, John Erik Robertsen.
– Me jobbar aktivt for å rekruttere elevar til alle linene våre, men restaurant- og matfaglina i Seljord har likevel eit særskild fokus no, seier rektor for Vest-Telemark vidaregåande skule, John Erik Robertsen.

Set søkjeljos på elevrekrutteringa

Det blir ikkje tilbod til elevar som ynskjer å gå VG1 på restaurant og matfaglina i Seljord det komande skuleåret. Men skulens rektor, John Erik Robertsen, har likevel stor tru på at elevtalet i framtida vil ta seg opp.

– Me jobbar aktivt for å rekruttere elevar til alle linene på skulane i Seljord og på Dalen. Det er likevel rett å seie at me har særleg søkjeljos på restaurant- og matfaglina i Seljord. Det var tre søkjarar på VG1 for det komande skuleåret, og det seier politikarane nei til. Men VG2 held fram uavhengig at det låge søkjartalet på VG1, forklarer Robertsen.

Tradisjonar

Han synest det er trist at det er så få søkjarar frå Vest-Telemark på lina.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Regionen satsar mykje på turisme og tradisjonsmat, så for oss vil det vere viktig å få næringa meir på banen framover. Dersom ein tek utdanning innan faget vil det absolutt vere mogleg å få seg arbeid. Det er etter måten stor etterspurnad etter fagfolk på området, anten det er snakk om kokk, servitør, institusjonskokk eller som fagarbeidar andre stader, forklarer han.

Næringa på banen

Rektoren er elles tydeleg på at kommunane, næringa, politikarane og elevane og føresette har ei viktig rolle for å fremje yrket og faget.

– Me har vel alle eit ansvar for å marknadsføre utdanningstilbodet, men også kva moglegheiter elevane har etter å ha teke utdanninga. I førre veke hadde me besøk av 9. klassingar som kunne sjå seg rundt og få kjenne litt på skulane våre. Det er viktig for både dei og oss, slik at dei kan vere i stand til å ta eit val på eit tidleg tidspunkt, fortel han.

Kutt i tilbod – som venta

Hovudutvalet for kompetanse hadde møte på Dalen måndag, og som venta gjekk politikarane inn for å seie nei til dei tre søkjarane til VG1 restaurant og matfag. 

– Det var som venta, og det betyr at dei må velje ein annan skule det komande skuleåret, seier Robertsen.

VG3 medium og kommunikasjon i Seljord hadde fire søkjarar for det komande skuleåret, og dermed blir det heller ikkje noko av dette for skuleåret 2018/19.

– Blant dei fire ynskte ikkje alle å ta alle faga, så det var også venta at det ikkje blei noko tilbod i Seljord for dei heller i år, seier han.

Ny struktur

I løpet av eit par år blir det innført ny struktur i den vidaregåande skulen. Det meiner rektoren kan passe godt for Vest-Telemark vidaregåande skule, og særleg for avdelinga i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For restaurant og matfag betyr det mellom anna at me får ei eiga bakar- og konditorline som me meiner vil passe oss særs godt. Me har både lokale og utstyr til ei slik line. Medium og kommunikasjon blir også endra tilbake til yrkesfag slik det opphavleg var, og det blir også endra til IKT og mediaproduksjon. Båe endringane vil tale i vår favør, og me skal i alle fall gjere vårt til å oppretthalde gode tilbod. Det er lett å seie at me burde produsert fleire born for 16 år sidan, men så er det dette med etterpåklokskap då, smiler han.

– For Dalen sin del er det stabilt tilsig av elevar, men målet vårt er sjølvsagt at me vil ha «alle» elevane til oss, avsluttar rektoren.