Seljord-ordførar Halfdan Haugan har bede om at Vest-Telemarktinget diskuterer om det er mogleg å etablere eitt Nav-kontor i regionen. (Arkiv
Seljord-ordførar Halfdan Haugan har bede om at Vest-Telemarktinget diskuterer om det er mogleg å etablere eitt Nav-kontor i regionen. (Arkiv

Seljord har fått Nav-invitasjon frå Midt-Telemark, men vil helst ha eitt kontor i Vest-Telemark.

Politikarane i Seljord vil at Vest-Telemarktinget skal drøfte om det er mogleg med eitt felles Nav-kontor i regionen.

Bakgrunnen for saka på sakskartet til møtet i Vest-Telemarktinget tysdag 5. desember er eit initiativ frå formannskapet i Seljord. Dei sa i sist møte at dei ynskjer at Nav organiserer seg slik at Vest-Telemark blir eige myndekontor, og vil i utgangspunktet ikkje bli ein del av eit felleskontor med Bø, Sauherad og Nome, slik rådmannen tilrådde i møtet førre torsdag.

Seljord kommune har blitt invitert med på samarbeid. Rådmannen skreiv i saksutgreiinga at det er «vanskeleg å sjå for seg eit større interkommunalt samarbeid i Vest-Telemark, sjølv om det er kjent at Nissedal og Kviteseid kommune er i dialog om eit framtidig Nav-samarbeid».

Artikkelen held fram under annonsen.

I saka blei det greidd ut fire alternativ:

– Seljord

– Seljord, Kviteseid og Nissedal

– Vest-Telemark

– Seljord, Bø, Sauherad, og ev Nome

Nav vil til Midt-Telemark

Som kjent blir Bø og Sauherad ein kommune frå 1. januar 2020. Det er alt avtala eit vertskommune-samarbeid mellom dei to kommunane fram til kommunesamanslåinga trer i kraft, med felles kontor i Bø. Her er det også opna for at Nome blir med.

Seljord-rådmannen stør fylkesleiaren i Nav og Nav-leiaren i Seljord sine vurderingar som meiner eit samarbeid med kommunane i Midt-Telemark er den beste løysinga. Rådmannen meiner også at det er viktig å bli med tidleg i prosessen for å kunne vera med å forme framtidige løysingar, og føreslo ei avtale etablert alt frå nyttår, med økonomisk verknad frå 2019.

Til kommunestyret i desember

Ingen av formannskapsmedlemmene i Seljord ville gå for eit samarbeid med Midt-Telemark. Fleirtalet var villig til å samarbeide, men då mot Vest-Telemark. Fire av dei sju medlemmene røysta for framlegget til Kristian Espeland på vegne av Ap, H og KrF. I vedtaket heiter det også at politikarane bed om at Vest-Telemarktinget «behandlar ei sak om samanslåing av Nav-kontoret og er positive til det».

Artikkelen held fram under annonsen.

Mindretalet (Venstre og Sp) ville framleis ha eige Nav-kontor, og vidareutvikle samarbeidet med nabokommunane.

Saka skal til kommunestyret i Seljord 14. desember, derfor hasta det med å få saka til tinget før den tid.