Dalen Hotel vil få eit tilbygg på om lag 100 rutemeter. Det skal huse nytt kjøkken og nytt varemottak. I tillegg blir det seks nye rom, derav fire spektakulære tårnrom og to suiter. Grunnarbeidet er godt i gang, og Kozz Bygg i Kviteseid har stått for grunnmuren.
Dalen Hotel vil få eit tilbygg på om lag 100 rutemeter. Det skal huse nytt kjøkken og nytt varemottak. I tillegg blir det seks nye rom, derav fire spektakulære tårnrom og to suiter. Grunnarbeidet er godt i gang, og Kozz Bygg i Kviteseid har stått for grunnmuren.

Satsar millionar på utviding av hotellet

Hotelleigar Thor Morten Halvorsen seier at ein formidabel auke i gjestetalet har gjort dei nøydd til å utvide ærverdige og flotte Dalen Hotel. No satsar han 16 millionar kroner på prosjektet som gjev nytt kjøkken og seks nye rom.

– Det blei ny omsetningsrekord inneverande år både for hotellet og kanalbåten Henrik Ibsen. Me omsette for om lag 25 millionar kroner i løpet av dei vel seks månadane sesongen varer, fortel ein fornøgd hotelleigar.

Fire tårnrom

Halvorsen seier til VTB at utbygginga vil gje seks nye rom, derav fire som blir heilt spektakulære, for å bruke hans eigne ord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal byggje fire rom i tårna på hotellet. Det vil bli rom i gamal stil, men moderne utstyrt. Desse tårnromma vil bli heilt spektakulære, fortel han.

Dei to andre romma blir i fløya ut mot hagen og det var personellet på hotellet som budde der i tidlegare tider.

– Alle romma får ein moderne standard, men med ein stil som passar til dei andre romma og hotellet generelt. Dei to romma ut mot hagen blir for bryllaupssuiter å rekne, forklarer hotelleigaren.

Topp moderne kjøkken

Men det er ikkje berre nye rom som står i utbyggingspapira. Kjøkkenet blir også heilt nytt, og varemottaket blir også lagt om slik at det skal bli meir logistikkvenleg.

– Det har vore utfordrande for personalet å arbeide på kjøkkenet med den formidable auken i gjestetalet dei siste åra. No blir det eit topp moderne og romsleg kjøkken som bør medverke til at det blir endå meir attraktivt å arbeide der, og til å gje gjestene ei endå betre matoppleving, seier Halvorsen.

Han rosar Tokke kommune og fylkeskommunen for velviljen dei har møtt for utbyggingsplanane. Hotellets antikvariske verdi gjer at det ikkje utan vidare kan byggjast på.

– Tilbygget er teikna av arkitekt Lars Gabrielsen ved arkitektkontoret Børve og Borchsenius i Porsgrunn. Gabrielsen stod også bak teikningane sist hotellet blei renovera. Det er ganske omfattande fordi den minste ting skal vere mest mogleg lik den opphavlege stilen, forklarer han.

– Kva tidsplan har de for å ta tilbygget i bruk?

Artikkelen held fram under annonsen.

–  Me håpar at kjøkkenet er klart til sesongopninga 20. april. Målet er elles at tårnromma skal vere klare i løpet av mai. Me rekk truleg ikkje å bli heilt ferdige med alt, men me får ta resten etter at neste sesong er over. Det kjem ikkje på tale at gjestene våre skal oppleve støyen som fylgjer med eit byggjeprosjekt. Dei skal få oppleve roen som dei har kome for, svarar Halvorsen.

Hotelldirektør Malin Jernberg seier ho knapt kan vente til alt er klart.

– Dette vil gje hotellet eit lyft, og det vil gjere kvardagen vår mykje enklare. Eg gler meg også veldig til dei nye romma blir klare, seier ein fornøgd direktør.

– Går som eit skot

Hotelleigar Halvorsen seier det var mange som var skeptiske til om han ville få hotellet og kanalbåten til å gje økonomisk vinst. Han er glad for at dei tok feil.

– Det går rett og slett som eit skot, seier han.

Halvorsen fortel han i størst mogleg grad satsar på å bruke lokale krefter til arbeidet med utvidinga. Mellom anna har Jan Olav Kollberg frå Tokke fått jobben som prosjektleiar og entreprenør for det bygningsmessige.

– Me er også ein stor arbeidsgjevar i sesongen med 75 – 80 personar i sving på hotellet og på båten, derav mange lokale, seier han.

– Kva er prislappen på utvidinga?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kostnadsrekna til om lag 16 millionar kroner, avsluttar den spenstige hotelldirektøren, og legg til at dei har kjøpt slusekroa i Lunde også.