Etter at Dansebandfestivalen vart omdøypt til Seljordfestivalen, har arrangøren opna for fleire musikksjangrar og har i år satsa på retromusikk.
Etter at Dansebandfestivalen vart omdøypt til Seljordfestivalen, har arrangøren opna for fleire musikksjangrar og har i år satsa på retromusikk.

Retrosuksess på Seljordfestivalen

Seljordfestivalen har i år treft blink med å satse på ein miks av danseband- og retromusikk. Med ABBA Forever og Boney M var det duka for allsong på Dyrskuplassen i Seljord.

I fire dagar har danseglade samla seg i Seljord, og i år kunne gjestene nyte sol og fengande slagerar frå 70- og 80-talet.

Kvar dag var det 14 timar med konsertar fordelt på tri scener, og til stor jubel opna dei svenske jentene i Face 84 festivalen onsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag fekk PK og Dansefolket gjestene i svært godt humør, og dansegolvet vart fylt til randen. Seinare på kvelden tok mellom anna Pussycats og Creedence Norwegian Revival over rytmen.

Retrokveld med allsong

Fredag var den store retrokvelden på hovudscenen, der det engelske tributbandet ABBA Forever leverte eit forrykande show. Det var knytt stor spaning til legendariske Boney M, med frontfiguren Liz Mitchell. Gruppa slo gjennom i 1976 med den verdskjente låta «Daddy Cool». Denne låta blei sjølvsagt spelt under konserten, og var ein av fleire som førte til allsong blant publikum. Dagleg leiar for Seljordfestivalen, Knut Inge Skoland, seier at dei aldri har opplevd liknande allsong frå 4000-5000 personar inne på Fjoset. Boney M leverte varene, og slo verkeleg ann blant gjestene.

Dansebandkveld

Ole Ivars har i fleire år vore eit av trekkplastera på Seljordfestivalen, og laurdag var det dansebandas kveld på hovudscenen, der publikumsfavorittane Ole Ivars nok ein gong sette svingtaktene på prøve. Svenske Sten & Stanley avslutta årets Seljordfestival på hovudscenen.

Liten nedgang

I ei pressemelding fortel arrangøren av festivalen at dei i helga hadde like over 2000 campingeiningar på området. Dette er ein liten nedgang frå i fjor.

Totalt blei det selt 19.000 billettar, noko som er 2.000 færre enn rekorden i 2008. Trass i nedgangen er dei svært nøgde med arrangementet og festivalen har vore gjennomført utan store og alvorlege hendingar.

Bryggeritur

To tilsette ved Arendals Bryggeri har drege i gang ein felles tur med vener til Seljordfestivalen. Totalt er vennegjengen på 17 personar, og dei er veldig stolte av ølet frå heimstaden. Alle som ein går med t-skjorter med bryggerilogoen på framsida.

– Når alle går i den same t-skjorta så finn me kvarandre raskt og enkelt. Det er Torleif Brekka som i hovudsak har drege dette i gang og ordna t-skjorter til heile gjengen, fortel Anita Verosdal, som er på festivalen for fjerde gong på rad.

– Får de kjøpt Arendals pils her?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, me er litt skuffa over det. Men me har teke med oss fleire kasser som me har på campingområdet, seier Anita Verosdal.

Ho har med seg mannen Otto Verosdal, og saman med resten av gjengen kom dei til Seljord onsdag, og blei heilt til sundag.

– Det er heilt fantastisk å vera her i Seljord på festival. Her har me vore i fleire år, og me kjem attende neste år også, seier Torleif Brekka.