76 nåverande elevar og mange tidlegare elevar ved Seljord folkehøgskule tok turen til Eidsvolls plass framfor Stortinget for å vise kva dei meiner om at regjeringa vil kutte i budsjettet til folkehøgskulane.
76 nåverande elevar og mange tidlegare elevar ved Seljord folkehøgskule tok turen til Eidsvolls plass framfor Stortinget for å vise kva dei meiner om at regjeringa vil kutte i budsjettet til folkehøgskulane.

– Regjeringa går heilt feil veg

Seljord folkehøgskule må kutte rundt 400 000 kroner om regjeringas forslag om kutt i støtta til folkehøgskulane går gjennom. Tysdag var heile skulen i Oslo på demonstrasjon.

– Det er heilt på trynet og regjeringa går heilt veg. Eg trur ingen av dei som har foreslått dette har gått på folkehøgskule, seier fjorårselev og stipendiat, Kim-Arild Karlsen.

Han står saman med ein stor gjeng frå Seljord folkehøgskule framom Stortinget i Oslo. Taktfaste rop om «Nei, til kutt» har byrja rundt dei på Eidsvolls plass. Rektor Godtfred Særsland har tatt med seg heile skulen til demonstrasjonen mot regjeringas forslag om kutt i støtta til folkehøgskulane. Etter kvart dukkar også fleire tidlegare elevar ved skulen også opp. Mirjam Halvorsrud kjem bort til rektoren og gjev han ein klem.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde eit fantastisk år i Seljord og trur ikkje eg hadde opplevd same type år på andre folkehøgskular. Folkehøgskule handlar for meg om å bli meir trygg på seg sjølv, og det blei eg i Seljord, fortel 19-åringen frå Trondheim.

Dramatisk kutt

I regjeringas forslag til budsjett er det sett av 824 millionar kroner til folkehøgskulane. Regjeringa meiner det er eit kutt på 24 millionar kroner og at dei vil kutte på støtta til såkalla kortkurs, som dei meiner stort sett eldre over 50 år nyttar seg av. Folkehøgskulerådet meiner det ikkje går an å berre kutte på kortkursa og at det vil vere eit reelt kutt på 45 millionar kroner, sidan dei også vil kutte støtta til elevar som er eit år ekstra på folkehøgskule, som stipendiatar.

Mirjam Halvorsrud gjekk på Seljord folkehøgskule i fjor og syntest det var godt å sjå rektor Godtfred Særsland att. Trønderjenta gjekk på linja «Musikkreisen» på folkehøgskulen og fortel ho utvikla seg og fekk gjort mykje ho aldri elles ville ha prøvd.
Mirjam Halvorsrud gjekk på Seljord folkehøgskule i fjor og syntest det var godt å sjå rektor Godtfred Særsland att. Trønderjenta gjekk på linja «Musikkreisen» på folkehøgskulen og fortel ho utvikla seg og fekk gjort mykje ho aldri elles ville ha prøvd.

– Det kan bety eit inntektstap på opp imot 400 000 kroner for Seljord folkehøgskule. Det er betydeleg for oss som skule og eg vil seie det er dramatisk om me må kutte så mykje, seier rektor, Godtfred Særsland.

Folkehøgskulen i Seljord har ikkje mange av desse kortkursa regjeringa meiner kuttet deira skal gå utover, likevel meiner dei at dei vil merke budsjettkuttet.

– Det er ikkje mogleg å kutte på den måten. Om det blir slik blir det ei veldig skeiv fordeling mellom folkehøgskulane. Eg kan ikkje skjøne at det blir slik, seier Særsland.

Ikkje eit pauseår

Plakatar med tydeleg tale vaia i haustsola utanfor Stortinget. «Det statsbudsjettet var vel litt på grensen, kanskje du skulle hatt et år på folkehøyskole selv Siv Jensen» fortalde ei av dei. Seljord-elevane nøya seg med «Nei, til kutt» og «Folkehøgskule har verdi».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Regjeringa går i heilt feil retning. Det har aldri vore så mange som har søkt på folkehøgskule, så skal ein kutte i støtta? Ein må nesten ha opplevd folkehøgskule for å vite kor mykje det betyr. Det var det beste året i mitt liv, seier Kim-Andre Karlsen frå Bergen.

– Eit kutt på 400 000 kroner vil jo sikkert ha ganske mykje å seie for Seljord folkehøgskule. Det kan bli dårlegare tilbod for elevane. Det er heilt på trynet eigentleg, seier Tage Urnes, også han frå Bergen.

På scena appellerte politikarar frå alle stortingsparti, forutan dei to regjeringspartia.

– Eit år på folkehøgskule er ikkje eit pauseår eller kvileår, det er eit utviklingsår, sa SV-leiar, Audun Lysbakken til stormande jubel frå elevane.

Ein vesentleg forskjell

Rasmus Hansson (MDG), Trine Skei Grande (V), Knut Arild Hareide (KrF) var blant dei andre talarane som snakka om kor viktig satsinga på folkehøgskulane er. Dei to regjeringspartia har som kjent ikkje fleirtal i Stortinget aleine og det kan difor sjå vanskeleg ut å få gjennomført forslaget. Det er rektoren ved Seljord folkehøgskule glad for.

– For meg så handlar folkehøgskule om å gjere ein vesentleg forskjell for mange elevar. Det handlar om å utvikle seg sjølv som person og det er mange som treng eit slikt år på å finne ut kva dei vil. Det meiner me har stor verdi, seier Særsland før han tek med seg dei 76 elevane i buss tilbake til Seljord.

– Skal ikkje redusere det ordinære tilbodet

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgres vararepresentant på Stortinget, Emilie Schäffer, meiner folkehøgskulane er eit viktig bidrag i utdanningssystemet, og presiserer at dei berre vil kutte støtta til kortkursa. 

– Det er ikkje ynsket til regjeringa å redusere det ordinære tilbodet til folkehøgskulane. Forslaget til regjeringa går på å kutte støtta til dei såkalla kortkursa som i stor grad blir brukt av personar over 50 år, seier Schäffer som vikarierer for Solveig Sundbø Abrahamsen frå Seljord medan ho er i FNs generalforsamling i New York. 

– Folkehøgskulerådet seier at dette ikkje er mogleg, og at det vil gå utover tilbodet generelt?

– I dette budsjettet må ein prioritere, og slik som me ser det nå er det feil bruk av statsbudsjettet å prioritere kortkurs som hovudsakleg blir nytta av eldre over 50 og 60 år.  Dette er ikkje eit kutt i kjerneområdet til folkehøgskulane, svarer Schäffer.

Berre støtte eitt år

Regjeringa vil også kutte støtta til elevane som går eit år ekstra på folkehøgskule.

– Det er ikkje gode nok argument for at staten skal finansiere studielån og stipend for å ta to år med anten to ulike folkehøgskuleutdanningar, eller til å ta den same utdanninga to gonger, seier Schäffer. 

Sjølv om alle opposisjonspartia, også Venstre tydeleg viste si støtte til folkehøgskulane tysdag, trur politikaren det er mogleg å få forslaget gjennom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når folk set seg ned og ser bakgrunnen i det, også vil sjå fornufta i det. Eg sat inne på Stortinget og høyrte oppropet til elevane der ute. Eg trur ikkje dei har sett seg inn i kva forslaget dreiar seg om. Me har foreslått 820 millionar til folkehøgskulane i 2018, seier Schäffer. 

Faktasjekka folkehøgskulepåstand

«Det er folkehøgskulerådet som har rekna ut summer på 45 millionar i kutt, som NRK og fleire media har omtalt. I framlegget til statsbudsjett for 2018 har regjeringa derimot foreslått å kutte 25 millionar kroner i tilskota til folkehøgskulane. Dette rammar dei såkalla kortkurs, der meir enn halvparten av deltakarane er over 50 år. Det er ikkje foreslått kutt i støtta til langkurs, som er det dei fleste tenker på i samband med å gå på folkehøgskule. Folkehøgskulerådet har i tillegg rekna med ekstra løyvingar dei meiner dei burde ha fått, i tillegg til å trekkje inn kutt i studiestøtte frå Lånekassa. Dette kan ikkje omtalas som kutt i tilskotet til folkehøgskulane».