Desse tre vinbyggjane tok imot heider og ære frå fotballforbundet i Telemark i helga. Trude Brostigen Ringhus (t.v.) og Katrine Grindalen (t.h.) tok imot heile to ærefulle prisar på vegne av IL Rein, og Øyvind Kili blei utpeika til årets fotballnamn i Telemark.
Desse tre vinbyggjane tok imot heider og ære frå fotballforbundet i Telemark i helga. Trude Brostigen Ringhus (t.v.) og Katrine Grindalen (t.h.) tok imot heile to ærefulle prisar på vegne av IL Rein, og Øyvind Kili blei utpeika til årets fotballnamn i Telemark.

Prisdryss til fotballen i Vest-Telemark

IL Rein, Øyvind Kili og Kristi Marie Tveit blei gjort stas på av krinsen laurdag.– Ja, Vest-Telemark sopa til seg dei fleste prisane denne gongen, oppsummerer leiar i fotballforbundet i Telemark, Roger Eilertsen.

Eilertsen håpar Vest-Telemark-dominansen under prisutdelingane på festmiddagen etter laurdagens fotballting viser at Vest-Telemark er i ferd med å byggje seg opp som ein sterk fotballregion, etter ein lang periode der det har vore labert.

– Dersom arbeidet der held fram i same sporet som no, kjem det til å bløme. Både når det gjeld å utvikle nye talent, og i det som er det viktigaste sett frå ståstaden vår, nemleg at det er stor aktivitet blant både jenter og gutar, seier Eilertsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rettferdig klubb med godt kvalitetsarbeid

IL Rein kunne ta med seg heile to prisar heim til Haukeli. «Fair play»-prisen på 10 000 kroner fekk dei for å ha sett fair play på dagsorden på ein god måte, og peika ut ein ansvarleg som skal fylgje opp dette både blant spelarar og i klubben.

– Det tyder til dømes korleis klubbar legg opp til at gjestelag blir tekne imot, og korleis spelarar og leiarar skal oppføre seg, forklarar Eilertsen.

Klubben fekk også ein kvalitetsklubbpris på 10 000 kroner.

– Som ein liten klubb er dei eit førebilete som viser at også dei små klubbane kan jobbe med kvalitet. Mange små klubbar seier og meiner at dei er for små til å ta på seg denne jobben. Rein er et godt eksempel på det motsette. Dei har gjort ein ekstraordinær innsats, seier Eilertsen.

Prosjekt Vest-Telemarks far blei årets fotballnamn

Øyvind Kili frå Grungedal blei i helga utpeika til «årets fotballnamn 2016».

Noregs fotballforbund i Telemark seier grunngjevinga si at Kili har eit engasjement og ei evne til å få til store ting for spelarar, trenarar og alle rundt i den utvida fotballfamilien.

– Han set tillit, innsats og positive haldningar framfor alt, og set klare grenser for kva som er greitt og kva som ikkje er greitt, skriv krinsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen for nominasjonen er den reisa Kili har teke åtte fotballklubbar i Vest-Telemark med på dei siste åra gjennom Prosjekt Vest-Telemark. Kili har sett fokus på korleis det er å drive mindre klubbar og kva moglegheiter det gjev å kunne samarbeide om ressursar for felles utvikling på tvers av klubbar.

– Samarbeidet med NFF Telemark, Odds BK, to fotballakademi i England, Vest-Telemark vidaregåande skule, samt dei sterke banda som er knytt til institusjonar i Liverpool og Glasgow som jobbar for vanskeligstilte barn og unge, gjev dette prosjektet uante moglegheiter på mange plan. Uansett er det fotballen som er døropnaren, saman med kandidatens vinnande vesen og evige optimisme og tru på det gode i alle menneske, uttalar styret i NFF Telemark, og peikar til slutt på at «Kili har eit smittande engasjement som gjer at alle rundt han har begynt å tru at alt er mogleg.»

 

Heidra for lang og tru teneste

Kristi Marie Tveit i Kviteseid IL fekk «honorært leiarstipend» av fotballforbundet i Telemark. Stipendet går til leiarar som har gjort ein solid innsats for lokalmiljøet sitt over lengre tid.

Tveit har vore leiar av fotballgruppa i 13 år no, og har i tillegg vore både trenar og lagleiar.

– Kandidaten har lagt mykje arbeid i å få til ei god organisering av lag – trenarar og lagleiarar. Det har blitt konkretisert gjennom eit kompendium som viser oppgåvene for drift av fotballag og som er til god nytte i klubbkvardagen, skriv krinsen om Tveit.

Dei peikar også på at ho har jobba på fleire plan for å få styrka og betra klubbens fasilitetar. Det starta med ein lang prosess for å vise politikarane behovet for at klubben fekk ein kunstgrasbane. Då det var på plass, var det arbeid med å skaffe finansiering. Her var det kreative innspel, og fleire ble gjennomført.

– Kandidaten har vore ein pådrivar for å få ungdom til å ta klubbdommarkurs. Ho har jobba for å ei «rettferdig» ordning på gjennomføring av dugnadar, og har dessutan lagt til rette slik at ungdom også kan bidra på dugnader for å redusere eigenbetalingane på turar til cupar. Klubben har dei siste åra hatt a-lag igjen, der Tveit har vore lagleiar, står det i grunngjevinga, som blir avslutta slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kandidaten fyller funksjonen som fysioterapeut, psykolog, mamma og entusiast, og har vist eit engasjement som dommarane best kan beskrive ...