Adaptiv arkitektur AS)
Adaptiv arkitektur AS)

Planlegg aktivitetslabyrint på Eventyrøy

Sjøormtårnet har blitt lagt merke til i Seljord, nå er det planar om å byggje ein aktivitetslabyrint i tre.

Formannskapet i Seljord kommune blei tidlegare i haust orientert av kommunalsjef Frid Berge om planane om å byggje ein aktivitetslabyrint på Eventyrøy i samband med ei større satsing kommunen arbeider med i området.

I dag vil kommunen fortelje meir om labyrinten som mellom anna vil ha ei flytande bryggjerampe slik at rullestolbrukarar kan kome seg ut i båt. Sjølve konstruksjonen blir bygd med ei buktande form, assosiert til landskapet, bølgene i vatnet eller kanskje sjøormen i Seljordsvatnet. Labyrinten vil bli bygd i ulike nivå og vere omkransa av vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berge kunne også fortelje at labyrinten vil bli bygd i lokalt trevirke, og antydar at ein må søkje om fire millionar kroner i stønad, men at kommunen sjølv også eventuelt må garantere for den same summen delt over tre år om prosjektet skal bli gjennomført. Berge sa at det også sjølvsagt vil vere nødvendig å søkje andre instansar om medfinansiering.

Adaptiv arkitektur AS som held til i næringshagen på Brøløs, har teikna labyrinten.

Berge fortalde at kommunen har utfordra arkitekten litt, men at alle nå er veldig fornøgde med kva han har kome fram til.