Malin Aamlid (t.v.) og Agnes Pettersen i bob-banen med publikum på «tribunen».
Malin Aamlid (t.v.) og Agnes Pettersen i bob-banen med publikum på «tribunen».

Opplevingsrikt heimepåfunn

På Veum i Fyresdal kan barn og vaksne få seg ein skikkeleg dose friskluft, i sving etter sving der dei sit eller ligg på gummiringar.

I mange år har det blitt laga bob-bane på Oppigard Veum nord i Fyresdal. Ved hjelp av gummiringar frå lastebildekk har den svingute nedturen på snøen gjeve litt av ein opptur for humøret til både den eine og andre.

– Ein gong var me fire vaksne på éin ring. Det var ikkje godt for den som låg nederst …, seier Sarke Veum med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ektemannen Terje Optjernsberget som byggjer opp moroa i den 50 meter lange nedoverbakken med fem svingar. Ideen om bob-bane kom då det låg ein stor haug med snø ved tunet. Så kom tanken om å få til nokon svingar der, og dermed blei det sving på ein fritidsaktivitet som blir bygd opp att vinter etter vinter.

Vere glad i å spa

Optjernsberget har ikkje tal på kor mange timar han brukar på å laget til bob-banen, eit arbeid der han også får hjelp av eigne barn til å spa og spa.

– Ein må vere glad i å måke snø og gjere noko bra ut av han. Då blir vinteren morosam, seier «produsenten».

Han får elles litt hjelp av traktoren til svogeren for å frese snø inn på området for bob-banen.

– Er det derfor du brukar så lang tid på brøytinga, har Optjernsberget fått høyre av svogeren med eit smil.

Testpilotar fyrst

Det er viktig at banen har rett dosering og er bygd opp slik at ein, for det meste i alle fall, kan sleppe ein luftig tur over kanten og lande i snøen utanfor. Skulle det likevel skje, er det ein del av moroa det også.

Byggherren treng ikkje ha kram snø for å få bakken til å sette seg.

– Viss du spar og flyttar snøen blir han hard. Når alt ser klart ut køyrer me fyrst testpilotar for å sjå om dei held seg innafor og med tanke på å få ein perfekt bane, seier Optjernsberget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bob-banen ligg mot nord like ved bustadhuset, og på sørsida er det ein akebakke på over 300 meter. Nyleg var Roan 4H, som nå har 34 medlemer og er den største klubben av sitt slag i Telemark, på Oppigard Veum for den årlege moroa på snøen der.

– Dette er gøy, seier Agnes Pettersen etter fyrste turen i bob-banen.

– Det er mest moro i svingane, seier Malin Aamlid om turen der dei to femteklassingane rann saman.

– Kjempemoro, er sjetteklassingane Tor Håkon Høyland og Ask Valseth samde om, i det dei kjem opp att i tunet med gummiringen.

– Eg synest også det er moro, seier Optjernsberget om å bruke banen.

Så fortset han:

– Ein må gjere noko bra ut av ting, kose seg med det ein kan – det sosiale familien får saman og også i lag me andre. Kven som helst kan bruke bob-banen. Det er viktig å lære barna at underhaldning ikkje bare er på ein skjerm. Gje folk ein dose friskluft, og det kan dei få rett utanfor huset vårt.