Brann- og redningsmannskap frå Vest- og Midt-Telemark blei kursa av Roy Ekornrud frå Toyota-skulen.
Brann- og redningsmannskap frå Vest- og Midt-Telemark blei kursa av Roy Ekornrud frå Toyota-skulen.

Oppdaterte seg på hybridbilar

Brann og ulykker med hybridbilar gjev nye utfordringar for redningsmannskapa.

Hybridbilane brukar både forbrenningsmotor og elektrisk motor som kraftkjelde. Normalt vekslar bilen på å nytte motorane. Den elektriske motoren blir driven av batteri som blir lada når forbrenningsmotoren går, eller det blir bremsa. Nye hybridbilar kan frakte 40 000 volt. Brannvesenet må vite kvar ting er plassert og kva dei skal gjera for å bryte straumen.

– Stadig utvikling gjer at me heile tida må oppdatere oss. Det er viktig at mannskapet føler seg trygge, seier brannmeister Tore Metveit i Vest-Telemark brannvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Roy Ekornrud frå Toyota-skulen var i Seljord for å kurse kring 60 brannmenn frå Vest-Telemark om hybridbilane sist veke.

– Det var ikkje fullt så farleg som me trudde, konkluderer Metveit etter kurset.

Han seier det er viktig for brannmannskap i heile regionen å møtest på slike samlingar.

– Det er greitt å bli kjende og ikkje bure seg inne. Me lærer også av kvarandre, seier han.

Terje Nordstoga, dagleg leiar ved Funnemark i Seljord, seier salet av hybridbilar er aukande, også i Vest-Telemark.

– Me har selt meir enn 100 hybridbilar sidan dei kom på marknaden, men det er fyrst dei siste åra me har selt mange, seier dagleg leiar på Funnemark i Seljord, Terje Nordstoga.

Per 1. september hadde det rulla ut 24 hybridbilar frå butikken i Seljord i år. Toyota har Prius, Auris og Yaris som hybridbilar.