22 deltakarar er med på eit halvårsstudium som kvalifiserer dei til å drive med antikvarisk bygningsvern. Riksantikvaren set krav til kvalifisert kompetanse – derfor er det tilbod om bygningsvernstudie. Her er kursgjengen i Eidsborg ved Stålekleivloftet frå 1167, eldste registrerte ikkjekyrkjelege trehus i Noreg. Framme er bygningsvernansvarleg Trond Arild Pedersen ved Vest-Telemark museum.
22 deltakarar er med på eit halvårsstudium som kvalifiserer dei til å drive med antikvarisk bygningsvern. Riksantikvaren set krav til kvalifisert kompetanse – derfor er det tilbod om bygningsvernstudie. Her er kursgjengen i Eidsborg ved Stålekleivloftet frå 1167, eldste registrerte ikkjekyrkjelege trehus i Noreg. Framme er bygningsvernansvarleg Trond Arild Pedersen ved Vest-Telemark museum.

Opparbeider bygningsvernkompetanse på fritida

– For Telemark er det svært viktig med bygningsvernstudie, seier direktør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark museum. I helga har museet hatt 22 handverkarar frå heile landet som studerer for å bli endå betre på bygningsvern.

Fagskolen Innlandet er nå i gang med fjerde kullet av halvårsstudiet innan bygningsvern. Utdanninga er delt på eitt år, og inneheld mellom anna oppgåver delt på 11 helgesamlingar og 16 kveldsundervisingsøkter via nett. Ei slik løysing gjer at deltakarane kan ha full jobb i tillegg.

Tidlegare har studiet vore på Røros og Gjøvik, men denne sesongen er også Vest-Telemark museum i Eidsborg i Tokke lærestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har jobba ganske lenge for å få bygningsvernstudie her, seier Dag Rorgemoen.

– Med studiet skal me heve kompetansen til bygningsfolk slik at dei gjer gode tilstandsvurderingar inkludert fotodokumentasjon før restaureringa startar, og gjere gode vurderingar under arbeidet og etter at det er ferdig. Eit bygningsvernstudie er viktig for å auke kompetansen til dei som gjer jobben og for å ivareta objekta på ein så rett måte som mogleg. Det er litt for tilfeldig det som skjer i faget rundt omkring i landet i dag, noko som har ført til ein del uopprettelege skadar under restaurering og bygningsvernarbeid, seier Morten Arnesen ved Fagskolen Innlandet.

Han legg til at når deltakarane er ferdige med kurset, vil det kunne utløyse midlar frå Riksantikvaren ved arbeid på freda bygg.

Litt bakpå i bygningsvern

– Me jobbar nå med å utvide studiet med ytterlegare eit halvt år. Me håpar på større interesse og ei søkjarmasse slik at ein kan ha to kull neste år, seier Arnesen, som gjerne hadde sett at til dømes nokon frå Setesdal hadde vore med i årets kull.

Bygningsvernansvarleg ved Vest-Telemark museum, Trond Arild Pedersen, er ein av dei 22 deltakarane i det fjerde kullet.

– Det blir strengare krav for å kunne drive med bygningsvern, ved søknader til kulturminnefondet og for å gjennomføre restaurering. Eg er glad for å ha fått bygningsvernstudiet her, for Vest-Telemark har vore litt bakpå i bygningsvern, seier Pedersen.

Lærar for dei 22 studiedeltakarane, der dei fleste er tømrarar, er Håvar Aabol frå Valdres. Han har vore på museet i Eidsborg ved eit par tidlegare høve, og var derfor kjent med lokalitetane.

– Gjengen eg har på studiet er ufatteleg greie, kunnskapsrike og positive, seier Aabol nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig kompetanse

I tillegg til at bygningsvernstudiet blir styrt frå Fagskolen Innlandet, bidreg folk frå Vest-Telemark museum og andre ressurspersonar som smeden Øivind Klausen frå Fyresdal.

– For Telemark, som har stor og viktig bygningsarv, er det veldig viktig med kompetanse innan bygningsvern. Av alle landets mellomalderhus ligg 60 prosent av dei i fylket vårt. I tillegg er det mange gamle bygningar knytt til bondekulturen. Etter at bygningsvernstudiet blei flytta hit, har talet på studentar auka, seier Rorgemoen.

Vidt fagområde

Bygningsvern er eit fagområde som spenner vidt: Vern, bygningsfysikk, tradisjonelle materiale og bygningskonstruksjonar. Kunnskapar på desse felta er stadig meir etterspurd, og studiet er svært relevant for tømrar-, murar-, blikkenslagar-, trevare- og bygginnreiingsfaget.

Bygningsvernstudiet omfattar mellom anna bygningshistorie og stilretningar, vurdering av skadar og dokumentasjon, materialkunnskap, vernefilosofi, lover og forskrifter og klima- og miljøfaktorar, i tillegg til metodar og teknikkar for rehabiliteringsarbeid.

 

Kjelde: Fagskolen Innlandet