Det er framleis ikkje selt ei einaste tomt på Furutoppen i Tømmeråsen i Seljord. No opnar politikarane i Seljord for større tomter. (Arkiv
Det er framleis ikkje selt ei einaste tomt på Furutoppen i Tømmeråsen i Seljord. No opnar politikarane i Seljord for større tomter. (Arkiv

Opnar for større tomter i Tømmeråsen

Meir enn fire år etter den fyrste fristen for å søkje på tomtene i det nye bustadfeltet i Tømmeråsen i Seljord gjekk ut, er det framleis ikkje selt ei einaste tomt. No opnar kommunen for større tomter for å få fortgang i salet.

Bakgrunnen for at planutvalet i sist møte endra på prinsippa er ein søknad frå Hanne Sommerfelt som har søkt kommunen om å få kjøpe to tomter for å etablere ein bustad. Kommunen har også tidlegare fått slike søknader, men seinast i fjor slo politikarane fast at det berre blir opna for sal av to tomter til eitt bustadhus i eldre kommunale bustadfelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sommerfelt argumenterer med at det ikkje er selt ei einaste tomt i bustadfeltet, og spør om ikkje bustadfeltet no er å sjå på som «eldre».

Politikarane har tidlegare vist til den bustadpolitiske planen der det kjem fram at ein skal vera restriktiv til nye store bustader i sentrumsområda.

Rådmannen ville ikkje gje politikarane råd i saka, og bad utvalet sjølve diskutere prinsippa. I vedtaket frå planutvalet heiter det: «Plan, miljø og teknisk utval opnar for dispensasjon av regulerte tomtegrenser i Tømmeråsen felt 3, men mål om å oppnå større attraktivitet på sal. Utvalet legg vidare som prinsipp ein frist på 3 månader for å effektuere tomtekjøpet.»

Det er med dette også gjeve kortare frist til å bestemme seg. Tidlegare kunne ein tinge ei tomt i eitt år. Dette blei gjort om til seks månader i fjor, og til tre månader i sist utvalsmøte.