Denne jacquardveven har kome frå Laurdal Uldspinderi. – Sundag kan publikum ta han nærare i augesyn, seier museumsarbeidarane Anne Gundersen (t.v.), May Britt Lundevall, Gøran Moen og Tilman Hartenstein.
Denne jacquardveven har kome frå Laurdal Uldspinderi. – Sundag kan publikum ta han nærare i augesyn, seier museumsarbeidarane Anne Gundersen (t.v.), May Britt Lundevall, Gøran Moen og Tilman Hartenstein.

Opnar dørene til nye opplevingar

Sundag er det sesongstart på Vest-Telemark museum (VTM) i Eidsborg. Fotografi av gamle falleferdige bygningar, unikt trearbeid, Laurdal Uldspinderi og Olaf O. Rogndal er, saman med Rui-jentene, stikkord for det ein kan oppleve.

– Øystein Morten, tidlegare tilsett ved VTM, har, saman med fotograf Pål Hermansen, gjeve ut ei ny bok der han og fotografen tek føre seg gamla gardar som står og forfell. Fotografia og historiene knytt til dei er henta frå heile landet. Nokre av fotografia har me forstørra og tapetsera veggane med, og det er både fascinerande, overveldande og litt trist å sjå forfallet. Samstundes er det unike fotografi, seier formidlingsansvarleg, Tilman Hartenstein.

Boka heiter «Forfall, gardane me forlét», og ho er til sals på museet i Eidsborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me bur i eit land med mange gamle bygningar, og som det for mange betyr mykje å ta vare på. Bureisingstida kom i eit forsøk på å vere alternativ til utvandringa til Amerika, men plasseringa av bygningane i denne tida gjorde at det sjeldan blei berekraftige bruk ut av det, forklarer Hartenstein.

Jentene frå Rui

Gunn Marit Sanden frå Vrådal stiller ut teikningar der Rui-jentene er tema, og i mai skal det også vere framsyning av eit teaterstykke som handlar om nettopp Rui-jentene.

– Rui-jentene er kjend for dei fleste i Vest-Telemark, og me gler oss både til utstillinga og teaterstykket, smiler kontormedarbeidar Anne Gundersen.

I samband med fotoboka «Forfall, gardane me forlét» av Øystein Morten og Pål Hermansen, er nokon av fotografia forstørra og brukt som veggtapet.
I samband med fotoboka «Forfall, gardane me forlét» av Øystein Morten og Pål Hermansen, er nokon av fotografia forstørra og brukt som veggtapet.
Dette trekruset er laga av Halvor Teigen, ein av dei ypparste treskjerarane i landet på 1800-talet. Det er i år 200 år sidan han blei fødd.
Dette trekruset er laga av Halvor Teigen, ein av dei ypparste treskjerarane i landet på 1800-talet. Det er i år 200 år sidan han blei fødd.

Spinneriet

Laurdal Uldspinderi var i drift frå 1891 til 1975. På det meste var det arbeidsplass for om lag 50 tilsette.

– Me har samla noko utstyr frå spinneriet, men det er fyrst neste år at me vil ha ei meir detaljert utstilling om dette industrieventyret. I dag har me eit par vevar på plass, mellom anna ein jacquardvev med holkort, seier Hartenstein.

Flogvit

Olaf O. Rogndal (1853-1932) i Lårdal var det ein må kalle flogvit. Han var mellom anna både oppfinnar og veterinær.

– Han var sjølvlært i engelsk og latin, og han var også sjølvlært lege, tannlege og veterinær, smiler Hartenstein.

Vest-Telemark museum har fått det private arkivet etter Rogndal, og det går tydeleg fram at han hadde mange jern i elden, og at han til og med hadde sysla med planar om å lage ein «perpetuum mobile», altså ei tidsmaskin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han klarte sjølvsagt ikkje det. Men han tok i 1886 patent på ein kondensator til tobakkspiper som skulle filtrere ut dei skadeleg stoffa. Elles var han ein kjend fotograf i Lårdal også, og ikkje minst bygde han sitt eige kraftverk lenge før nokon andre, forklarer formidlingsansvarleg.

Ypparleg treskjerarkunst

I ein av montrane i museet står det mellom anna eit umåteleg vakkert utskore trekrus. Det er eitt av arbeida til den særs dyktige treskjeraren Halvor Teigen som blei fødd på Rauland i 1818.

– Det er i år 200 år sidan Teigen blei fødd, og han blei omtala som ein av dei aller dyktigaste treskjerarane i Øvre Telemark. Han var også litt myteomspunnen, mest fordi kvaliteten på arbeidet var unikt, og at det meste er usignert, forklarer administrerande direktør i VTM, Dag Rorgemoen. 

Han fortel at Teigen starta som rosemålar, men at han etter kvart bytta til treskjering. I 1850 blei han henta til Kristiania av Edmund de Connick, opphavleg nederlendar, saman med andre dyktige treskjerarar, for å arbeide i verkstaden til de Connick.

– I 1851 blei noko av arbeidet til Teigen sendt til verdsutstillinga i London. Det seier noko om kvaliteten på arbeidet hans, og han bidrog også på fleire verdsutstillingar, fortel Rorgemoen.

Museet har teke føre seg tre generasjonar treskjerarar, og i tillegg til Halvor Teigen, er også arbeid av sonen, Asbjørn Hylland, og nevøen, Øyvind Brauti, med på utstillinga.

– Det meste av trearbeidet i utstillinga er lånt oss av private eigarar, og me har berre møtt velvilje på spørsmål om me kunne låne gjenstandane. Både eigarane og me ynskjer å finne ut meir om arbeida, avsluttar Rorgemoen.