Solveig Hovda og Eli Sætherdal frå Staten Vegvesen sin strategistab i Arendal var onsdag i Bø og la fram planane for E 134 og riksveg 36 i eit 30-års perspektiv.
Solveig Hovda og Eli Sætherdal frå Staten Vegvesen sin strategistab i Arendal var onsdag i Bø og la fram planane for E 134 og riksveg 36 i eit 30-års perspektiv.

Ny Haukelifjelltunnel billigare enn vøling

Vegvesenet konsekvensutgreier no ny tunnel på E 134 over Haukelifjell. Dei har rekna ut at ein 30 kilometer lang tunnel frå fylkesgrensa mellom Telemark og Hordaland fram til Seljestad blir billegare enn å vøle dei gamle tunnelane. 4,2 meter køyrehøgde meiner Vegvesenet ikkje er framtidsretta. I tillegg skal vegbreidda vere minst 7,5 meter i dei nye krava. Tunnelen Gvammen-Århus ligg fast, og Vegvesenet vil ikkje ha E 134 om Gvarv og Bø. Det blir ikkje ny vegtrasé sør for Vinjevatn. Eksisterande trase frå Åmot til Vinjesvingen vil bli rusta opp. På eit vegmøte i Bø onsdag blei ekspressveg frå Hjartdal til Grungedal kalla urealistisk.

Det er i samband med at planen for utbygging av stamvegnettet nå skal bli rullert, at Statens Vegvesen ser på E 134 og riksveg 36 i eit 30-års perspektiv. I samband med dette arbeidet ynskjer ein lokale innspel.

Solveig Hovda og Eli Sætherdal frå Statens Vegvesen region sør sin strategistab i Arendal orienterte på eit vegmøte i Bø onsdag om planane vegstyresmaktene har for dei to stamvegane gjennom Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styrande for planlegginga er trafikken målt i tal køyrety i middel per døgn gjennom året. På riksveg 36 frå Bø til Seljord og på E 134 frå Ørvella til Ølen er den såkalla årsdøgntrafikken i dag under 3500 køyrety. Det vil seie at desse strekningane vil bli rusta opp til det Vegvesenet kallar brukbar standard. I eit 30-års perspektiv legg planleggjarane til grunn ei trafikkauke på 40 prosent.

– Med det trafikkgrunnlaget me i dag har på desse strekningane og den auken ein kan sjå for seg, tyder at riksveg 36 frå Bø til Seljord, og E 134 frå Ørvella til Ølen kjem til å fylgje dagens trasè. Nokre unntak vil bli gjort for E 134 gjennom Vest-Telemark og over fjellet til Seljestad, fortalte Solveig Hovda.

Århus-Gvammen ligg fast

Ho kunne fortelje at Vegvesenet ikkje kjem til å ta opp att spørsmålet om traseen for E 134 i framtida skal bli lagt om Gvarv og Bø. Dei arbeider ut frå at tunnelen frå Gvammen i Hjartdal til Århus i Seljord blir bygt. Elles inneber planane å utbetre og vedlikehalde betre eksisterande veg framfor å byggje nytt.

– Trafikken på desse vegstrekningane er så låg at me ikkje ser bompengar som ei tenleg finansiering. Innteningspotensialet er for lite når årsdøgntrafikken er mindre enn 5.000 køyrety, men Stortinget har ikkje utelukka at bompengar kan bli brukt også til vegar med mindre trafikk, fortalte Hovda.

Vegvesenet sin representant poengterte for møtelyden at utan lokalt samhald er det vanskeleg å få til omfattande vegprosjekt.

Hovda røpa elles at Vegvesenet ikkje vil gå inn for den såkalla ekspressvegen gjennom Vest-Telemark frå Hjartdal til Grungedal. Ho grunngav det med at dei ikkje stolar på trafikktala aksjonsgruppa legg på bordet, og at prosjektet fører med seg heilt uakseptable inngrep i naturen.

Breidde og svingar

Minst 7,5 meter vegbreidde og utretting av alle kurver som har ein radius på mindre enn 150 meter, er eit krav Vegvesenet sett til vegar som skal ha brukbar standard. No er om lag 30 prosent av E 134 og 40 prosent av riksveg 36 under denne standarden. I tillegg er kostnadene ved å halde vegen over Haukelifjell open om vinteren dyrast av alle høgfjellstrekningane mellom aust og vest.

På E 134 frå Ørvella til Ølen fører tunnelen Århus-Gvammen til at traseen blir lagt utanom Flatdal og dei vanskelege Nutheimsbakkane. Tunnelen vil koste meir enn 600 millionar kroner og ligg alt inne i Nasjonal Transportplan (NTP).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne tunnelen er eit politisk vedtak på Stortinget som Vegvesenet arbeider ut frå, påpeikte Hovda til dei av møtelyden som kalla tunnelen ein skandale og talte varmt for at E 134 må gå om Gvarv og Bø.

Frå Århus til Åmot varsla Vegvesenet sine representantar at det berre kjem punktvise utbetringar for å auke vegbreidda og kurvane opp til standard for brukbar veg.

Ikkje sør for Vinjevatn

– På strekninga frå Åmot til Haukeligrend er det trong for omfattande utbetringar. Framlegget om ny E 134 sør for Vinjevatn er ikkje aktuelt. Til det er trafikken for liten, og våre mellombelse reknestykke syner at heilt ny veg frå Åmot til Vinjesvingen, kostar mykje meir enn å gjere store tiltak på eksisterande vegtrasè. Frå Haukeligrend og vidare vestover er E 134 bra om ein ser bort frå tunnelane, meinte Hovda.

Dei to planleggjarane jobbar i eit 30-års perspektiv, og gjorde det klart at sjølv om tunnelhøgda over Haukelifjell no blir utvida til 4,2 meter, er dette ikkje nokon framtidsretta løysing. Dessutan er vegbreidda for smal til å stette krava om minimum 7,5 meter.

Ny Haukelitunnel

– Over fjellet arbeider me no med ein heilt ny veglinje i ein 30 kilometer lang tunnel frå Haukelitunnelen til Seljestad. Planarbeidet har tatt til og prosjektet skal no bli konsekvensutgreidd. Her vil me sjå på ulike alternativ. Ein ny tunnel gjer at ein slepp den bratte opp- og nedstiginga på båe sider av Røldal. Dessutan syner tala våre at det kostar meir å ruste opp dei noverande tunnelane til brukbar standard enn kva prislappen blir på ein ny tunnel over Haukelifjell, opplyste Solveig Hovda.

Ho ville ikkje gå inn i noko ordskifte om Hardangerbrua og riksveg 7 over Hardangervidda. Solveig Hovda sa likevel at Vegdirektoratet alt har sett i gang eit arbeid der ein ser på alle fjellovergangane mellom Austlandet og Vestlandet. Siktemålet er å konkludere med kva strekningar ein skal satse på som heilårs stamveg i framtida.