No er Fyresdal godkjent som «trafikksikker kommune»

Fyresdal er det femte kommunen i fylket som er godkjent som «trafikksikker kommune».

Trygg Trafikk hadde godkjenningsmøte med leiinga i Fyresdal kommune på kommunehuset torsdag. Etter det formelle møtet underheldt barn frå Fyresdal barnehage med song. Deretter kunne ordførar Erik Skjervagen motta ein sjekk frå Telemark fylkeskommune, overrekt av nestleiar i samferdsutvalet i fylkeskommunen, Birger Hovden (Ap). Ketil Kiland fekk det synlege beviset – skilt – frå Tor Egil Syvertsen i Trygg Trafikk. Skilta skal henge på kommunehuset, skulen og barnehagen.

Fylkeskommunen har eit mål om at alle kommunane skal vera godkjente som trafikksikre innan 2025.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å lukkast med arbeidet i kommunane er det avgjerande at ansvaret er godt forankra i kommunanes administrative og politiske leiing, seier Syvertsen.

Han legg til at kommunane har eit stort ansvar som arbeidsgjevar, vegeigar, barnehage- og skoleeigar, kjøpar av transporttenester, og ansvarleg for innbyggjaranes helse og trivsel.

For å bli godkjent må det leverast dokumentasjon på at alle kommunens sektorar har innarbeidd nødvendig retningsliner og instruksar i trafikktryggleiksplanar. Fyresdal kommune har levert dokumentasjon på at alle kriterier er oppfylt, og nå startar arbeidet med å implementere planverket i kommunen.

– Godkjenninga som «trafikksikker kommune» betyr ikkje at kommunens utfordringar langs vegnettet er løyst, eller at det ikkje vil skje trafikkulykker i Fyresdal, men godkjenninga er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilskapleg arbeid med trafikktryggleik i alle sektorane i kommunen, seier Syvertsen.

John Kjell Lien har vore prosjektkoordinator for kommunen i planprosessen.