Etter at Natalie Eidem Skipar og Kjersti Straand Olsen såg fjernsynsprogrammet «Planet plast» på skulen starta dei å plukke søppel i heimbygda. – Me har funne alt frå sjokoladepapir, plastposar og vinflasker til gamalt rusta skrap, seier 11-åringane som vonar mange blir med på «Operasjon søppel».
Etter at Natalie Eidem Skipar og Kjersti Straand Olsen såg fjernsynsprogrammet «Planet plast» på skulen starta dei å plukke søppel i heimbygda. – Me har funne alt frå sjokoladepapir, plastposar og vinflasker til gamalt rusta skrap, seier 11-åringane som vonar mange blir med på «Operasjon søppel».

Natalie og Kjersti startar søppeldugnad

5. klassingane Natalie Eidheim Skipar og Kjersti Straand Olsen frå Vrådal er uroa for alt søppelet dei finn i naturen. Neste veke held dei aksjonen «Operasjon søppel» i heimbygda. – Verda kjem til å gå under dersom alle held fram med å kaste søppel som i dag, seier jentene.

– Sjå der ligg det mykje skrot, fram med søppelsekken, høyrer me frå grøftekanten øvst i eitt av bustadfelta i Vrådal. 

11-åringane Natalie Eidheim Skipar og Kjersti Straand Olsen er sjokkerte over kor mykje søppel og skrot ein finn langs vegar og i naturen. Neste torsdag inviterer dei store og små til «Operasjon søppel» i Vrådal. 

Artikkelen held fram under annonsen.

(Saka held fram under videoen)

Engasjert av program

Kjersti og Natalie fortel at det var på skulen interessa for søppelplukking blei vekt. 

– Me såg eit program som heiter «Planet plast» saman med klassa vår. Der lærte me at om me ikkje skjerpar oss vil havet ha meir plast enn fisk i 2050. Det går ikkje an, meiner 5. klassingane som dagen etter starta å plukke søppel og skrot i nærmiljøet.

Kjersti Straand Olsen finn ein berepose merka med plast. – Den har truleg falle av søppelbilen. Nå skal me levere han med plastavfallet, seier ho.
Kjersti Straand Olsen finn ein berepose merka med plast. – Den har truleg falle av søppelbilen. Nå skal me levere han med plastavfallet, seier ho.
Natalie Eidheim Skipar og Kjersti Straand Olsen tar på seg eingongshanskar og plukkar all søppel dei finn langs vegen. – Når me kjem heim sorterer me søppelet, seier jentene.
Natalie Eidheim Skipar og Kjersti Straand Olsen tar på seg eingongshanskar og plukkar all søppel dei finn langs vegen. – Når me kjem heim sorterer me søppelet, seier jentene.
Inne i skogen har jentene funne mykje gamalt rusta skrot.
Inne i skogen har jentene funne mykje gamalt rusta skrot.

– Det gjekk opp eit ljos for oss. Me fekk sjå kor ille det faktisk er. Det ligg søppel rundt oss overalt, seier jentene engasjerte. 

Søppelkveldar

Nå har dei faste kveldar der dei plukkar søppel. Både avfall som er kasta nyleg og gamalt skrot som er heva i naturen for lenge sidan. 

– Folk må vere meir smarte og ikkje kaste søppel i naturen. Ved bustadfeltet rydda me heile bekken fri for søppel – me fylte ein berepose altså – men få dagar seinare fann me meir søppel i bekken att, fortel jentene. 

11-åringane er litt overraska over alt dei finn når dei plukkar søppel. Både parfymeflasker, presenningar, godteripapir, ølflasker, potetgullposar, ljospærer og mykje rusta metall har mellom anna dukka opp. 

– Me skulle ynskje at folk blei flinkare til å sortere og kaste søppelet sitt rett, seier jentene. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Søppelsteinen

Me fylgjer dei to jentene med dei blå eingongshanskane ut på søppelplukketur. Det er vårlukt i lufta og blåveisen har starta å kikke fram mellom gamalt brunt lauv. På vegen finn me ein samanknytt plastpose, den er merka med plast. 

– Den er kanskje ikkje kasta her med vilje, den kan ha falle ut av søppelbilen. Me ryddar han uansett, seier Kjersti. 

Jentene ruslar vidare innover ein skogsveg.

– Nå kjem me snart til steinen, eller søppelsteinen som me kallar han, fortel Natalie. 

– Me har samla ein heil pose med glasbrot der tidlegare, og mykje gamalt metallskrap. Tenk om dyr trør i glasbrota. Det er mykje å rydde før me blir ferdige der, seier Kjersti. 

– Hiv pengar ut glaset

Jentene undrar seg over alt dei finn. Folk kastar så mykje rart, både når dei er ute på tur og når dei køyrer bil. 

– Langs vegane kan ein sjå både sjokoladepapir og tomflasker. Tenk at dei hiv pengar rett ut av glaset. Flasker kan ein pante, seier Kjersti oppgjeven. 

– Kva tenker de om folk som kastar søppel i naturen? 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur ikkje dei tenker. Dei tenker ikkje at det finst dyr som et alt dei finn. Til dømes måker – om dei et plast så døyr dei. Det er ille altså, seier Natalie. 

– Tenk på dei dyra som døyr fordi menneske kastar søppel i naturen. Det var kanskje derfor me hadde ekstra lyst til å vere med på dette. Og verda kjem til å gå under dersom alle held fram med å kaste søppel slik dei gjer i dag, er jentene samde om. 

Vil ha med fleire

I samband med at NRK skal ha med heile Noreg til å plukke søppel torsdag 3. mai, vart 11-åringane inspirerte til å lage sitt eige arrangement i heimbygda. 

– Kom til Vrådal på «Operasjon søppel» torsdag kveld. Me møtest ved klubbhuset før me deler i grupper slik at alle kan vere med å plukke søppel på ulike stadar i bygda vår, seier jentene. 

– Me håpar det kjem mange, seier søppelplukkarane.

Og om ein ikkje bur i nærleiken, er likevel oppmodinga til jentene klar: Dei vil at alle skal bli flinkare til å sortere søpla si, tenke meir på resirkulering og gjenbruk og bli med å rydde nærområdet sitt fritt for søppel. 

Lærte mykje av å sjå «Planet plast»

Fjernsynsserien dei to 11-åringane har blitt inspirerte og henta kunnskap frå er NRK-programmet «Planet plast» leia av Line Elvsåshagen. 

I den firedelte serien snakkar ho om kva plast og mikroplast er, og om kva skade dei små plastbitane som dukkar opp på havbotn, i dyr og kanskje til og med i menneske, kan gjere. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikroplast er vanleg plast som blir delt opp til bitte små, nesten usynlege plastbitar på under 5 millimeter. Ifylgje fjernsynsserien på NRK slepp me i Noreg ut 10 000 tonn mikroplast i året, noko som er like mykje som vekta til 25 passasjerfly. 

I «Planet plast» får ein innblikk i kven det er som kastar plasten som hamnar i havet, det blir snakka om det er mogleg å leve plastfritt, og kva mikroplast eigentleg er. 

Elvsåshagen ser også på ulike kjelder til mikroplast, og tar mellom anna turen innom ein kunstgrasbane i eitt av programma. Her forklarar ho at det i dag finst 1666 kunstgrasbanar i Noreg, og desse er fylt med tonnevis av gummibitar laga av oppkverna bildekk. Kvar fotballbane har mange tonn gummigranulat, og i løpet av sesongen må ein fylle på med meir granulat sidan det forsvinn mykje ved at folk får det på seg eller i samband med vedlikehald av banen. Elvsåshaugen konkluderer med at ein kunstgrasbane på eit vis lekk mikroplast ut i naturen og havet.

I den fjerde og siste delen av programmet, som kjem fyrstkomande måndag kveld, vil Elvsåshagen gjerne få med fleire til å rydde opp i alt søppelet som ein finn overalt.

NRK har skipa ein landsomfattande ryddedugnad der alle er inviterte til å bli med på «Heile Noreg ryddar» 3. mai. Mottoet til aksjonen er: Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt, melder NRK på heimesida.  

– Om alle nordmenn hadde plukka opp ein plastbit kvar dag, så hadde me fjerna fem millionar plastbitar frå bakken kvar dag, er mellom anna oppmodinga til Line Elvsåshaugen. 

Her kan du sjå «Planet plast»