Meir enn 100 personar frå politi, ambulansetenesta og frivillige var med i helgas øving i Tuddal.
Meir enn 100 personar frå politi, ambulansetenesta og frivillige var med i helgas øving i Tuddal.

Når skredalarmen går tel kvart minutt

I helga var meir enn 100 personar frå Røde Kors, politiet og ambulansetenesta samla i Tuddal for å øve på effektiv livredning i skred.

Det var åttande året det blei invitert til øvingshelga Tuddal Triage. Målet er å gje frivillige og redningsetatane høve til å øve på samhandling, melder Telemark Røde Kors.

Når skredalarmen går tel kvart minutt. Alt etter 45 minuttar søkk sjansen for å overleve dramatisk.  

Artikkelen held fram under annonsen.

– For oss er søk i skred noko av det aller viktigaste å øve på, nettopp fordi det hastar så veldig om me skal ha sjanse til å redde liv. Det er også ein type hendingar der alle instansar er involverte – frivillige, ambulanse og politi – derfor er det ein unik sjanse til å øve på samarbeid mellom dei ulike etatane, seier Jarle Bjørge Øverland, leiar i Telemark Røde Kors hjelpekorps i ei pressemelding.

Har med «akuttsekk»

Nærmare 40 snøskutarar frå Røde Kors var operative i øvingshelga som Hjartdal Røde Kors står bak. Politiet deltok med mannskap, hundar og helikopter. Ambulansetenesta stilte med bilar og personell.

Knut Inge Skoland frå Seljord er ambulansesjef. Han seier Tuddal Triage i år var spesielt viktig for ambulansetenesta. Vanleg praksis er at dei frivillige tek seg av innsatsen utanfor veg og transporterer den skadde med snøskuter til ein ventande ambulanse. Denne gongen var målet at ambulansepersonell ville vera klare til å bistå med ein gong pasienten blei grave fram.

- Politiet er veldig godt fornøgd med samarbeidet me har med dei frivillige, og ynskjer derfor å engasjere oss i Tuddal Triage som dei siste åra har blitt ein viktig arena for å trene samhandling i vinterfjellet, seier innsatsleiar Bjørn Olav Eilefstjønn frå Seljord.
- Politiet er veldig godt fornøgd med samarbeidet me har med dei frivillige, og ynskjer derfor å engasjere oss i Tuddal Triage som dei siste åra har blitt ein viktig arena for å trene samhandling i vinterfjellet, seier innsatsleiar Bjørn Olav Eilefstjønn frå Seljord.
- Det som er bra med å vera her er at me gjer mykje spennande og me lærer å redde liv, seier Karsten Nieuwenhuize frå Flatdal.
- Det som er bra med å vera her er at me gjer mykje spennande og me lærer å redde liv, seier Karsten Nieuwenhuize frå Flatdal.
Søren Therkildsen og Ulrik Undahl er rettleiarar i RØFF (Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv) Seljord.
Søren Therkildsen og Ulrik Undahl er rettleiarar i RØFF (Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv) Seljord.

– Nyare forsking har vist at sjansen for å overleve aukar kraftig om me som ambulansepersonell kjem inn på eit tidlegare tidspunkt. Ofte er skadane til ein person ramma av skred såpass alvorlege at det er behov for oss alt når dei blir funne, seier Skoland.

Ambulansepersonellet hadde med seg ein «akuttsekk» med mellom anna ein hjartestartar og anna livreddande utstyr. Sjølve transporten til skredområdet, er det frivillige som tok seg av.

Uvurderlege frivillige

Når eit skred blir utløyst er det politiet som har ansvaret for å leie aksjonen og som sender ut utkalling til dei ulike etatane og frivillige mannskap. Bjørn Olav Eilefstjønn frå Seljord er innsatsleiar i Sør-Aust politidistrikt, Telemark. Han seier rolla til dei frivillige er heilt uvurderleg.

– Skred er litt som ei drukning. Ting er veldig akutt når det fyrst skjer. Derfor er det heilt avgjerande med eit system som fungerer. Politiet er veldig godt fornøgd med samarbeidet me har med dei frivillige, og ynskjer derfor å engasjere oss i Tuddal Triage som dei siste åra har blitt ein viktig arena for å trene samhandling i vinterfjellet. Me som oppdragsgjevar får utretta lite utan dei frivillige, seier Eilefstjønn.

Han var svært fornøgd med årets øving.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kunne ikkje fått betre vêr. Det har gjeve oss høve til å øve på alle moment me kan kome utfor med alt frå helikoptersøk til ambulanse, lavinehundar og frivillige leitemannskap, oppsummerer innsatsleiaren.

Med på øvinga i helga var også representantar frå Raudekrossen i Skopje i Makedonia. Dei var med som obersvatørar.

Ungdomstilbod

Sjølve øvinga for vaksne i hjelpekorpset, politi og ambulanseteneste starta klokka 04.30 laurdag morgon. Klokka 12 gjekk alarmen for den store skredøvinga der mellom anna Sea King-helikopter, lavinehundar og politihelikopter deltok.

Det blei også arrangert skredøving for RØFF (Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv), som er eit tilbod til ungdom. I tillegg til å øve på søk i skred fekk dei vera med på sin aller fyrste tur i Sea King-helikopter. Blant dei unge var Karsten Nieuwenhuize frå Flatdal.

– Å køyre Sea King-helikopter var heilt sjukt. Eg elskar RØFF. Det som er bra med å vera her er at me gjer mykje spennande og me lærer å redde liv, seier han.

Søren Therkildsen og Ulrik Undahl er rettleiarar i RØFF Seljord.

– RØFF-ungdommen har eit flott sosialt samhald og ungdommen likar at me gjer ting skikkeleg og stiller krav. Me kan tulle og flire, men er seriøse når det gjeld, seier dei.