Ei lovendring frå 1. juli gjer at ein sørlending likevel får godkjent prisen på 10,8 millionar som han må betale for ein stor eigedom i Nedre Birtedalen i Fyresdal. Planen framover er å drive skogen og leige ut jakt. (Arkivfoto)
Ei lovendring frå 1. juli gjer at ein sørlending likevel får godkjent prisen på 10,8 millionar som han må betale for ein stor eigedom i Nedre Birtedalen i Fyresdal. Planen framover er å drive skogen og leige ut jakt. (Arkivfoto)

Nå er prisen på 10,8 millionar grei

Ein sørlending fekk sist vinter nei frå politikarane i Fyresdal og Fylkesmannen på å overta ein eigedom fordi prisen var for høg. Ei lovendring frå 1. juli i år gjer at kjøpesummen på 10,8 millionar kroner nå er godkjent.

Før jol 2016 avslo hovudutval for plan og miljø i Fyresdal å gje Are Skindlo på Tromøy løyve (konsesjon) til å overta Berge 19/3 og 19/6. Årsaka til avslaget var at kjøpesummen på 10,8 millionar kroner ikkje var i tråd med ei samfunnsforsvarleg prisutvikling. Høgste pris som kommuneadministrasjonen og lokalpolitikarane kunne godkjenne var 7,5 millionar kroner.

Ei klage til Fylkesmannen førde ikkje fram, og Skindlo fekk frist til 1. oktober i år med å avhende eigedomen, som er på 17 031 dekar fordelt på tre teigar og ligg i Nedre Birtedalen ved Nesvatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med verknad frå 1. juli i år kom det endringar i konsesjonslovverket. Nå skal reine skogeigedomar utan bygningar ikkje lengre prisregulerast. Om det er bebygd eigedom må jordbruksarealet vere over 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord for at ervervet skal prisregulerast.

Berge har 22 dekar definert som innmarksbeite, og er bebygd med eit dårleg våningshus og gamal dårleg løe, og hytte bygd i 1973. Dermed skal det ikkje vere prisregulering på ervervet. Det gjorde at hovudval for plan og miljø i sist møte i haust måtte seie ja til ny søknad frå Skindlo om konsesjon til ein pris av 10,8 millionar kroner. Det blir ikkje kravd buplikt på det straumlause bruket.

Skindlo eig fleire eigedomar med større skogareal. Han vil bruke skog- og utmarkseigedomen Berge til drift av skogen og jaktutleige. Vidare skal han vurdere å rehabilitere bygga på eigedomen.

Det er 28 festetomter på Berge, eigedomen som blir selt frå Sigrid Windsnes sitt dødsbu.