Kraftig vassføring i Lakshølfossen i Seljord tysdag. Sjølv om vatnet no har minka kan ein vente ein auke att når nedbørsfeltet råkar Vest-Telemark natt til torsdag.
Kraftig vassføring i Lakshølfossen i Seljord tysdag. Sjølv om vatnet no har minka kan ein vente ein auke att når nedbørsfeltet råkar Vest-Telemark natt til torsdag.

Meir regn i natt

Sjølv om vatnet er på retur i dag, kjem det tilbake i natt. Mellom 20 til 40 millimeter trur statsmetrolog John Smits.

Statsmetrolog ved Metrologisk institutt i Oslo, John Smits, kunne onsdag fortelje at sjølv om vasstanden er på retur, vil nye nedbørsmengder natt til torsdag føre til auka vassføring att i Vest-Telemark.

– Det er venta meir nedbør natt til torsdag og frå morgonen same dag. Det nedbørsfeltet kjem sørfrå og ein kan rekne med mellom 20 til 40 millimeter. Og det vil regne meir sørlege stader i området dykkar. Det kjem meir regn i Seljord enn det gjer i Vågslid, seier Smiths.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om det ikkje regnar så mykje i dag, rekk det ikkje å tørke opp innan det nye nedbørsfeltet råkar Vest-Telemark.

Om vasstanden blir like høg eller høgare enn på tysdag er vanskeleg å seie, men ein må ta høgde for stor vassføring.

– Ein må vera obs på at dei bekkane som gjekk ned i dag vil ta seg opp att. Så dei som hadde problem på tysdag må vera påpasselege torsdag. Og dei som var på grensa ved sist flaum må fylgje med. Det er alltid nokre usikre faktorar når det gjeld vatn. No kan det til dømes vera stikkrenner og bekkefar som er tetta av rusk og rask etter sist flaum, og det kan føre til vatnet tek andre vegar. Lyspunktet er at nedbøren vil minke utover dagen torsdag, og mot helga vil det vera tørt vêr, seier Smiths.

Sjå vassmengdene i Seljord og Flatdal tysdag.

Då vatnet tok over bladstoga i Kviteseid måtte staben evakuerast med traktor. Sjå Video: