Dagleg leiar hos Svea Fireworks, Anders Sture, håpar innbyggjarane i Vest-Telemark brukar sine sedvanlege 755.000 kroner på fyrverkeri, trass pinnerakett-forbodet.
Dagleg leiar hos Svea Fireworks, Anders Sture, håpar innbyggjarane i Vest-Telemark brukar sine sedvanlege 755.000 kroner på fyrverkeri, trass pinnerakett-forbodet.

Me set lunte på 750.000 kroner

Sjølv om pinnerakettane blir forbodne, så satsar fyrverkeribransjen på god utteljing gjennom effektbatteri. I så fall skal innbyggjarane i Vest-Telemark setje lunte på over 750.000 kroner.

– Det er vanskeleg å seie om forbodet av rakettar vil gi svikt i omsetninga. Vi håpar sjølvsagt ikkje det. Men det er ikkje godt å slå fast noko no, seier Anders Sture, dagleg leiar i Svea Fireworks.

Krut mot media

Varsellampane blinkar no før årets totalomsetning skal sikrast. Så sterkt lyser lampane i media at Sture kjenner seg litt makteslaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg må få lov å seie at journalistar ikkje alltid er like flinke. Stadig vekk les vi om forbod mot fyrverkeri. Men det er jo ikkje riktig. Det er like lovleg å selje fyrverkeri no som før. Berre pinnerakettar og fyrverkeri som liknar leiketøy er forbode. Det er noko ganske anna. Bakkefyrverkeri er lov, men media veit visst ikkje kva det er, poengterer Sture.

– I eit nyhendeinnslag på TV fekk vi sjå nordmenn som hamstra pinnerakettar i Sverige. Så seier reporteren at ein kan få 7.000 kroner i bot om politiet ser oppskyting av fyrverkeriet, samtidig som dei viser bilete av nokon som skyt opp eit effektbatteri. Slike bommertar skremmer bort kundar, meiner Sture.

– Ein spesiell sesong

Sture sit også i Norsk Pyroteknisk Bransjeråd (NPB), og er dermed svært opptekne av å ivaretake bransjens interesser.

– Årets sesong er svært spesiell. Det har vore mykje rart. Folk lurer på kva vi skal drive med no som vi ikkje lenger kan selje fyrverkeri. Men eg håper det ikkje blir så ille som mange fryktar. Faktisk trur eg det blir like god omsetning i år som i fjor, seier han.

– Alltid nokon som kjøper

Det betyr i så fall at nordmenn kjøper fyrverkeri for 250 millionar kroner. Dette talet er stabilt nesten kvart år. Finanskrise vil ikkje øydeleggje, trur Sture.

– Då tsunamien fekk folk til å rope om at det ikkje burde kjøpast fyrverkeri, sokk salet med 20 prosent. Men det vil alltid vere ein stor del av befolkninga som likevel vil vere så begeistra for fyrverkeri at dei kjøper likevel. Slik blir det nok no også. Dessutan kjem jo rentekuttet veldig høveleg for bransjen vår, seier han.

– Ikkje mykje

Det blir svidd av 250 millionar kroner på onsdag.

– Det er ikkje mykje med 250 millionar kroner, når vi tenkjer på kva nordmenn bruker elles i julemånaden, seier Sture.

Artikkelen held fram under annonsen.

I følgje Statistisk sentralbyrå bruker det norske folk nesten 44 milliardar kroner på detaljhandel i desember.

Dersom vi meiner at folk frå Vest-Telemark er like glade i fyrverkeri som resten av befolkninga, blir det fyrt opp smellkrut for 755.000 kroner i regionen vår på onsdag.

– Det er 53 kronar per innbyggjar. Så veldig mykje synest eg ikkje det er, eigentleg.

Dei største batteria har eitt kilo med krut, og røyrdiameter på fem cm. For slike monster må du ut med meir enn 53 kroner, for å seie det slik.

– Batteri med eitt kilo krut får du frå 500 kroner og opp til 2.000 kroner, fortel Sture.

Transportkostnader aukar prisen

Dei som synest fyrverkeri er dyrt nok frå før, vil få seg ein liten smekk i snopebutikken i år.

– Fyrverkeriet kjem dessverre til å vere rundt 15 prosent dyrare i år. Men det skuldast heilt andre ting enn forbodet. Transport av ein container med fyrverkeri kostar i år 150.000 kroner, medan me i fjor betalte 30.000 kroner. Transportkostnadene har auka med 500 prosent, og dette må vi hente inn igjen, seier Sture.

– Men salet av bakkefyrverkeriet har gått jamt og trutt oppover sidan det blei innført i 1997. I fjor var 60 prosent av alt fyrverkeri slike effektbatteri. Så det var dominerande alt då, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er bakkefyrverkeriet tryggare enn pinnerakettane?

– Det er nok lettare å treffe målet med eit batteri som står solid på bakken. Pinnerakettar kan lettare kome ut av kurs, så ja, det er tryggare, meiner eg.

Fyrverkeri

- I Han-dynastiet (206-220 f. Kr) blei kinaputtar laga ved å varme opp bambus til han sprakk med ein kraftig lyd. Dette for å skremme bort vonde ånder. Seinare blei dei brukte for å be om hell og lukke.

- Det fyrste fyrverkeriet blei laga av kinesarane i år 581 e. Kr.

- Kom til Europa på 1300-talet.

- Dei største tradisjonelle fyrverkeridagane i verda er nyttårseftan, Bonfire night i Storbritannia og sjølvstendedagen i USA.

- Dei fleste land har sterke innskrenkingar i sal av fyrverkeri. I Noreg er det tillate å selje fyrverkeri frå 27. til 31. desember.

- I Belgia er det tillate å kjøpe fyrverkeri heile året.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I fjor blei 2.800 tonn fyrverkeri innførde til Noreg.

- Innanfor Ring 2 i Oslo er det no totalforbod mot oppskyting av fyrverkeri.

- Rundt 200 personar må ha legehjelp kvart år på grunn av brann- og eksplosjonsskadar etter bruk av fyrverkeri.

- To av tre skadde er menn

Kjelde: Wikipedia/NPB

Trygg oppskyting

- La dei som er edru ta seg av oppskytinga.

- Sjekk at fyrverkeriet er uskadd.

- Les bruksrettleiinga og førebu oppskytinga på førehand.

- Pass på at fyrverkeriet står stødig.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ver forsiktig med open flamme. Bruk helst tennstav, sigarettglo e.l.

- Tenn lunta mens du sit på huk og gå raskt på avstand frå oppskytinga.

- Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent.

- Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner på fyrste forsøk.