– No er det på tide å få gjort noko med den elendige vegstandarden i Tokke, seier styret i Skafså trim- og grendelag. Atle Kåsa (t.v.), Mona Skafså, Frode Bjerke, Unn Breivik og Solveig Oppebøen.
– No er det på tide å få gjort noko med den elendige vegstandarden i Tokke, seier styret i Skafså trim- og grendelag. Atle Kåsa (t.v.), Mona Skafså, Frode Bjerke, Unn Breivik og Solveig Oppebøen.

– Me har vel dei dårlegaste vegane i landet

Det seier styret i Skafså trim- og grendelag, og etterlyser større engasjement frå det politiske miljøet i Tokke.

– For å vera heilt ærleg så kan eg aldri hugse at me har hatt gode vegar i Tokke. Somme stader er vegane rett nok mindre dårlege enn andre, men eg trur ikkje det er andre kommunar som totalt sett har så dårleg vegstandard som me har i Tokke, seier styremedlem i laget, Atle Kåsa.

Viktig for etablering

Han er særs tydeleg på at utan gode vegar blir det vanskeleg å etablere næringsverksemd i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom nokon kunne tenkje seg å etablere seg på Dalen er eg viss på at dei snur før dei kjem så langt. Det spelar inga rolle om dei kjem vegen frå Vinje, Høydalsmo eller Åmdals Verk. Det er like elendig standard alle stader, seier han.

Råkar hyttebygginga

Frode Bjerke er næringsdrivande og han drive ein dør- og vindaugefabrikk på Dalen. Han ser utfordringane, og han meiner den elendige vegstandraden også betyr noko for hytteutbygginga på Hallbjønnsekken.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at eg må pakke både dørar og vindauge ekstra godt for at dei skal tole medfarten dei får under transport. Likevel er eg vel så oppteken av at aktivitetsnivået på Hallbjønnsekken, når det kjem til hyttebygging, er særs låg. Eg er ikkje eit sekund i tvil om at betre vegar vil føre til mykje større utbygging i området, seier han.

Vegen mellom Åmot og Dalen, fylkesveg 38, er i dårleg forfatning. Kommunestyret i Vinje har bede om midlar til strekninga, og politikarane i Tokke er venta å gjere det same i det komande formannskapsmøte.
Vegen mellom Åmot og Dalen, fylkesveg 38, er i dårleg forfatning. Kommunestyret i Vinje har bede om midlar til strekninga, og politikarane i Tokke er venta å gjere det same i det komande formannskapsmøte.

– Eg er samd med han i at det burde vere mogleg å få mange fleire til å byggje hytter på Skafsåheii. Etter kvart har det blitt slik at folk helst ikkje vil bruke meir enn to-tre timar i bil før dei er på hytta. Set me passarspissen på Hallbjønnsekken og tenkjer oss ein radius på 20 mil eller så, bør det vere ein stor marknad for potensielle hyttebyggjarar – viss berre vegen blir betre, legg Kåsa til.

Sentralt

Bjerke meiner også at Dalen og Tokke ligg gunstig til med tanke på at det er omtrent like langt til Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand.

– Slik sett meiner eg Dalen og Tokke er svært sentralt, og at det burde vore praktisk for mange butikkjeder å til dømes etablere sentrallager her. Men sjølvsagt under føresetnad av at ein får utbetre tilkomstvegane, eller i alle fall ein av dei, meiner Bjerke.

Samtlege i styret er samde om at vegstandarden er dårleg i Tokke, og at han har blitt vesentleg dårlegare dei siste åra.

– Tidlegare har det blitt skilta på stader der telehiven har vore som verst, men eg har ikkje sett slik skilting denne våren, seier styremedlem Solveig Oppebøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho pendlar dagleg mellom Skafså og Dalen, og er lei lappverket som ofte er løysinga på vegane i området.

– Dei må slutte å lappe bit for bit her og der, og heller gjere ein skikkeleg jobb over ei lengre sttrekning. Det blir aldri bra på denne måten, seier ho.

Urolege

Dei meiner også at dei dårlege vegane gjev grunn til uro for busetjinga og arbeidsplassane i kommunen.

– Ein god infrastruktur ligg i botn for det aller meste og særleg busetjing, pendling og etablering. Eg sit med ei kjensle av at Tokke er på hælane når det kjem til å be om pengar til vegar. Det kjennest i alle fall slik ut, og eg oppfattar at til dømes Vinje er mykje raskare på ballen i slike saker, seier Kåsa.

Tunge lass

Han peikar også på at det tidlegare stod knuse- og blandeverk på Åmdals Verk og i Skreosen. Svært mange lass med asfalt blei transportert frå desse verka og opp til Grungedal og på den nye E134-traseen.

– Det vil seie at vegen har blitt utsett for svært høg belastning, og etter mitt syn burde politikarane vore på banen og forlanga eit vedlikehald etter at alle dei tonna har pressa vegane våre i fillebitar. Det er også stor aktivitet på tømmertransport om dagen, og det tek også knekken på vegar med dårleg grunnarbeid og manglande toppdekke, seier Atle Kåsa.

Oppmodar politikarane

Styret i trim- og grendelaget er klar over at det er ein hard kamp om vegmidlane, men dei bed likevel lokalpolitikarane om å jobbe hardare i saka.

– Me ynskjer at det vert teke tak i dette, og me ser gjerne at ein vel seg ut ei vegstrekning i byrjinga. Det må gjerne vere vegen frå grensa til Vinje og til Krossli, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lite til Vest-Telemark

Formannskapet i Tokke skal neste veke handsame Areal- og transportplanen (ATP) for Telemark for 2019-2022. I planen, som er på høyring til kommunane, kjem det fram at Vest-Telemark berre får 7,8 prosent – 56 millionar - av totalramma på 780,5 millionar kroner til fylket.

– Det er sjølvsagt alt for lite, og me er slett ikkje fornøgd med det. Det står vel heller ikkje i stil med tanke på at me har minst 25 prosent av vegnettet i fylket. Me ser at Bypakke Grenland reiser med brorparten av dei fylkeskommunale midlane. Vegstandarden vår er elendig, og eg ser føre meg at det kan vere aktuelt å prøve å få til samarbeidspakker i Vest-Telemark også. Det er ikkje tvil om at vegane våre er for dårlege. Dette kjem til å bli viktig for heile regionen å jobbe med framover, kommenterer Tokke-ordførar, Jarand Felland (Sp). 

 

Brei semje om lite vegpengar

Kommunestyret i Vinje var samde om at investeringane på fylkesvegane i Vest-Telemark var for dårlege.

Børge Skårdal (V) kom med framlegg om å oppmode Telemark Fylkeskommune til å ta ei ny totalvurdering av prioriteringane og finne meir pengar til vegbygging i Vest-Telemark.

 Perioden frå 2019-2022 gjev distriktet særs dårleg utteljing, der ein er tilgodesett med om lag sju prosent av den samla investeringa.

– Vinje kommunestyre vil spesielt peike på behovet for tiltak på fylkesveg 38 mellom Åmot og Dalen, og bed om at det blir sett av midlar til å starte på dette arbeidet seinast i 2021, heiter det i framlegget.

Ole Kristian Nyhus (H) kom også med eit framlegg om å få fylkesveg 854 frå Hylland til Øyfjell inn i planen.