– Her inspiserer eg motorrommet, utan å ha særleg peiling på kva eg ser etter … seier Guro Storrusten, som no er på veg retning Mongolia.
– Her inspiserer eg motorrommet, utan å ha særleg peiling på kva eg ser etter … seier Guro Storrusten, som no er på veg retning Mongolia.

«Me er ikkje akkurat mekanikarar nokon av oss, men ein kjem langt med gaffateip og strips»

Då Guro Storrusten gjekk ut døra i Flatdal onsdag visste ho ikkje kor lenge ho blir borte. Fyrst skal ho tilbringe dei to neste månadene i ein liten Skoda med Mongolia som mål. Deretter blir vegen til undervegs.

24-åringen frå Flatdal er glad i å gjera noko litt utanom det vanlege. Det er ikkje mange åra sidan ho reiste rundt i delar av Asia og Afrika i sju månadar. Dei siste fire åra har ho arbeidd i Forsvaret. Men no har sersjanten permisjon i eitt år. For å reise meir. Fyrste stopp er Mongolia.

Eller – det blir nok mange stopp på vegen dit, men forhåpentlegvis av dei meir planlagde stoppane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er ikkje akkurat mekanikarar nokon av oss, men ein kjem langt med gaffateip og strips, seier Storrusten med eit smil.

Ingen naudknapp

VTB treffer henne på telefon medan ho pakkar og gjer seg klar for eit verkeleg eventyr. No er tre venninner på veg mot England der startskotet i helga går for årets utgåve av Mongol Rally.

– Men er de trygge på at det går bra?

Britina Kjuul Danielsen og Anne Marte Sørskogen Stovner, begge frå Nittedal, utgjer saman med Guro Storrusten ein trio som har meldt seg på Mongol Rally.
Britina Kjuul Danielsen og Anne Marte Sørskogen Stovner, begge frå Nittedal, utgjer saman med Guro Storrusten ein trio som har meldt seg på Mongol Rally.

– Nei, det er me absolutt ikkje.

Seier Guro og ler.

– Det er ingen naudknapp å trykke på. Skjer det noko med bilen undervegs må me finne ein lokal helt til å hjelpe oss, forklarar ho.

– Kva slags påfunn er dette?

– Det var på tide å finne på noko sprell, seier Storrusten med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho blei kjent med Anne Marte Sørskogen Stovner då ho var i Afrika for nokre år sidan. Då dei møttest til ein kaffikopp etter å ikkje ha sett kvarandre på ei stund, blei ideen om Mongol Raally fødd. Anne Martes venninne Britina Kjuul Danielsen ville også vera med på turen.

– Dette blir heilt sjukt rått! trur Guro.

Tre reglar

Det er tre enkle reglar for å vera med i Mongol Rally: Ein må ha eit lite, enkelt køyretøy. Ein må klare seg åleine, og ein må samle inn 10 000 kroner til eit velgjerande føremål. Arrangørane har i år bestemt at det skal samlast inn pengar til Cool Earth – ein organisasjon som samarbeider med landsbyar for å stanse øydeleggingane av regnskogen.

I tillegg vil Guro og venninnene samle inn pengar til Flyktinghjelpen.  

– Dette er aktuelt og eit veldig viktig arbeid å støtte. Folk sit i trygge Noreg og klagar på alle flyktningane som kjem hit – folk som faktisk verkeleg treng hjelp, seier Guro, og legg til at det er mogleg å gje pengar både via Facebook-sida deira (Rally Mongol 2017 – Team Wanderlost), Vipps eller på nettsida Spleis.

Dekorerte bilen

Namnet wanderlost forklarar dei sjølve på heimesida si.

– Namnet er inspirert av ordetwanderlust, som kan omsetjast til vandrelyst, er eit sterkt ønske eller impuls til å reise og oppleve verda – og i og med at me saman har meldt oss på eit eventyr der me eigentleg er garantert å rote oss bort, oppstod namnet Team Wanderlost.

Førebuingane har vore mange. Det har vore mykje administrasjon. Ikkje minst har det vore ein stor jobb med å skaffe seg visum til dei ulike landa. Og køyretøy sjølvsagt. Ein liten Skoda Fabia – ei rånetralle på 1,2 liter frå 2005, blei handla inn til turen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me måtte gjera noko med han – kunne ikkje køyre til Mongolia i ein grå Skoda. Så då gav me ein som kunne tagge frie tøyler til å dekorere. No har bilen i alle fall sjarm, smiler Storrusten.

Dei ser for seg 5–6 timar i bilen om dagen, og vil prøve å unngå å køyre om natta. Totalt skal dei leggje bak seg 16 000 kilometer gjennom fjellkjeder, ørken og steppelandskap.

– Vegen blir litt til medan me køyrer. Det er fort nokon stader me ynskjer å vera litt lenger. Eg har lite inntrykk av dei mange stan-landa, så dette blir veldig spennande, seier ho.

– Me har ikkje noko mål om å kome raskast mogleg fram. Målstreken er open i to veker. Tanken er at den som kjem sist har opplevd mest, legg ho til.

Reiser vidare

– Kva gjer de med bilen når de kjem fram?

– Det veit eg ikkje heilt. Det er mogleg å få frakta han heim med tog. Andre alternativ er å vraka han eller gje han bort til nokon som har bruk for han.

Ho har fått permisjon utan løn frå Forsvaret i eitt år. For å ut å reise. Etter målgang i Mongolia veit ho ikkje kva som skjer. Men det blir i alle fall ein tur til Sri Lanka og Nepal. Kanskje blir det India, Afrika og USA på langs. Og innimellom kan hende må ho arbeide litt for å få råd til den neste flybilletten.

– Mamma og pappa støttar meg, men mamma hadde nok helst sett at eg kunne gje henne ein bestemt dato for når eg kjem heim. Men eg veit ikkje når det blir, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange stressar så med å «bli vaksne». Eg er ikkje heilt klar. Det er så mykje å oppleve og å lære av andre kulturar, seier ho.