Signe Eikhom og Fred Ove Tellefsen (framme), Gunhild Eikhom (t.v.), Tellef Espestøyl og Tora Bjørg Austenå meiner kommunen må forstå kven som eig grunnen under tømmerrenna. Alle fem seier nei til at renna blir gangveg til Jettegrytene.
Signe Eikhom og Fred Ove Tellefsen (framme), Gunhild Eikhom (t.v.), Tellef Espestøyl og Tora Bjørg Austenå meiner kommunen må forstå kven som eig grunnen under tømmerrenna. Alle fem seier nei til at renna blir gangveg til Jettegrytene.

«Me bad om at saka blei lagt bort – så køyrer kommunen bare vidare»

Kven som eig grunnen der tømmerrenna til Jettegrytene står er blitt advokatmat for den eine og den andre – og dei kjem til ulike konklusjonar. Rådmannen ynskjer at renna skal bli gangbane til turistattraksjonen.

Rådmannen i Nissedal tilrår politikarane å seie ja til at kommunen overtek tømmerrenna ved Dynjanfoss frå Agder energi til ein pris på 1,4 millionar kroner. Føresetnadene er at lovverket tillét overtakinga, og at det blir gjeve bruksendring etter plan- og bygningslova.

Agder energi ynskjer primært å rive renna, som på grunn av dårleg stand har vore stengt for ferdsel sidan 2004. Agder energi vil gje kommunen 800 000 kroner ved eventuell overtaking, ein sum selskapet meiner det vil koste å rive anlegget. Rådmannen meiner summen må opp i 1,4 millionar, og har elles fått advokat til å vurdere innhaldet i eit skjønn frå 1952. Advokaten svara at grunneigaren i si tid fekk 2500 kroner ein gong for alle for å avstå grunn til tømmerrenne, og då inneber det at Agder energi eig grunnen og fritt kan selje den.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruksrett

Dagens grunneigar i tømmerrenneområdet, Signe Eikhom, er heilt usamd og meiner det er ho som eig grunnen under renna.

– Eg måtte kontakte advokat for å få kommunen til å forstå kven som eig grunnen renna står på. Men det nytta ikkje likevel. Kommunen tek seg til rette på min eigedom, og då ser eg meg nøydd til å halde fram med å ha advokat. Ein stakkars grunneigar må kjempe for sin rett, seier Eikhom.

Advokaten til Eikhom konkluderer med at Agder energi sikra seg bruksrett til grunnen, men ikkje ein eigedomsrett. Dette stør Tellef Espestøyl, ein av grunneigarane ovanfor der det ved slutten av dagens renne ved Jettegrytene blei rive på same renna som gjekk frå Hønetjønn.

– Den gongen var det aldri snakk om at Agder energi eigde grunnen. På grunnen der tømmerrenna ligg nå er det ikkje eige gards- og bruksnummer som seier at selskapet er eigaren. I saka rådmannen legg fram nå er det ikkje nemnt at grunnen er bare servituttar – det vil seie at selskapet bare har ein bruksrett, dei eig ikkje noko. Det er som ein linjetrasé, seier Espestøyl.

Noko anna dei meiner tilseier at grunnen høyrer til Eikhom, er prisen på 2500 kroner den gongen som ikkje tilsvarar meir enn prisen for tømmeret som blei tatt ut for å få på plass renna

Skalkeskjul

Tellef Espestøyl og sambuar Tora Bjørg Austenå, Signe Eikhom og sambuar Fred Ove Tellefsen og innbyggjar Gunhild Eikhom reagerer kraftig på kommunens handtering av denne saka.

– Me føler oss overkøyrde og har ikkje blitt tatt med på konkrete møte om tømmerrenna eller sakleg rådføring. Me bad tidlegare om at saka blei lagt bort, så køyrer kommunen bare vidare. Kommunen seier elles at det er god dialog med grunneigarane om Jettegrytene. Der er ikkje dialog! Då kommunestyret i vår hadde sak om å auke bompengesatsen sa rådmannen at det nokre timar føre hadde vore eit sabla godt møte med grunneigarane. Det var ikkje eit sabla godt møte, er dei fem samde om.

Dei meiner det er fleire feil i sakshandsaminga til rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er avkorta setningar som er til fordel for kommunen. Vidare er det feil rundt det med vedlikehald og rydding og tøming av søppel ved Jettegrytene. Det står ikkje noko om at kommunen får 10 kroner av kvar bilavgift som blir betalt for å køyre den åtte kilometer lange private grusvegen frå Dynjanfoss.

Gunhild Eikhom reagerer på noko anna kommunen kjem med:

– Det er eit skalkeskjul av kommunen å kalle tømmerrenna eit kulturminne. Saka handlar bare om å få fleire folk til Jettegrytene. Det er grusvegen dei skal bruke for å kome dit!

Har vore rause

Elles blir det minna om at kommunen må ta inn over seg at heile området ved tømmerrenna og Jettegrytene, og den åtte kilometer lange grusvegen til badeperla er i privat eige.

– Det er ikkje ein menneskerett at dette område skal vere ope. Me kunne stengt vegen med bom, men grunneigarane og veglaget har vore rause i 20 år og sleppt inn badegjestene. Me har tapt mykje på vegen med all køyringa, 3500 bilar på halvannan månad. Ein annan ting er at kommunen og verksemder ikkje spør oss når dei reklamerer for Jettegrytene.

Grunneigar Eikhom sa ja til at kommunen kunne opparbeide parkeringsplass for dei som i si tid ville gå renna då ho var open for ferdsel. Eikhom har ikkje fått godtgjering for etableringa ho meiner er eit anna døme på at ein har vore raus.

Må bevise

Elles minner dei fem om at området ved Jettegrytene er eit regulert vassdrag, og er ikkje utan risiko om det blir sleppt vatn. Om folk får høve til å gå renna til badeområdet, er det ikkje nemnt nokon kontroll som skal stoppe dei når Jettegrytene blir stengt for folk.

– Har me grunneigarane eit ansvar om noko galt skjer då, undrar dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag skal formannskapet diskutere saka om overtaking av renna. Oppmodinga frå dei fem som vil ha bort renna, er at politikarane på førehand les gjennom alle dokument i saka.

Me har spurd Signe Eikhom om ho går til retten om politikarane vedtek tilrådinga til rådmannen?

– Grunnen under renna er min. Om ikkje, må kommunen bevise noko anna gjennom ei rettssak, stadfestar Eikhom.

Rådmannen veit ikkje kven som er eigar

Nissedalrådmann Sverre Sæter seier han i handsaminga har prøva å vere objektiv og sakleg, og inntrykket hans er at dialogen med grunneigarane har vore god.

– Men me er veldig ueinige, seier rådmannen.

– Grunneigarane treng ikkje vere redde for at det dei meiner ikkje skal kome fram til politikarane, legg han til.

Om kommunestyret snart seier ja til tilrådinga frå rådmannen, påpeikar han at dei juridiske flokane må ordnast opp i før det skjer noko meir. Sæter viser til føresetnaden i tilrådinga om at lovverket må tillate ei overtaking.

– Kven meiner du eig grunnen der tømmerrenna står?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det veit eg ikkje. Tre ulike advokatar har sagt sitt, og eg klarer ikkje å sjå kva som er fakta, svarar rådmannen.

– Har du nemnt for Agder energi at kommunen ynskjer 1,4 millionar kroner for å overta renna?

– Agder energi ynskjer fyrst ei prinsippavgjerd i kommunestyret, så kunne me snakke om prisen, svarar Sæter.