MDG – eit miljø- og solidaritetsparti!

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er eit solidaritetsparti både i høve til menneske og til natur og held fana høgt for menneskerettane og dei eldre sine rettar.

Dei eldre fortener å bli høyrd og bli teke omsyn til i alle poltiske saker og beslutningar som vedkjem dei på ein eller annan måte. Dette må me ta oss tid og rå til, som motyting for det samfunnet dei har bygd opp for den generasjonen som lever i dag i tryggleik og velstand takka vera deira tidlegare innsats for land og folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg er politisk vald som medlem i Eldrerådet i Kviteseid kommune i inneverande peiode, og er innstillt på å tale dei eldres sak vidare frametter i politrikken og samfunnslivet, fordi eg er kandidat i eit parti som tek menneskeverd og miljø, som me alle er avhengige av, på alvor.

Som Telemarks truleg eldste toppkandidat på kommunevallista i Kviteseid for landets nyaste og minste parti, eit parti i sterk framgang, ser eg ingen motsetnad i å vera dei eldste sin talsperson samtidig som eg også talar barna, dei unge og foreldregenerasjonens sak. Som bestefar er eg oppteken av at me leverar buet frå forbrukarog velstandsgenerasjonen til etterkomarane våre på ein anstendig og god måte, slik at det framleis er ressursar å hauste av også for dei. rsar å hauste av også for dei.Jon Ingebretsen, leiar i Vest-Telemark MDG, 1. kand. Kviteseid MDG, 3. kand. Telemark MDG