Småskulebygget har fått tilbygg i båe endane, og såg slik ut sist torsdag. Truleg må elevane frå 1.–4. klasse og lærarane vente til vinterferien er over før undervisingslokala blir opna for bruk.
Småskulebygget har fått tilbygg i båe endane, og såg slik ut sist torsdag. Truleg må elevane frå 1.–4. klasse og lærarane vente til vinterferien er over før undervisingslokala blir opna for bruk.

Må utsetje skuleopning

Det blir likevel ikkje slik at elevane i 1.–4. klasse i Treungen skal tilbake til småskulebygget frå nyttår.

Firmaet som fekk oppdraget på småskulen skulle eigentleg vere ferdig før nyttår, slik at elevane kunne kome tilbake i bygningsmassen når skulen starta att i januar. Nå viser det seg at arbeidet med bygget er forsinka, og kanskje kan elevane og lærarane ikkje ta i bruk dei nye undervisingslokala før vinterferien er over.

Teknisk eining i Nissedal kommune opplyser at det i utgangspunktet var ein stram framdriftsplan for byggjeprosjektet. Så viste det seg at ein måtte omprosjektere tak-konstruksjonen, noko som enda med at firmaet måtte søkje kommunen om lengre byggjetid. Sjølve bygningsarbeidet på småskulen er venta ferdig i midten av desember, og då står det att arbeid som til dømes innan det elektriske.