– Me har fleire stader i kommunen som treng pengar. Eg håpar næringsarealet i Høydalsmo er klart innan eg gjev meg i politikken, sa Knut Kristian Vadder (Sp).
– Me har fleire stader i kommunen som treng pengar. Eg håpar næringsarealet i Høydalsmo er klart innan eg gjev meg i politikken, sa Knut Kristian Vadder (Sp).

Løyvde nye millionar til næringsareal

I tysdagens kommunestyremøte sa politikarane i Tokke ja til ei tilleggsløyving på 3,5 millionar kroner pluss moms til å ferdigstille næringsarealet i Høydalsmo.

– Me fekk gratis tilkøyrd steinmasse av Vegvesenet, og det var eit godt tilbod. Likevel er det ikkje alltid slik at ting går som planlagd. Omlegginga av VA-nett og EL-anlegg var heilt nødvendig, og det var naturleg å utvide arealet for døgnkvileplass samstundes. Me ser at me har behov for ei tilleggsløyving på 3,5 millionar kroner pluss moms for å gjere alt ferdig, og det inkluderer også flytting av vegen. Mykje av dette ser det ut til at me kan få attende frå Statens vegvesen, sa plan-, næring- og teknisk sjef, Gunhild Austjord. 

Stipuleringsbom

Ifylgje rådmann John Kleiv, er det kanskje snakk om ein refusjon på 1,4 millionar kroner frå Vegvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Austjord fortalde at dei hadde stipulert kostnader som var tre gonger lågare enn anbodstilboda som hadde kome inn.

– Me har fått inn fire anbod, og eg vil ikkje tru at det kan bli snakk om fleire tilleggsløyvingar. Me har ein pågåande diskusjon om kva type etableringar me ynskjer i Høydalsmo, og det har meldt seg nokre interessentar. Men det er viktig for oss å seie at me primært ikkje ynskjer lagerbygningar eller lagerplassar på området. Me ser helst at det blir næringsaktivitet som kan skape arbeidsplassar, sa rådmannen. 

Positive politikarar

Thor Arne Heggtveit (Sp) meinte det var mykje positivt på gang i Høydalsmo om dagen, og han rosa administrasjonen for ein god jobb.

– Det er ein komplisert jobb og mange aktørar er involvert, så det er ikkje rart at det kostar. Eg trur dette blir ei god løysing, sa han.

Hilde Alice Vågslid (Ap) var også positiv til aktiviteten i Høydalsmo. Men samstundes var ho oppteken av å sikre seg mot fleire uføresette tilleggsløyvingar.

– Eg håpar at dette blir bra, men det har etter kvart blitt brukt ganske mange millionar kroner der oppe. Me må vere sikre på at det ikkje kjem fleire saker som dette, og det har, etter mitt syn, vore ein del tull med folk som har trekt seg, og prosjekt som det ikkje ser ut til å bli noko av, sa ho.

Ti millionar kroner

Det er estimert at kommunen så langt har brukt om lag ti millionar kroner på å klargjere tomter til næringsareal ved bensinstasjonen i Høydalsmo. Tokke-senteret var tenkt etablert i området av Rodney Omdal Karlsen, men etter at han ikkje har halde oppsette tidsfristar, er arealet no tilgjengeleg for andre interessentar.

– Har ordføraren eller andre høyrt meir frå Karlsen, ville Vågslid vite.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, ikkje etter førre kommunestyremøte, svara ordførar Jarand Felland (Sp).

– Høydalsmo særleg prioritert

Knut Kristian Vadder frå Senterpartiet gav uttrykk for at kommunen også har andre stader i kommunen å bruke pengar på.

– Høydalsmo rullar vidare ser eg. Eg håpar det kjem noko ut av satsinga der før eg gjev meg i politikken. Me har sagt både A, B og C i saka, og truleg har me brukt opp heile alfabetet før me er ferdige. Det er andre stader i kommunen som også har behov for midlar, og eg synest ærlig talt at Høydalsmo har fått særleg prioritering lenge nok, sa han.

Kommunestyret gjekk samrøystes inn for tilleggsløyvinga. Det er venta at næringsarealet vil vere ferdig opparbeidd sommaren 2019.

– Kristeleg Folkeparti og Arbeidarpartiet går for dette, men det er ikkje triveleg med slike tilleggsløyvingar, sa Vågslid.