Opposisjonsleiar Henry Mæland (Sp).
Opposisjonsleiar Henry Mæland (Sp).

Lova rådmannen fri bustad utan politisk ryggdekning

Administrasjonsutvalet ber no kontrollutvalet sjå om ordførar Halfdan Haugan (Ap) gjekk utover fullmaktene sine, slik utvalet har "grunn til å tru", i forhandlingane med Finn-Arild Bystrøm om jobben som ny rådmann.

Den ferske Seljord-rådmannen pendlar mellom heimplassen Rjukan og Seljord. I fredagens møte i administrasjonsutvalet var Finn-Arild Bystrøm klar på at signal frå ordføraren om leilegheit til fri disposisjon var blant det som gjorde at han til slutt takka ja til tilbodet om å bli ny rådmann i Seljord kommune. Men i fullmakta frå administrasjonsutvalet til ordføraren var det ikkje gjeve noko signal om at bustad var ein del av pakka. Den frie leilegheita hadde verken nokon i utvalet eller administrasjon høyrd om før Bystrøm gjorde kommunen merksam på semja i eit følgjeskriv til den signerte avtala i månadsskiftet august/september.

Personalsjef Ingeborg Nenseter Jensen gjorde i fredagens møte greie for at ho fleire gonger hadde prøva å få avklart saka med ordførar, utan å lukkast. Sidan 1. desember har rådmannen disponert ein kommunal turnusbustad som stod ledig. Då husleigekontrakten kom på bordet, var kven som skulle betale leiga igjen tema.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har heile tida vore to versjonar, uttala Jensen.

Tek sjølvkritikk

– Essensen i saka er om det er avtala at fri bustad skal vera med eller ikkje, sa Henry Mæland (Sp).

– Han (Bystrøm) har vore klar på det i kommunikasjonen. Det har ikkje eg. Eg har sagt at «me må finne ei løysing». Det er der eg tek sjølvkritikk. Dette skulle vore løyst og rydda opp mykje tidlegare. Dette er ein keisam situasjon, spesielt for Finn-Arild som ikkje har vore kravstor om husvære. Om det var avtalt eller ikkje? Der har ikkje ordførar vore presis nok, svara Haugan.

Han la til at han igjen burde samla administrasjonsutvalet før avtala blei signert, men understreka at intensjonane var ei løysing til det beste for Seljord kommune – ikkje for hans eiga vinning.

Ordføraren fritok fleire gonger i fredagens møte rådmannen for skuld. Han var klar på at Bystrøm heile tida hadde vore klar på dette kravet, og at han sjølv ikkje hadde vore «like klar».

– Det er heilt klart at eg kunne ha vore tydlegare, men denne saka skal ikkje gå utover den nytilsette rådmannen, sa Haugan.

Alvorleg sak

Det vil ho heller ikkje gjera. Ein etter ein tok medlemmene i utvalet, som består av formannskapsrepresentantane og to tillitsvalde, rådmannen i forsvar, og at han i denne saka måtte takast vare på som arbeidstakar. Utvalet var samde i at feilen var gjort frå arbeidsgjevar, ikkje frå arbeidstakar – og at ordføraren må vente å bli sett i korta.

– Dessverre er det slik at ting tyder på at ordføraren har gått utover fullmaktene sine. Det er ei alvorleg sak, fordi me er nøydd til å stole på den me gjev fullmakter. Detkan vera eit element av kommunikasjonssvikt, men eg er redd for at ordføraren har gått utover fullmaktene sine, sa Henry Mæland (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Subsidiering av leilegheit kjem på toppen av eit alt omdiskutert lønsnivå. Det er store summar me snakkar om, la han til.

Partikollega Beate Marie Dahl Eide var også klar:

– I siste instans kan dette ha påverka kven som har akseptert tilbodet om stillinga, sa Eide, og viste til at utvalet hadde ei prioriteringsliste blant tre rådmannskandidatar og at signala dei blei samde om var å gå vidare dersom Bystrøm skulle takke nei til deira tilbod om løn på 830 000 kroner.

– Løna blei 30 000 høgare, og også fri bustad. Det er minimum 80 tusen meir enn det ordføraren hadde fullmakt til. Det er krevjande å ha tillit når det er så mange strafferundar. Dette har påverka kven som har blitt tilsett. Det er veldig alvorleg, sa Eide.

Ho la til at bustad ikkje var tema då utvalet evaluerte rådmannstilsettinga på møtet i november.

Ordføraren kommenterte at han hadde kontakta alle dei politiske medlemmene då spørsmålet om å høgne tilbodet med 30 000 blei tema og at han meinte såleis han hadde ryggdekning for auka løn. Eide repliserte at ho blei ringt etter på ein skogstur med familien – og at dette er langt frå tilfredsstillande måte å behandle saker i offentleg sektor på.

Klart heile tida

Rådmann Finn-Arild Bystrøm bad om å bli, og blei vurdert, inhabil i saka, men han svara klart og tydeleg på spørsmål frå politikarane og dei tillitsvalde.

– Forhandlingane blei gjennomført mellom 19. og 23. juni med telefonsamtaler fram og tilbake. Eg takka nei til 830 000 fordi det for meg ville vera å gå ned i realløn. Eg ynskte ei løn tilsvarande ei gjennomsnittleg rådmannsløn i ein tilsvarande kommune. Det var ikkje aktuelt. Då kom spørsmålet om tenestebustad var aktuelt, til det svara eg ja. Me blei einige om 860 000 og fri bustad dekt av Seljord kommune. Det var mine premissar for å ta jobben, svara rådmannen på spørsmål frå Eide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han svara «nei» på spørsmålet om han fekk svar på følgjeskrivet der fri bustad blei etterlyst.

– Spørsmålet om bustad har vore klart heile tida. Me var einige. I starten var ikkje bustad (staden) klar, men eg blei under Brad Paisley-konserten i sommar fortald at det ville bli ordna. Så fekk eg beskjed om at bustad var funne, og då eg starta 1. desember fekk eg tildela bustad. Eg flytta inn og bur der nå, sa Bystrøm.

– Ser du at noko kunne vore uklart i kommunikasjonen med ordførar om fri bustad?, spurde Eide.

– Nei, var det klare svaret frå rådmannen.

– Oppfatta du at du fekk stadfesting på fritt husvære?, undra Mæland.

– Fleire gonger, repliserte Bystrøm kort.

Jon Svartdal (H) meinte det ville vore heilt urimeleg om arbeidstakar skulle bli lidande når det er ein representant for arbeidsgjevar som har gjort «ein glipp».

– Me har tilsett ein rådmann som me veldig gjerne ville ha, og som me vil ha, sa varaordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til kontrollutvalet

Utvalet kom etter ein pause fram til eit vedtak dei alle kunne stille seg bak:

«Administrasjonsutvalet meiner det kan vera grunn til å tru at ordførar har gått utover fullmaktene sine ved å førespegle ny rådmann ein fri bustad. Me ber kontrollutvalet sjå på handsaminga av tilsettingssaka og tilsettingsvilkåra. Saka blir oversendt til kommunestyret med innstilling om at administrasjonen finn eit tilfredsstillande husvære dekt av Seljord kommune.».

– Me er ikkje ute etter å ta nokon personar, men å sjå på rutinane. Kanskje burde fullmaktene vore tydlegare spesifisert. Det er ei real sak å be kontrollutvalet sjå på saka, meinte Mæland.

– I etterpåklokskapens namn: Administrasjonsutvalet bruka fem heile dagar. Me skulle nok hatt eitt møte til, kommenterte Jon Svartdal (H) som fungerte som møteleiar sidan ordførar Haugan vart kjend inhabil i saka.

Finn-Arild Bystrøm vil ikkje kommentere saka noko utover det han sa i møtet.

– Eg har gjort dette i beste meining

Ordførar Halfdan Haugan (Ap) understreka både i møtet og til VTB etterpå at han har vore opptatt av å finne ei god løysing for Seljord kommune. Han har ingen problem med at kontrollutvalet no skal sjå på saka.

– Det er ei god løysing, kommenterer ordføraren til VTB etter møtet.

– Dette skulle vore handtert på ein betre måte, men eg har gjort dette i beste meining. Det er ikkje snakk om nokre «dirty tricks» eller skjult agenda for eiga vinning. Dette er berre for å få til ei løysing med ny rådmann, understrekar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då temaet om bustader kom opp i forhandlingane visste eg at kommunen rår over mange bustader og at dette var berre snakk om eit lite krypinn. Derfor var eg trygg på at dette ville løyse seg, seier Haugane.

– Men administrasjonsutvalet skulle hatt eit møte til, legg han til. 

Han innrømmer at han «tok for lett på det» og at han har skuva saka framfor seg.

Men til spørsmålet om han har gått utover sine fullmakter er ordføraren klar:

– Nei. Det meiner eg ikkje eg har gjort. Når det gjeld løna har eg ryggdekning. Det er rett at administrasjonsutvalet blei einige om ei løn på 830 000 kroner. Då det blei snakk om 860 000, ringte eg alle dei politiske medlemmene og fekk ja, seier han.

– Eg har ikkje gått utover fullmaktene. Eg signerte aldri noko avtale om fri bustad. Men eg burde ha vore meir presis. Det tek eg sjølvkritikk på. Eg må tole kritikk. Ein går ikkje gjennom ein slik jobb utan å feile, held han fram.

– Korleis er samarbeidet mellom rådmannen og deg?

– Det er veldig bra. Me har akkurat hatt ei evalueringssamtale der han kom med gode tilbakemeldingar på korleis han er tatt imot. Eg er svært godt fornøgd med jobben han gjer, strekar ordføraren under på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det hastar med å finne ut kvar rådmannen skal bu

Rådmannen Finn-Arild Bystrøm bur no i leilegheita der tidlegare konstituert kommunalsjef Rolf Henning Jensen budde. Den var ledig då rådmannen byrja i jobben 1. desember, men blir som regel bruka som bustad for turnuskandidatar innan medisin og fysioterapi.

«Utover dette er Seljord kommunes bustader meint til bustadsosiale føremål, der ei eigen administrativt samansett tildelingsgruppe ser kven som til ei kvar tid har behov for ein slik bustad. Rådmannen er ikkje i ei slik målgruppe, og ordføraren sit ikkje i tildelingsgruppa og har ikkje mynde til å tildele slike bustader», heiter det i saksutgreiinga til administrasjonsutvalet.

I møtet kom det også fram at det alt i midten av februar kjem ein turnuslege til Seljord. Kommunalsjef Frid Berge gjorde greie for at kommunen i dag har ein ledig bustad, men at denne ikkje er møblert. Møblert leilegheit er eit vilkår i avtala mellom kommunen og turnuskandidaten.

– Me har ikkje eit lager med møblar, kommenterte Berge då det blei diskutert om turnuslegen kunne flytte inn der.

Ho sa også at bruken av dei kommunale bustadene til bustadsosiale formål går i bølgjer. Det hender det er fleire ledige, men også tider då kommunen må ut på privatmarknaden eller nytte hotell for å ivareta sine krav i det bustadsosiale arbeidet.

– Skal me bruke bustader tenkt til turnuskandidatar eller til bustadsosiale føremål, eller bør me tenke privatmarknaden for å unngå at rådmannen blir ein flyttsame, kommenterte Ingeborg Nenseter Jensen, som i saka var konstituert rådmann.

Administrasjonen skal no finne ei løysing på bustadutfordringa.

– Vanskeleg å ha tillit til ordføraren

Henry Mæland synest det er vanskeleg å ha tillit til ordførar Halfdan Haugan.

– Dette er ei veldig lei sak. Mykje tyder på at me har ein ordførar med svekka tillit, seier Mæland til VTB etter møtet.

Han meiner utspørjinga av rådmannen og ordføraren gav eit klart svar på at rådmannen var lova fritt husvære, og at dette signalet blei gjeve fleire gonger, utan at ordføraren tok til motmæle.

– Me som arbeidsgjevar kan ikkje gå tilbake på noko som er lova, seier Mæland om kvifor administrasjonsutvalet tilrår at kommunen skal betale husleiga.

Saka går no til kontrollutvalet før ho går vidare til kommunestyret. Mæland vil ikkje utelukke at det kan kome eit mistillitsforslag mot ordføraren.

– Det er ei vurdering me må gjera når me ser kva kontrollutvalet seier, men det er ikkje utenkeleg, seier Mæland.

Men han frikjenner ordføraren i saka om at lønstilbodet blei høgda frå 830 000 til 860 000. Partikollega Beate Marie Dahl Eide var ikkje fornøgd med at dette blei avgjort med ein ringerunde.

– Han burde ringt til alle i utvalet (dei tillitsvalde blei ikkje ringt til, red.merk), men ordføraren hadde politisk ryggdekning til å heve lønstilbodet, meiner Mæland. 

– Kan ikkje påleggje teieplikt utover lova

Saka om tilsetjingsvilkåra til rådmannen var unntatt offentlegheita fram til torsdag kveld, og ikkje opna for ålmenta før fredag morgon. Beate Marie Dahl Eide (Sp) reagerte sterkt på dette. Ho stilte alt på torsdagens kommunestyremøte spørsmål om saka.

– Dette er feilaktig gradering av ei sak. Det er å kneble folkevalte. Det er ikkje høve til å påleggje teieplikt utover lova, kommenterte Eide, og la til at graderinga hindra ålmenta innsyn, og hindra også politiske diskusjonar i ei viktig sak.

– Det gjer det vanskeleg for oss som ombodspersonar og ansvarlege overfor innbyggjarane. Dette er alvorleg, og eg håpar kommunen tek lærdom av denne saka, sa Eide.

Personalsjef Ingeborg Nenseter Jensen tok på seg skulda for at saka ved ein feil hadde blitt lukka. Ho forklara det med at saka i systemet låg i mappa om rekruttering av rådmann som er definert som «uoff.» (unntatt offentlegheit), og at saka ikkje blei opna før på grunn av manglande kompetanse til å overstyre systemet, ferieavvikling og tidspress for å få sendt ut saka til medlemmene.

– Men det er mi skuld, sa ho.