Butikkeigar Olav Prestårhus (t.h.) og butikksjef Fredrik Flatland har stor tru på at ein meir moderne butikk, med ein møtestad, vil auke handelen i Flatdal.
Butikkeigar Olav Prestårhus (t.h.) og butikksjef Fredrik Flatland har stor tru på at ein meir moderne butikk, med ein møtestad, vil auke handelen i Flatdal.

Lojale kundar gav inspirasjon til å satse vidare

Dei har stor tru på ei god framtid i heimbygda ekteparet Mia Søndrål og Olav Prestårhus, og satsar 6 millionar kroner i butikkbygget som nå vil romme meir enn daglegvarer.

30. desember låste Olav Prestårhus døra til Spar-butikken i Flatdal for godt.

Men. I går opna dørene att, og daglegvare-drivaren ser ljost på butikkframtida. Eller lagersjefen, som han så fint blir kalla på skiltet som er montert på ei av dørene i bui.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prestårhus og kona Mia Søndrål kjøpte saman med tre andre den lokale butikken i 2013 frå eit Skiens-firma som hadde drive bui sidan Hegni-familien selde han i 2008.

– Nå har kona og eg kjøpt ut dei tre andre og overteke heile bygget slik at me kan satse meir langsiktig. Me kjem til å investere om lag seks millionar kroner i bygget, fortel Prestårhus når VTB tok turen innom han denne veka.

Han smiler nøgd og set seg roleg ned medan elektrikarar og andre handverkarar, vareplasserarar, eigne tilsette og representantar frå Joker-leiinga hastar rundt i butikken for å bli klare til nyopning.

Ingen er gløymt, her blir det parkeringsplass både for «snoskuter og langvegsfarande».
Ingen er gløymt, her blir det parkeringsplass både for «snoskuter og langvegsfarande».
Prestårhus har fått eige skilt på lagerdøra.
Prestårhus har fått eige skilt på lagerdøra.
Då VTB tok turen innom den «nye» bui i Flatdal var det full aktivitet i lokalet med det siste av elektrisk finpuss, vareplassering og hyllemontering, men jammen fekk butikkeigar Olav Prestårhus samla troppen til eit bilde.
Då VTB tok turen innom den «nye» bui i Flatdal var det full aktivitet i lokalet med det siste av elektrisk finpuss, vareplassering og hyllemontering, men jammen fekk butikkeigar Olav Prestårhus samla troppen til eit bilde.

Han fortel om ei god utvikling i nærbutikken der omsetninga har vore positiv sidan dei i 2013 tok over drifta.

– Me har auka omsetninga frå 14 til 18 millionar på dei fem åra me har drive. Målet nå er å kome over 20 millionar kroner om ikkje alt for lenge, seier flatdølen.

«Eg trur at Flatdal blir ein endå betre og meir attraktiv stad å bu eg når mykje av tungtrafikken forsvinn og tunellen opnar.»

På kort tid blei butikken tømt på nyåret og lokalet på over tre hundre rutemeter pussa opp og bygd opp som ein ny og moderne daglegvare.

– Etter at korpset var ferdig med den årvisse vareteljinga blei lokalet tømt og nye kjøler og frysarar montert. Dei nye kjølene våre har til dømes Co2-anlegg som gjev varme tilbake til bui og ein seinkar energiforbruket med 35 prosent. Elles er alt det tekniske i butikken nytt og kassene er flytta inne i butikken. Jobben inne i butikken har kosta 3,5 millionar kroner og om lag hundre personar har vore i sving den siste tida.

Prestårhus seier at handverkarane har stått på både seint og tidleg, og dei butikktilsette har tatt oppgåver som alt frå å måle til å vere sjauar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olav og kona legg mykje tid og pengar i butikkframtida, men har sett vekk jobben som butikksjef til ein ung seljording.

– Eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg då tilbodet kom. Eg likar utfordringar og gler meg til me kjem skikkeleg i gang og, seier butikksjef Fredrik Flatland (19).

– Fredrik er ung og full av energi, han er den rette for jobben. Me har totalt ti tilsette delt på fem årsverk i butikken, seier Prestårhus.

«Med varesortimentet me hadde tidlegare måtte me kaste mat for 400 000–500 000 kroner i løpet av eitt år»

Men me vil tilbake til økonomien. Kvifor satse seks millionar kroner og ei butikkframtid i bygda som snart mistar europavegen?

– Ja, det er det mange som har spurt meg om akkurat det. Kvifor tør me dette? Eg trur at Flatdal blir ein endå betre og meir attraktiv stad å bu når mykje av tungtrafikken forsvinn og tunellen opnar. Me vil miste noko av gjennomgangstrafikken, men likevel. Me er opptekne av utviklinga i Flatdal og at det er vekst i alle delar av kommunen. Her på Øyland, og elles i bygda vår har det kome mange små og vore tilflytting av barnefamiliar i det seinare – det skaper vekst.

Me har gode friareal her med fotballbane, sandvolleyball og badeplass. Alt dette er med på å gjere bygda til ein god stad å bu, smiler Prestårhus.

– Og me er veldig takksame for mykje ros og veldig lojale kundar. Det er mykje av inspirasjonen for at me satsar på dette. Det er veldig meiningsfullt å drive butikk, seier kjøpmannen overtydd.

I ei tid der skulen også har vore i mediebildet håpar Prestårhus at kommunen vil spele på lag med flatdølane i tida som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trur på butikkframtida:Butikkeigar Olav Prestårhus (t.h.) og butikksjef Fredrik Flatland har stor tru på at ein meir moderne butikk, med ein møtestad, vil auke handelen i Flatdal.

– Me ventar spent på kva som vil skje med skulen vår, og håpar at me får drahjelp frå kommunen til å utvikle bygda vår vidare, seier han.

Større fridom med kjedebytte

Kjøpmannen har også fått spørsmål om kvifor han vel å gå frå ein kjede til ein annan der begge er eigd av same konsern. Varekjedane endrar seg til kvar tid, og dei krev at kjøpmennene tar inn eit bestemt vareutval.

– Den nye kjeda gjev meg større fridom, meiner Prestårhus.

– Me opplevde dette som ei ulempe, og ein konsekvens var at med varesortimentet me hadde tidlegare måtte me kaste mat for 400 000–500 000 kroner i løpet av eitt år, sidan det ikkje var etterspurnad etter desse varene. Med den nye kjeda står me friare til å ta inn dei varene som kundane våre ynskjer å ha. Me vil også halde fram med å ta inn lokalprodusert mat, seier kjøpmannen som er overtydd om at det på sikt vil bli ein betre daglegvare for endå fleire i bygda.

– Det er behovet til kundane som styrer vareutvalet, seier han og kjem inn på at dei vil satse meir på varmmat i bui.

– Me vurderer å ha sal av pizza som folk heime kan bestille og hente – og kanskje me kunne vurdere levering eller pakking av varer om det skulle bli interessant, smiler han.

Har tenkt på «alle»

Olav er oppteken av at alle skal kjenne at butikken er ein fin og god møtestad i bygda, og vil i løpet av året bygge eit glashus utanfor inngangen der folk kan kome saman for ein prat over ein kaffikopp og kanskje ein kakebit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange i bygda har sagt at dei saknar ein stad å møtest. I glashuset vil me leggje varmekablar i bakken som gjev varme om vinteren, og setje inn glasfrontar ein kan opne på fine sommardagar, seier han og legg til at han også har bygd nytt kundetoalett ved inngangspartiet til butikken.

– Me har erfart at det er mange som stoppar i dette ærendet langs vegen – så då la me til rette for det også.

Men kjøpmannen hadde fleire idear på lur under oppussinga, og til opninga av butikken hang det spesialbestilte parkeringsskiltet for «snoskuter og langvegsfarande» klart.

– Den var vel litt original vel, ler han.

Kort veg til bui

Og det stoppar ikkje her. Prestårhus har snakka med eldre i bygda, og det viser seg at det er interesse for fleire seniorbustadar.

– Me har to leilegheiter som er leigd ut i andrehøgda i dag, men så stod der eit ledig areal på 60 rutemeter i enden av bygget. Her skal me byggje seniorleilegheit, fortel han og har mål om at den skal vere ferdig innan fyrste halvdel av 2018.