Tysdag ettermiddag var Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) i Oslo for å snakke med Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen, om passkontor-saka. Båe står på vidare for at Seljord skal få behalde tenesta. (Privat foto)
Tysdag ettermiddag var Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) i Oslo for å snakke med Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen, om passkontor-saka. Båe står på vidare for at Seljord skal få behalde tenesta. (Privat foto)

Legg ned passkontoret i Seljord

Om ikkje Stortinget grip inn i pass-saka før 1. juni, er det slutt på å få pass i Seljord og Bamble. Seljordordførar Halfdan Haugan og stortingsrepresentant Lene Vågslid kjempar for at tilbodet ikkje skal forsvinne.

Rett før VTB gjekk i trykken torsdag gjev Søraust politidistrikt tilbakemelding om framtida til passkontoret i Seljord.

Frå 1. juni i år blir det ny distriktsordning i Søraust politidistrikt. I samband med dette opplyser Torill Sorte, leiar av felles eining for forvaltning i Søraust politistrikt, at politimeisteren har avgjort at det framover skal vere passkontor berre på Notodden og i Grenland. Politidirektoratet stør denne avgjerda.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desse tider skal norsk politi få nye passautomatar som erstattar dagens passboksar. Førebels er ikkje nok boksar på plass, og derfor opprettheld ein inntil vidare også passfunksjonen i Kragerø. 

– Passtenesta i Seljord og Bamble blir avvikla frå 1. juni i år. Me får sjå kva som skjer når politikarane har bestemt seg, men inntil då forheld me oss til politimeisteren si avgjerd, seier Sorte.

«Fullstendig bak mål å ha passkontor berre i Skien»

Passtenesta ved lensmannskontoret i Seljord kan bli lagt ned 1. juni, og det kan bli att berre eit passkontor i Telemark. Det vil ikkje Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) finne seg i.

– Me har ikkje fått offisiell beskjed om at passtenesta ved lensmannskontoret i Seljord blir lagt ned 1. juni, men eg har høyrd det via andre. Slike bakvegar er eg ikkje komfortabel med. Dette er ein spesiell situasjon, seier Haugan til VTB tysdag kveld.

Han fortel at det blir skrive ut rundt 3000 pass i året ved det lokale lensmannskontoret i Seljord.

– Då blir kontoret god på slikt, og dei betener eit forholdsvis stort område. Om det nå blir slik at det er berre Skien som skal ha passkontor i fylket framover, er det fullstendig bak mål og ikkje distriktsvenleg, seier Haugan.

I arbeidet med å prøve å redde passkontoret har han kontakta Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen. Dei møttest i Oslo tysdag ettermiddag, og hadde då telefonmøte med ordførarane i Kragerø og Bamble, to andre kommunar som har fått signal om at passfunksjonen skal bort snart.

Provosert

Vågslid seier ho hadde møte med ein kjempefrustrert ordførartrio.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Problemet er mangelfull informasjon, Seljord fekk tilfeldigvis greie på at passtenesta skal bort. Dette er svært kritikkverdig, veldig alvorleg og ei nedlegging er i strid med vedtak i Stortinget om at ny pass-struktur skal vedtakast der. Eg blir provosert over at regjeringa ikkje har fremma denne saka overfor Stortinget, seier Vågslid.

– Når det nå har kome signal frå Søraust politidistrikt om å legge ned dei tre passkontora, gjev då politidistriktet blaffen i eit vedtak i Stortinget?

– Det skal eg vere forsiktig med å uttale meg om. Eg forheld meg til justisministeren, og forventar at han ryddar opp. Og så er det veldig bra at Seljord kommune nyleg har sendt brev til politimeisteren om saka. Seljord er så våken og på ballen, svarar Vågslid.

Ho forfylgjer no pass-saka ved å stille spørsmål til justisministeren.

Att berre eit skilt?

Haugan forventar at politiet er ryddige og held seg til formelle vedtak; at Stortinget skal bestemme ny pass-struktur.

– Korleis trur du det kjem til å gå med passkontoret i Seljord?

– Eg har tillit til at Stortinget ser at berre eitt passkontor i Telemark blir for dårleg, svarar ordføraren.

Noko anna han reagerer på er signal om at lensmannsfunksjonen i Seljord skal bort.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det att berre eit skilt på veggen og at tilfeldigvis nokon politi møter på kontoret i Seljord, undrar Haugan.

Ordføraren avsluttar med desse orda rundt både nærpolitireforma og passkontorsaka:

– Eg opplever no ein heilt annan situasjon enn førespegla, og informasjonsbiten har svikta.

Rådmann ynskjer svar frå politimeisteren

Seljordrådmann Finn-Arild Bystrøm sende nyleg eit brev til politimeister Christine Fossen i Søraust politidistrikt om nærpolitireforma og passkontor. Bystrøm opplyser at han har fått tilbakemelding om at utskriving av pass ved Seljord lensmannskontor skal opphøyre frå og med 1. juni. Vidare nemner han ei uttale frå Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen, om at Stortinget har vedtatt at endringar i pass-struktur skal handsamast av Stortinget for dei lensmannskontora som er igjen etter nedlegginga.

«Med dette som bakgrunn lurar eg på om politiet no har konkludert på ei sak som Stortinget ennå ikkje har konkludert på? Om det så er ber eg politiet vente med endringar på struktur innanfor passfunksjon inntil Stortinget har handsama saka», skriv Bystrøm, og bed politimeisteren svare på om utskriving av pass i Seljord verkeleg opphøyrer 1. juni.

Vidare viser rådmannen til vedtak i Stortinget 5. april: «Stortinget bed regjeringa sørge for ei reell styrking av lensmannskontora som står att etter gjennomføringa av politireforma». «Stortinget bed regjeringa sikre at føringane frå Stortinget blir fylgd opp, og sikre at politiets tenestestader er tilstrekkeleg bemanna til å kunne vere aktiv til stades der folk er».

«Korleis tenker Søraust politidistrikt å fylgje opp Stortingets vedtak frå 5. april 2018 med tanke om vidare utvikling av Seljord lensmannskontor i tråd med Stortingets vedtak, slik at det ikkje blir eit kontor utan innhald, mannskap og tenester, spør Bystrøm politimeisteren.