Siv og Per Helge Seltveit har flytta opp på stølen, og skal bo her i fem veker i sommar.
Siv og Per Helge Seltveit har flytta opp på stølen, og skal bo her i fem veker i sommar.

Landbruk på gamlemåten

Siv og Per Helge Seltveit skal vere ved «Saupstøyl» i Fyresdal fem veker i sommar. Her skal dei mjølke, yste og realisere draumen om stølsdrift på fulltid.

Me kjem til Fyresdal ein tysdags føremiddag. Det har vore skiftande vêr heile dagen, men nett no er det sol. Me tek av fylkesveg 355 ved Veum, og køyrer oppover mot Fjellgardane. Langt oppe i lia tek me av til høgre inn på ein bomveg. Der står det tre karar og ventar på oss. Det er eigaren av stølen, Per Helge Seltveit, slektningen hans Jon Heum og ein ven av Heum, Jakob Tveit. Etter å ha køyrd litt lengre innover kjem me til Mjåvatn. Her set me oss i båten, og legg ut.

– Du vil vel kanskje sjå kyrne, føreslår Per Helge Seltveit. Han eig garden Tortveit Uppistog, som ligg i området. Den kjøpte han i 1980 på lån, som 21-åring og optimist. Då fekk han Saupstøyl med på kjøpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tradisjonsrik storferase

Den vesle stølen ligg godt gøymd i skogen idet me susar forbi, mot ein odde der Seltveit meiner han ser nokre kyr.

– Dette er favorittplassen deira, fortel han.

– Det er stort sett ikkje noko problem å få dei heim til stølen om kvelden, men nokre gongar legg dei seg til rette for kvelden her, held han fram.

Telemarkskyra til Per Helge Seltveit ligg i lyngen og kosar seg.
Telemarkskyra til Per Helge Seltveit ligg i lyngen og kosar seg.
Både folk og fe har gått her mange gonger tidlegare.
Både folk og fe har gått her mange gonger tidlegare.
f.v. Per Helge Seltveit, Jon Heum, Jakob Tveit og Siv Seltveit.
f.v. Per Helge Seltveit, Jon Heum, Jakob Tveit og Siv Seltveit.
Øistein Johannesen, som er ungguten i huset hjå Per Helge og Siv, og Yngve Teksle jobbar på stølen i sommar.
Øistein Johannesen, som er ungguten i huset hjå Per Helge og Siv, og Yngve Teksle jobbar på stølen i sommar.
Her kan ein sitte i dårleg vêr og bake mykje godt. På baksida er det ysterom og fjøs.
Her kan ein sitte i dårleg vêr og bake mykje godt. På baksida er det ysterom og fjøs.
Knaosten blir laga på stølen no, men til hausten skal Per Helge og Siv Seltveit halde fram produksjonen på garden Tortveit.
Knaosten blir laga på stølen no, men til hausten skal Per Helge og Siv Seltveit halde fram produksjonen på garden Tortveit.
I ysterommet er det berre Siv og Per Helge som får gå inn.
I ysterommet er det berre Siv og Per Helge som får gå inn.
Her kan ein bake mykje godt, samtidig som gjæringsrommet på baksida held seg varmt.
Her kan ein bake mykje godt, samtidig som gjæringsrommet på baksida held seg varmt.

Me skjønar kvifor. Det er ei fin myr dei har lagt seg på, som ligg lagleg til rett ved vatnet. Her ligg dei og nyt livet.

– Telemarkskyra mine blei innkjøpt som ammekyr. No mjølkar eg dei òg. Telemarkskyr var eigentleg ei mjølkerase, og dominerte fram til 1950-talet. Det er Noregs eldste registrerte storferase. No har dei blive utdanka av norsk rødt fe, som er ei blandingsrase, der ein han har teke mange av dei beste eigenskapane til andre raser, mellom anna Telemarkskyra. Derfor har Telemarkskyra lenge vore truga av å forsvinne. No er ho merkt som ei bevaringsverdig rase, fortel Seltveit.

– Dei gjer eigentleg litt for mykje mjølk til å berre vere ammekyr, meiner Seltveit. Dette utnyttar han på stølen.

Barndomsminne

Me går i land igjen for andre gong, og bevegar oss opp mot setra.

– No går me på den gamle stølsvegen, forklarar Seltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me vandrar i dei tradisjonsrike spora, og snart opnar landskapet seg, og stølen ligg rett framfor oss. Der blir me teke imot av Siv Seltveit, kona til Per Helge. Ho viser oss rundt.

– Her har det vore forandringar sidan eg sist var her, kjem det frå Jon Heum. Då han var yngre leigde foreldra stølen av Per Helge.

– Dei fyrste gongene far min var her var eg så liten at eg ikkje kunne vere med. Men eg hugsar godt somrane her. Eg var her vel fram til eg var rundt ti år, trur han.

Då Heum var her om sommaren hadde stølen berre eit lite hus med soverom. No har dei bygd ut.

– Me har bygd eit nytt stølsbygg med stue og baksterom, ysterom, mjølkerom og fjøs, fortel Siv Seltveit.

Men utan veg er det ikkje berre enkelt å bygge.

– Me har frakta inn materiala på snøskuter. Mykje av arbeidet har føregått på vinteren, slik at snikkarane har kunne køyre skuter for å byggje, held ho fram.

Den nye stølsbygninga er bygd på gamal fjøstuft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enkel servering

For to veker sidan fekk Siv og Per Helge godkjent serveringsløyve. Siv fortel at dei hadde eit ynskje om å kunne drive med meir servering til gjester som kom innom.

– Det er bollar og brødbakst som fungerer, har ho erfart.

– Me serverer det me har, så får me sjølv ete det som blir igjen, smiler ho.

Det har ikkje vore veldig mange innom på stølen.

– Det er veldig greitt med lite pågang i startfasa. Då kan ein venne seg til rutinar og finne ut av korleis ein skal gjere ting, og kva som er dei beste metodane. Det er spesielt når det kjem til baksten at dette har vore viktig. Me må prøve og feile litt, seier ho.

Ost frå Fyresdal

På stølen er det ikkje berre bakst det går i. Dei ystar òg ein ost som er ganske spesiell.

– Me lagar knaost. Det er ein tradisjonsrik ost frå Fyresdal. Per Helge lærte å lage den for eit par år sidan av to damer frå Fyresdal, Gunnhild Bergland og Olaug Lund, fortel Siv.

– Osten har ei lang historie. Eg ville tru den er ein av landets eldste, seier Per Helge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tidlegare laga ein smør av mjølka og knaost av surmjølka. Knaosten var vanskeleg, og blei ofte ikkje så god. Me øva på knaosten i fjor sommar heime på garden. Då trøbla me litt med temperaturen, og hadde ikkje god nok lufting. Det blei ikkje veldig vellykka. No går det mykje betre, fortel Per Helge.

Jakob Tveit skildrar ostesmaken som ein mild, linn brie.

– Me brukar surmjølk, smør, vatn, salt og karve for å lage osten, fortel Per Helge.

For at osten skal bli best mogleg har dei fått eksperthjelp.

– Me hadde eit panel av lokale fyresdølar som kjenner til knaosten. Dei gav tilbakemeldingar, så osten har blitt til med god hjelp frå lokale krefter, seier Siv.

– Dette er ein ost som er tilpassa stølsbruk. Det er akseptert å selje den frosen, for den mistar ikkje smak av det. Slik kan me lage den på stølen og fryse den ned heime, og seinare selje den. Me skal til dømes på Skeidet i Fyresdal i august og selje den der. Me vil selje den mest mogleg lokalt, fortel dei.

Bakaromn og oppvarming

Siv likar å bake, og hadde ein idé som ville gjere at dei slo to fluger i éin smekk.

– Eg ville gjerne ha ein bakaromn som kunne fungere som varmemagasin for gjæringsskåpet. Der bør det nemlig alltid vere mellom 26-30 grader varmt. Me var veldig usikre på om det ville fungere, og om temperaturen ville halde seg stabil. Det gjer den. Det fungerer over all forventning. Skåpet har halde perfekt temperatur fram til no, fortel Siv, letta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Offentleg støtte

Det er ikkje mange støler att i Vest-Telemark. Talet på stølar i drift minka veldig etter krigen.

– Førre gong det var stølsdrift på Saupstøyl var under krigen, seier Per Helge.

– Me var på opne stølsdagar i Vinje i 2014. Det var då me fekk høyre om Fjellandbruk-prosjektet, fortset han.

Ein kunne søke om midlar som var øyremerka fjellandbruk i kommunar som var definerte som fjellregionar. Dette er kommunar der minst 50 prosent av kommunen ligg over 700 meter over havet. I Telemark gjeld dette Fyresdal, Tinn, Vinje, Tokke, Hjartdal og Seljord.

– Det var då ideen kom. Me bestemte oss for å søke, og i 2014 fekk me tilslag på søknaden, seier Siv.

Dei fekk beskjed om at det var lurt å søke Innovasjon Norge om pengar i tillegg. Der fekk dei òg løyvd midlar.

– Me blei veldig godt tatt imot alle stadene. Det var eigentleg ikkje realistisk at me skulle kunne ta i bruk ein gammal støl slik me gjer, men det la seg til rette. Det at me kunne gjennomføre dette var altså ein kombinasjon av offentleg påtrykk og eigne draumar, fortel Per Helge.

Draum som blei verkeleg

For Siv og Per Helge Seltveit har alltid lika seg på stølen. Dei har vore her med sau tidlegare, og har eit par somrar hatt kyrne på stølen nokre veker medan dei har budd på garden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar er det fyrste gongen dei bur her fast over lengre tid. Til vanleg jobbar Siv på pleie- og omsorgssenteret i Fyresdal, og Per Helge hos Mattilsynet. Tidlegare har dei hatt det så travelt, med mykje å gjere på garden og på jobb, at det ikkje har gått å kombinere med støylsliv. Men dei har lenge hatt lyst til å prøve.

– Me likar å lære nye ting, og me hadde lyst til å bruke meir tid saman. Me har ein travel kvardag, og då er dette ein måte me blir tvinga til å bruke meir tid med kvarandre på. Me likar å drive med dyr, og å skape aktivitet. Då me fann ut at me kunne lage knaosten her var det eit ekstra stort pluss. Eigentleg er knaosten verdt dette i seg sjølv. Det er viktig å ta vare på matkultur, seier dei.

– Me håpar at dette kan vere eit tilskot til bygda. Me bur i ein kommune der mottoet er «Fyresdal – gjer draumen levande», så då må me jo gjere det, smiler Per Helge.

Rolege dagar

Ein vanleg dag på stølen startar litt før klokka 6. Per Helge fyrar i omnen slik at dei skal få varmt vatn. Det er viktig både til vasking og skyljing av mjølkeutstyr og ysteutstyr. Rundt 7-tida startar kyrne å raute, og då er det tid for mjølking og å sleppe dei ut. Etter mjølkinga er det tid for ysteromsarbeid; separering av mjølk og eventuelt ostekoking. Morgonarbeidet er som regel ferdig klokka 10. På dagen er kyrne ute på beite saman med kalvane på eit 3-400 mål stort område som er gjerda inn. Om kvelden kjem dei forhåpentlegvis tilbake.

– Dei gongane dei ikkje gjer det bruker me berre mjølbøtta. Då kjem dei fort, seier Per Helge.

– Eg fekk ein lur av ein kamerat for nokre år sidan, og då eg skulle på stølen var eg nøydd til å ta den med. Eg har prøvd å blåse litt i han eit par gonger når kyrne skal heim, men det har ikkje vore veldig effektivt. Eg trur me held oss til mjølbytta, ler Siv.

Det verkar som om kyrne likar seterlivet.

– Me fekk kyrne opp med buferd frå garden vår nede i dalen her. Då me nærma oss stølen la dei plutseleg på sprang, og fór opp. Då me som danna baktroppen kom opp hadde dei alt lagt seg til rette, smiler Per Helge.

Langt vekk

Det er ikkje så enkelt å kome seg til stølen. Ein må gå ei stund. Det er litt opp og ned, så ein må kunne bevege seg greitt for å kome seg dit.

– Turen hit er altså kanskje ikkje for dei aller minste borna, men det er ein fin tur på omtrent 4,5 km. Viss nokon vil gå ein tur og ha dette som turmål er det veldig stas, men me har ikkje drive med veldig mykje promotering anna enn ei side på Facebook, seier Siv.

Når Siv og Per Helge kjem på stølen kjem dei seg vekk frå kvardagen.

– Det er veldig fint her, og veldig avslappande. Her kan me sameine notid og fortid, og me har eit mål om å ende opp midt imellom, seier Per Helge.

Dei siste åra har nettopp dette blitt eit fenomen i velstands-Noreg. Folk oppsøker kulturhistoriske opplevingar, som stølsbesøk og lokalmat.

– Stølen vår er ikkje berre ei besøksseter. Dersom det blir dårlegare tider kan me utnytte ressursane me har her med dyra og beitemarken, seier Per Helge.

Evige optimistar

Det er ikkje nokre erfarne stølsfolk som har teke på seg denne store oppgåva.

– Me er heilt nye. Det gjer det litt vanskeleg, fortel Per Helge.

Han var dreng i eit mjølkefjøs på Jæren for 37 år sidan, men på garden har han berre hatt ammekyr.

– Me lærer dagleg noko nytt om korleis ting fungerer, fortel han.

Det er ikkje mange som hadde kasta seg uti stølsdrift.

– Me likar dette, og me har eit mål om å fortsetje mange somrar framover, fortel dei.

– Me er nok optimistar. Det er nok derfor me er der me er no, smiler Siv.

– Ja, me er litt slik at er det ting som ikkje lykkast, så ser me bort frå det. Då blir alt mykje enklare, ler Per Helge.