Marianne Vrålstad (t.v.), Kristine Sandall og Lene Winther Larsen er på topplassar på vallista til Nissedal Høgre. Dei ynskjer å engasjere seg i lokalpolitikken, og hovudsaka er kvalitet i skulen.
Marianne Vrålstad (t.v.), Kristine Sandall og Lene Winther Larsen er på topplassar på vallista til Nissedal Høgre. Dei ynskjer å engasjere seg i lokalpolitikken, og hovudsaka er kvalitet i skulen.

Kvinnene toppar Høgre-lista

Nissedal Høgre er eitt av berre to parti i Vest-Telemark som har tre kvinner blant dei fire øvste plassane på lista. Lokalpartiet si hovudsak framover er kvalitet i Nissedalskulen.

Totalt stiller 32 lokale parti i Vest-Telemark lister ved hausten kommunestyreval, og på sju av dei er det kvinneleg ordførarkandidat. På to av dei 32 listene (MDG og Høgre i Kviteseid) er det berre menn på dei fire øvste plassane. 

Tokke MDG skil seg ut ved å ha tre kvinner på toppen, før det kjem ein mann. Nissedal Høgre er det andre av dei 32 partia i regionen som har klart å få tre kvinner blant dei fire topplassane. Kristine Sandall er einaste kumulerte. Bak henne kjem Marianne Vrålstad, Tore Skåli og Lene Winther Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få inn fleire kvinner

Sandall (40) frå Nordbygda, Vrålstad (34) frå Treungen og Larsen frå Kyrkjebygda (42) fortel at det var eit samla Høgre som gjekk for å ha dei tre kvinnene høgt oppe på lista.

– Me er stolte av at det er kvinner på tre av dei fire øvste plassane og at dei to fyrste er kvinner, er trioen samde om.

Sandall synest det er moro at kvinner og det ho kallar relativt unge, har lyst til å engasjere seg i politikken. I dagens kommunestyre i Nissedal er heile 13 av 17 representantar menn. 

– Målet må vere å få inn fleire kvinner i neste periode, men det er opp til veljarane. Det hadde vore bra om det blir nesten like mange kvinner og menn og med ei blanda alderssamansetting i kommunestyret, seier Sandall.

Gira på politikk

Vrålstad har i mange år tenkt på det å bli med i politikken, men brukte lang tid på å bestemme seg og om val av parti.

– Høgre er nærast mi retning. Eg har lyst til å kome inn i kommunestyret, seier 34-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Larsen har ein far (Carl Erik) som i lang tid har vore med i politikken for Høgre. Sjølv har ho stått på denne partilista i mange år, men har rekna seg som listefyll.

– Nå har eg lyst til å vere meir enn det, og det er kjempegøy om eg skulle kome inn i kommunestyret. Det er spennande å fylgje med på kva som skjer i kommunen, og vere med og bestemme litt, seier 42-åringen.

Sandall stod for fyrste gong på ei liste ved førre val, og Høgre-politikaren sit nå i formannskapet.

– Eg har alltid vore oppteken av politikk, men det var fyrst då eg flytta til Nissedal og hadde barn i barnehage og på skule at eg hadde lyst til å engasjere meg. Eg melde meg inn i Høgre – har alltid vore mest einig med dette partiet sin politikk, seier 40-åringen.

Avgjerande

For dei tre Høgre-kvinnene er kvalitet i skulen ei viktig sak framover.

– Me veit det blir gjort mykje godt arbeid i Nissedalskulen, og at det er prosjekt på gang. Men me trur skulen kan forvente meir av elevane, både i åtferd og det faglege. I Nissedal ligg elevane under gjennomsnittet på ulike nasjonale prøver. Me ynskjer auka trykk på kvalitet i undervisninga. Disiplin og tydeleg klasseleiing vil vere avgjerande for å få det til, er trioen samde om.

– Vidare ynskjer me tidleg innsats i skulen, og samarbeid mellom skulen og arbeidslivet, avsluttar trioen.