Krevjande økonomiske tider

Administrasjonen i Seljord ser eigedomsskatt som einaste løysing for å sikre kommuneøkonomien, og kuttar i eigne tenester for å spare pengar.

Kommuneøkonomien strammar seg til i Seljord. Det er høg lånegjeld  – noko som i dag tilsvarar litt over 90 000 kroner i lån for kvar av dei 2 954 innbyggjarane i kommunen, og kommunen er sårbar for auka rente.

Det blei tidlegare kjent at rådmannen i Seljord kommune vil innføre eigedomsskatt, og set av 1,5 millionar kroner til taksering av eigedomar på budsjettet i 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore store utfordringar med å få driftsbudsjettet for 2018 og vidare økonomiplanperiode i balanse. Nedgang i rammeoverføringar frå staten, nedgang i innbyggjartalet – inkludert nedgang i talet på flyktningar, samt vidareføring av vedtak om naudsynte lovpålagte tenester, er faktorar i budsjettet. Politiske vedtak om å ikkje gjera strukturelle grep, har vore med på å avgrense rådmannen sitt handlingsrom i budsjettarbeidet. Dersom rådmannen skal peike på alternativ til eigedomsskatt i den storleiken eigedomsskatt utgjer, er det vanskeleg å sjå føre seg løysingar utan at det er ein kombinasjon av strukturelle endringar og reduksjon i årsverk, skriv rådmannen i tekstdelen til budsjett og økonomiplan som formannskapet vedtok i november.

Fram til kommunestyremøtet 14. desember jobbar dei ulike partia med endringsframlegg som vil kome på bordet same dag som budsjett for 2018 blir vedteke.

På kuttlista

På rådmannens framlegg til budsjett blir ei samla innsparing for 2018 og 2019 på 2,3 millionar kroner presentert. Her blir det føreslege å kutte stønad til medlemsskap ved Sterke-Nils-senteret i personalavdelinga, i tillegg til å fjerne seniortillegget. Det er framlegg om å redusere i stillingar i økonomiavdelinga, redusere stillingar ved dei ulike skulane, helseeiningane, stramme inn på bruk av midlar til kurs og opplæring ved landbrukseininga, redusere vedlikehald av kommunale bygg, kommunale vegar og kantklypp, i tillegg til å avvikle samarbeidsavtala med Seljord personal om språkoppfylging.

Rådmannen finn heller ikkje høve til å setje av kommunal million-tilskot til aktivitetslabyrinten på Eventyrøy, etablere døgnbemanna bustad for rehablitering og korttidsopphald ved Nesbukti eller auke budsjettposten for utskifting av gamle datamaskiner.  

Pengar til skule

På investeringssida finn ein i hovudsak ei realisering av tidlegare politiske vedtak som innan vatn- og avlaup, ulike tiltak innan trafikktryggleik og midlar til ein total gjennomgang av dei tre skulane kommunen driftar.

Rådmannen oppmodar også dei folkevalte til å gjere ei vurdering i 2018 om kor lang tid det kan gå frå politiske vedtak er fatta, til dei blir realisert. Rådmannen viser til døme som ny avkøyring frå E134 og straumtilførsel til industriområde som vart vedteke i samband med budsjett i 2015, men der det framleis ikkje er sett dato for oppstart.