Skogeigar Halvor Ufs i Treungen krev at AT Skog betaler han 3.559 kroner som han fekk for lite i tømmeroppgjer då dei ikkje ville betale han vinterpris for levering av 100 kbm. virke. Nissedal skogeigarlag deler oppfatninga til Ufs om at han ikkje kan verte skadelidande grunna ventetid på kabbebilen.
Skogeigar Halvor Ufs i Treungen krev at AT Skog betaler han 3.559 kroner som han fekk for lite i tømmeroppgjer då dei ikkje ville betale han vinterpris for levering av 100 kbm. virke. Nissedal skogeigarlag deler oppfatninga til Ufs om at han ikkje kan verte skadelidande grunna ventetid på kabbebilen.

Krev avtalt vinterpris frå AT Skog

Skogeigar Halvor Ufs i Treungen meiner det er prinsipielt urimeleg at han skal tape 3.359 kroner i redusert tømmeroppgjer fordi kabbebilen AT Skog administrerer hadde ventelister i vår. AT Skog avviser kravet, men saka kjem attende til styret etter eit kvast brev frå Nissedal skogeigarlag.

12. februar skriv Halvor Ufs vinterdriftkontrakt med AT Skog om levering av 100 kbm. tømmer i april månad. I kontrakten oppgjer skogeigarforeininga vinterprisane på tømmer; gran sagtømmer 482 kroner per. kbm., furu prima 515 kroner og furu sekunda 465 kroner. Desse prisane hadde AT Skog gjort gjeldande for leveransar fram til 1. mai.

– Eg krev at AT Skog betaler meg 3.359 kroner som eg har til gode i høve til summen dei opererer med på innmålingsavrekninga i mai. Det er ikkje pengane, men prinsippet som opptek meg. Tømmeret melde eg klart for henting i god tid før 1. mai i tråd med driftskontrakten. Der står april oppført som leveringsmånad utan nærare dato, dokumenterer Ufs og syner VTB tømmerkontrakten underskrive av skogsjef Terje Kristoffersen i AT Skog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvor Ufs har sidan 1993 drive som skogeigar, men har jobba i skogen frå 1968. Han seier at den haldninga han no møter i AT Skog er så arrogant at han ikkje trudde det var mogleg. Styret har handsama kravet om attendebetaling, men står fast på at Ufs leverte tømmeret for seint til å få vinterpris.

– AT Skog administrerer kabbebilen, men den kunne eg ikkje få til gards i april fordi han var sendt til Setesdal. Når eg melde frå om kabbeklart tømmer i god tid før 1. mai, kan ikkje eg verte økonomisk skadelidande, meiner Halvor Ufs.

Nissedal-skogeigaren seier rett ut at han er så misnøgd med AT Skogs handtering av saka at han vurderer å melde seg ut. Ufs leverte til Nidarå Tømmersalgslag før fleire skogeigarforeiningar vart slegne saman til AT Skog.

– Det eg no opplever ville ikkje skjedd i Nidarå. Hjå dei var det aldri noko tull med tømmeroppgjeret eller trekk i kontraktsavtalte prisar, fortel Ufs.

Først 8. mai fekk Ufs tømmeret kabba, og det vart henta 15. og 22. mai.

Lova vinterpris

På årsmøtet i Nissedal skogeigarlag i mars uttalte Nils Aakre frå AT Skog at det ikkje blei prisnedsetting og problem for dei skogeigarane som måtte vente lenger enn april månad før tømmeret vart kabba og utkøyrd.

Aakre avviser kravet frå Ufs om vinterpris i eit brev 12. juni og grunngjev svaret med at han ikkje hadde henteklart tømmer innan tidsfristen. 23. september sender direktør Per Simon Slettebø i AT Skog brev til både Ufs og det lokale skogeigarlaget der det vart fortalt at styret konkluderer med at prisendringane i mai er gjennomført på rettferdig vis.

Slettebø skriv at med henteklart tømmer meiner AT Skog ferdig hogd og kabba tømmer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg aksepterer ikkje den haldninga styret i AT Skog legg for dagen. Dessutan reagerer eg på forskjellsbehandlinga når eg veit at AT Skog sine eigne drifter fekk vinterpris, sjølv om dei var for seine med leveringa, seier Halvor Ufs.

Støtte frå skogeigarlaget

Torleiv Skåli, leiar i Nissedal skogeigarlag, uttrykker sterk støtte til Ufs, og meiner AT Skog skuldar han pengar for vinterhogsten. Skåli sende 12. desember eit nytt brev til AT Skog ved styreleiar Christian Ramberg. Det lokale skogeigarlaget uttrykker undring over at styret kan finne Halvor Ufs sitt tømmeroppgjer i orden.

– Me krev at styret ser på saka att. Det kan ikkje vere rett at ein skogeigar, som ikkje kan påverke disponeringa av kabbebilen, skal bere tapet grunna endra pris i ny prisperiode, fordi bilen ikkje kjem. Ikkje på nokre av dei underskrivne papira ved innmelding er ny prisperiode nemnt, påpeiker Skåli.

Nissedal skogeigarlag meiner det er sjølvsagt at den einskilde skogeigar vart halden skadeslause når dei har oppfylt kontrakten med AT Skog.

Kritisk til AT-direktøren

Torleiv Skåli fortel elles at dei ikkje er samd med direktør Slettebø når han hevdar at tinging av kabbebil ikkje kan oppfattast som henteerklæring. AT Skog-sjefen meiner at ei ventetid frå 18. april til 8. mai før kabbebilen kom til Halvor Ufs, må sjåast på som normalt om våren.

– Dette har korkje Ufs eller Nissedal skogeigarlag hevda. Eg meiner brevet frå Slettebø syner at her er det ureint farvatn, og at det trengst reglar, seier Torleiv Skåli.

Olav A. Veum i Fyresdal sit i AT Skog-styret. Han ynskjer ikkje å kommentere kravet frå Halvor Ufs eller brevet frå Nissedal skogeigarlag sidan saka kjem attende til drøfting i styret.