(Illustrasjons
(Illustrasjons

Køyrde på rulleskiløpar

Politiet har pågripe ein mann mistenkt for å ha køyrd på og skada ein rulleskiløpar i Skafså laurdag.

Laurdag ettermiddag blei ein rulleskiløpar påkøyrd og skada av ein kvit kassebil på fylkesveg 45 i Skafså i nærleiken av Grimdalen. Sjåføren fortsette vestover mot Setesdal utan å stoppe. Høgre spegel på bilen blei skada. Løparen – ein mann i 40-åra frå Tokke – blei frakta til sjukehus.

Politiet har pågripe ein mann i 40-åra frå Porsgrunn som dei meiner køyrde bilen. Dei varsla avhøyr same kveld. Det blei tatt blodprøve, og mannens bil blei beslaglagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anna som har skjedd i helga:

To mista førarkortet

Fredag ettermiddag hadde UP fartskontroll i 60-kilometersona ved Trongkleiv i Seljord. Ein mann frå Akershus køyrde i 94 kilometer i timen og blei fråtatt førarkortet. Det same skjedde for mannen frå Oslo som køyrde i 88 kilometer i timen.

Bil ned i myr

Fredag kveld køyrde ein bil med tre personar utanfor vegen på E134 i Morgedal. Bilen låg delvis nedsøkkt i ei myr, men det gjekk bra med dei som var i han. Ambulanse og brannvesen kom til staden – politiet var oppteken med anna oppdrag. Det blei rapportert om glatt veg på staden.

Mistenkt for å vere påverka

Natt til laurdag stoppa politiet ein utanlandsk mann mistenkt for å køyre i ruspåverka tilstand på E134 i Seljord. Det blei tatt prøver av sjåføren.

Meldt til politiet

Sundag blei ein mann meldt, mistenkt for å ha køyrd i rusa tilstand i løpet av sist natt i Edland. Han måtte ta blodprøve og førarkortet blei tatt beslag i. Forholdet blir etterforska vidare.

Bilar kolliderte

Sundag ettermiddag kolliderte to bilar med totalt tre personar i på Øyfjellvegen i nærleiken av Austbø i Vinje kommune. Det blei store skadar på bilane, men små personskadar.

Køyrde av vegen

Laurdag låg det ein lastebil utanfor E134 i Brunkeberg der det er vegkryss inn på riksveg 41.