Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto Foto: Audny Barstad

Køyrde av vegen med traktor i Fyresdal

Politiet i Sør-Aust melde onsdag på Twitter om ei trafikkulykke på Fyresdalsvegen.

Alle naudetatar vart kalla ut etter medling om ei trafikkulykke på Fyresdalsvegen i nærleiken av Hauggrend klokka 08.25 onsdag. Politiet i Sør-Aust melde at ein traktor er involvert.

- Det er ein traktor med tilhengar som har køyrd av vegen. Føraren, ein lokal mann i 50-åra, vart frakta til sjukehus med smerter i rygg og nakke, samt nokon sårskader i andletet. Det skal ikkje vere noko alvorleg, melde Sør-Aust politidistrikt til TA.   

#Telemark#Fyresdalsvegen mottatt melding om trafikkulykke. Alle nødeetater er på vei til stedet. En traktor involvert.

— Politiet i Sør-Øst (@politietsorost)August 28, 2019