Anne Lise Midjås (t.v.), Kari S. Bastiansen, Astrid Hagen, Olaug Nyhus, Ulla Karlsen, Audhild Rundtom og Ingrid Synnøve Byggstøyl er fast inventar på Rallardagen på Verket.
Anne Lise Midjås (t.v.), Kari S. Bastiansen, Astrid Hagen, Olaug Nyhus, Ulla Karlsen, Audhild Rundtom og Ingrid Synnøve Byggstøyl er fast inventar på Rallardagen på Verket.

Knott og rall på Verket

For 34. året på rad arrangerte bygdefolket på Åmdals Verk Rallardagen laurdag. Trass i store mengder knott, kosa dei frammøtte seg som vanleg på den tradisjonelle dagen.

I juni kvart år samlast innbyggjarane på Åmdals Verk i gruveparken for å heidre rallarane som skapte gruvebygda i Tokke. Ein god dugnadsgjeng gjer dagen mogleg.

Dette året var ikkje noko unntak. Laurdag var gruveparken full av folk som ville kose seg med god mat, god musikk og det populære rallarspelet – eit teater med lokale amatørskodespelarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i at sola hadde forsvunne og knotten gjort sitt inntog på det tidspunktet VTB var innom og tok pulsen, var det ikkje noko å seie på stemninga blant dei frammøtte.

Sommarens høgdepunkt

Ein gjeng med faste deltakarar hadde sett seg ned på ei rekke midt i parken. Dei kunne fortelje at dei hadde vore på bortimot alle Rallardagane.

Anton (Knut André Aarstad) blir litt yr når Liv (Karin Dahle) måler opp dei nye buksene hjå skreddaren.
Anton (Knut André Aarstad) blir litt yr når Liv (Karin Dahle) måler opp dei nye buksene hjå skreddaren.

– Eg er utflytta åmdalsverking, så eg gler meg kvart år til å reise heim for å vere med på Rallardagen. Då treffer eg så mange gamle kjende, seier Ulla Karlsen. Ho har teke turen denne laurdagen saman med systrane sine, Olaug og Audhild. Dei reiser saman heim til Åmdals Verk frå Oslo og Akershus for å få med seg favorittdagen sin.

Eit kjærleiksdrama

Skodespelet, som i år var «Kjærleikens kvaler» skrive av Anne Fles, tok føre seg historia om ei ung, flott kokke frå Kongsberg som kom til gruvene på Verket i rallartida. Ho får raskt fleire beundrarar, og dei er alle av ulike slag. Både ein ung gut, ein gamal kar med åtte ungar og ein dokter viser si interesse for ungjenta. Så startar kampen om hjartet hennar, og eit kjærleiksdrama utspelar seg – fullt av sladder og intrigar.

I tillegg til spelet fekk dei frammøtte også underhaldning i form av song frå Johnny Kvaale Bjerk og kjende og kjære rallarviser frå Rallargruppa.