– Me må fokusere på innhaldet i nærpolitireforma, ikkje berre lokaliseringa, sa Hilde Alice Vågslid (Ap) i førre vekes kommunestyremøte i Tokke.
– Me må fokusere på innhaldet i nærpolitireforma, ikkje berre lokaliseringa, sa Hilde Alice Vågslid (Ap) i førre vekes kommunestyremøte i Tokke.

– Innhaldet er viktigare enn lokaliseringa

Det sa Hilde Alice Vågslid (Ap) i siste kommunestyremøte i Tokke.

– Tryggleiken for innbyggjarane må vere det viktigaste med den nye reforma. Etter mitt syn har det vore og er framleis for mykje fokus på lokalisering. Tanken bak reforma er at ting skal bli betre, sa Vågslid.

Olav Urbø (Sp) meinte tittelen nærpolitireform er den mest misvisande tittel på ein reform nokon gong. Han var også oppteken av lokalisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me må ha ei lokalisering som gjer at det bur politifolk i kvar bygd og blant folk flest. Det handlar om at politiet er ein ressurs og har lokalkunnskapar. Eg tykkjer reforma er uklar og eg oppmodar om at me slåss for flest mogleg lensmannskontor. Og eg meiner i tillegg at Stortinget bør overprøve politidirektoratet i denne saka. Eg trur ikkje Stortinget er fornøgd med stoda, sa Urbø.

– Nokon må gje seg

Partikollega Sverre Bakke hella meir mot Vågslid si haldning, og var tydeleg på at lokaliseringa ikkje var avgjerande.

– Eg vil best mogleg politi, og er ikkje særleg oppteken av kva kontoret ligg. Nokon må gje seg i denne lokaliseringsdebatten, oppmoda han.

– Eg vil ha eit betre politi, og bryr meg ikkje så mykje kvar lensmannskontoret bli liggjande. Nokon må gje seg i denne lokaliseringsdebatten, sa Sverre Bakke (Sp).
– Eg vil ha eit betre politi, og bryr meg ikkje så mykje kvar lensmannskontoret bli liggjande. Nokon må gje seg i denne lokaliseringsdebatten, sa Sverre Bakke (Sp).

Politimeistaren i Sør-Aust politidistrikt, Christine Fossen, har tidlegare tilrådd å leggje eit lensmanskontor i Kviteseid og eitt i Åmot. Tanken er at Fyresdal, Tokke og Vinje skal ha felles lensmanskontor i Åmot. I Fyresdal har politikarane sagt at dei ynskjer å behalde kontoret sitt, sekundært slå seg saman med Tokke og ha kontor på Dalen.

I Tokke uttala fleirtalet av politikarane at dei primært ynskjer å behalde eige lensmannskontor, og sekundært å gå saman med Fyresdal om eit kontor på Dalen. Dei uttalar også at Vinje kan vere ein del av eit kontor i Tokke.

Saka er ute på høyring, og fristen for å kome med innspel er 1. desember.