Leiv Birger Tovslid, leiar i Birtedalen fiskarlag, er glad for at det er slutt på kalkinga i Øyarvatn. Han vil ha tilbake storfisktider i vatnet.
Leiv Birger Tovslid, leiar i Birtedalen fiskarlag, er glad for at det er slutt på kalkinga i Øyarvatn. Han vil ha tilbake storfisktider i vatnet.

Ikkje lenger kalking i fem Birtedalsvatn

Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har starta prøveprosjekt i Birtedalen for å sjå konsekvensen av kalkestopp. Prosjektet kan gje endring for kalkinga av fleire hundre andre innsjøar i området.

Forskingsorganet NIVA gjev forvaltinga råd og grunnlag for rett fiskeforvalting. Ein av forskarane, Atle Hindar, har skaffa seg erfaring sidan starten på 1980-talet. Han var mellom anna inne i bildet då Nisser og Fyresvatn blei kalka.

Etter kvart har det kome mindre sur nedbør innover landet, og kalkingsbehovet treng ikkje lenger vere like stort. Ein del innsjøar har fått så bra vasskvalitet at NIVA no ser nærare på om det er unødvendig å kalke alle. NIVA har inngått avtale med Fylkesmannen i Telemark og Birtedalen fiskarlag om frå i år av å slutte med kalkinga av fem vatn lengst vest i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har sett i gang eit prøveprosjekt i dei fem vatna der ein vil fylgje opp med vassprøver og prøvefiske for å sjå utviklinga framover når det ikkje lenger blir kalka. Det er også tilsvarande prøveprosjekt som blir gjennomført i andre fylke, fortel prosjektleiar Atle Hindar.

Tek pulsen på utviklinga

NIVA tilrår å fylgje dei fem vatna i Birtedalen ein del år framover for å få god dokumentasjon. Hindar reknar med at kalkinga av vatna ikkje startar igjen på fleire år.

– Kanskje trengst det aldri meir kalk i vatna. Viss det viser seg at vasskvaliteten stabiliserer seg på eit godt nivå utan kalking, vil NIVA tilrå å sjå på om ein skal trappe ned eller slutte med kalkinga i dei 200 andre innsjøane i området. Me tek pulsen på utviklinga og passer på at det ikkje blir bruka pengar der det er unødvendig, seier Hindar.

Den massive kalkinga har gjeve god vasskvalitet og det har blitt veldig mange fisk i det eine vatnet etter det andre. Men Hildar konstaterer at det byrjar å bli bra med fisk også i vatn som ikkje blir kalka.

Han har fylgd med på kalkedebatten i VTB seinare tida og forstår frustrasjonen folk har fått når det etter å ha kome tiltak for å ordne på sure vatn, så blir det overbefolking av fisk. NIVA-forskaren meiner det ikkje er lett å finne ut kva som er rette løysinga på problemet, men kan ikkje tilrå at det blir slutta å kalke for å få opp fiskestorleiken. Ein slik måte er bevis på at uttynninga av fisk skjer ved at vasskvaliteten er blitt redusert og for dårleg, og ei slik handling er ikkje forskarar med på.

– Og no som det er blitt mindre sur nedbør, og om ein slutta å kalke, kan vasskvaliteten framleis halde seg god. Då vil vatna framleis vere overbefolka av fisk, avsluttar Hindar.

Ynskjer kalkestopp velkomen

Leiv Birger Tovslid, leiar i Birtedalen fiskarlag, trur mange er samde i utspelet til nissedølen Jan Frode Pedersen om å slutte å kalke overbefolka fiskevatn.

– Men folk er redde for at ein då ikkje har sjanse til å få kalke att om det er behov for det. For fleire år sidan spurde me i fiskelaget om kalkestopp sidan det var for mykje fisk. Me fekk beskjed av Fylkesmannen at då kunne det vere vanskeleg å kome inn att med kalking, fortel Tovslid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då NIVA føreslo å starte eit prøveprosjekt i Birtedalen med å stoppe kalking i fem vatn, ynskte fiskarlaget dei velkomne med ein gong, held han fram.

Tovslid synest det blir spennande å sjå resultatet etter prøveprosjektet.

– Det er ikkje så mykje sur nedbør lenger, og eg trur kanskje det ikkje blir nødvendig å kalke dei fem vatna meir. Snart kan det vere endå fleire attraktive fiskevatn i Birtedalen. Eit av dei vatna som er med i prøveprosjektet og ikkje blir kalka lenger, er Øyarvatn. Der var det mange kilosfiskar før, og slike tider skal me ha tilbake, seier ein optimistisk Tovslid.

Han representerer eit lag med over 20 vatn som blir kalka vanlegvis kvart år. Laget står for 40 prosent av fiskekortsalet i kommunen. Laget opna ei tid tilbake for fritt fiske med garn i tri av vatna som var overbefolka. Hyttefolk og andre får låne gratis tri og tri garn.

– Det har slått til. Mange hyttefolk fiskar og har forstått hjelpa dei gjer ved å få vekk småfisken. Eg trur all fangsten går til mat hos dei som fiskar. Slikt ope garnfiske er rett måte å gjere det på. Me får tilbakemeldingar om at fisken no er større enn i fjor, avsluttar Tovslid.