Sterke-Nils stoga på Dyrskuplassen i Seljord der Bergit Lisleåsheim Telnes og Ragnar Haugstøl fortalde historier og song viser.
Sterke-Nils stoga på Dyrskuplassen i Seljord der Bergit Lisleåsheim Telnes og Ragnar Haugstøl fortalde historier og song viser.

I sogelandskap med Sterke-Nils og Hølje Gonge

Seljord Sogelag vitja Gongestoga og Sterke-Nils-stoga på Dyrskuplassen 19. april.

Gongestoga blei bygd i 1833 av Neri Haugestaul Gonge. Stoga kom til Dyrskuplassen i 1997. Her blei ho restaurert og bygd oppatt. Sterke-Nils rudde Langedal opp for Dalsvatn i Trollebotn i 1760-åri og stoga kom til Dyrskuplassen i 1999 og før det hadde den stått ved Seljord kyrkje. Bergit Lisleåsheim Telnes, Ragnar Haugstøl og Sara Fjågesund Aase batt det heile i hop med historier, viser og felespel for ein interesselysten frammøteskare.

Me fekk høyre om livet og historier rundt Hølje Gonge og Sterke-Nils. Dei fekk båe så uverkelege skjebnar på og i sine liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hølje Gonge

Hølje Gonge var fødd i 1819 på plassen Haugestaul i Dalangrendi ved Øverlandshei i Seljord. Som gutunge – i 12-årsalderen blei han lam frå livet og ned og blei sitjande i ein kubbestol resten av sitt liv. I kubbestolen sat han og der søv han i 60 år. For han kunne ikkje ligge på ryggen – då fekk han ikkje puste. Ulukka skjedde ved at han skulle ha hoppa på ski frå låvetaket på Haugestaul. På nedsida var det bratt ned og han skamstrekte seg i ryggen da han landa og blei sittande fast. Såleis blei livet hans forma frå kubbestolen alt frå han var gutunge. Men Hølje var evnerik. Han lærte seg å lese og å skrive – han blei ein meistar i å skjere i tre, han laga hardingfeler, og han laga tiner og hyller. Eit av hans arbeid – eit utskore tine i tre høgder var med på verdsutstillinga i London i 1851 og fekk ein andrepremie av første grad.

Hølje skreiv dikt, var kvedar og var ein framifrå sogeforteljar. Men det var slekti og spesielt hans syster Anne som gjorde at Hølje kunne leve livet sitt ut der på Gonge. Og mori fekk den lovnaden før ho døydde at Anne aldri ville reise frå Hølje. Dette heldt ho. Anne hadde hatt lyst til å stå brud ein dag men dette var tankar ho måtte ho slå frå seg på grunn av lagnaden og hennar ansvar for Hølje der inne i aude mark på Gonge. Nærpå dagen han ville fylt 70 år den 25. februar 1889 tok livet til Hølje Gonge slutt. Ei tragisk livssoge fekk han men Hølje klaga aldri og livet hans var og med sine ljose sider på grunn av sine evner, anlegg og personlegdom. Han var ein einer på sine område. Ved gravi ved Seljord kyrkje fekk han sin malmkross han sjølv hadde satt av pengar til.

Gongestoga den gongen ho stod ved Gongetjønni på Øverlandshei (Ukjent fotograf bildet er frå boka «Utanfor Allfarveg» av Mari Seltveit.)
Gongestoga den gongen ho stod ved Gongetjønni på Øverlandshei (Ukjent fotograf bildet er frå boka «Utanfor Allfarveg» av Mari Seltveit.)
Ragnar Haugstøl i visemodus ved tjørumila kalla Tjøruhjellen som Sterke-Nils bygde i Langedalsfjellet ved Langedal på Seljordshei.
Ragnar Haugstøl i visemodus ved tjørumila kalla Tjøruhjellen som Sterke-Nils bygde i Langedalsfjellet ved Langedal på Seljordshei.
Sara Fjågesund Aase med felespel inne i Gonge-stoga.
Sara Fjågesund Aase med felespel inne i Gonge-stoga.

 

Vårbrev

No blømer heggen ved Vallaråi

og elvar fløymer og bekkjen renn

Ja, det er vår att i gamle bygdi

du skulle vori her, kjære ven

 

Du skulle gjenge ein dag og rusla

Artikkelen held fram under annonsen.

på kjende vegar der før du for

og sett på livet og høyrt på våren

og kjend att angen av solvarm jord

 

I baksli lende mot Kroktjønnheii

ligg enno flekkar av snoen att

men kvit stend heggen ved Vallaråi

og nye under vert fødd kvar natt…

Andreas Sandsdalen

 

Sterke-Nils

Artikkelen held fram under annonsen.

Nils Olavsson Langedal – Sterke-Nils – blei fødd i 1722 på den vesle husmannsplassen Rulleteig i Brunkeberg. Han er kjend for sine kjempekrefter og det seiast at han blei oppfødd på merremjølk. Sterke-Nils var sjølv ein snill, hjelpsam og godhjarta mann men det hendte andre blei misunnelege på han på grunn av hans krefter og kva han fekk til. Han fekk dobbel dagsløn i skogen til Aall og me fekk høyre historia om då han blei narra i Gåsebrekka på Seljordshei. Her dreiv 12 mann og ikkje fekk lunna eit stort mastetre fram til tømmersleden avdi det låg så vrangt til. Sterke-Nils som dreiv i nærleiken blei henta og lyfte til på midten. Karane hadde på førehand blitt samde i at så fort treet var opp frå bakken skulle dei sleppe taket … Dette blei for mykje sjølv for Sterke-Nils då han fekk heile tyngda i armane. Han kvitna til i andletet – harmen tok han og jaga alle dei andre til skogs. Så tok gråten han da han byrja kreke seg heimover. Etter dette blei Nils aldri den hadde vore. Han sleit med brokk resten av livet. Han var om lag 70 år då dette skjedde.

Det er så mange historier om Sterke-Nils. Kanskje det mest kjende er då han skal ha lyfta steinen som ligg ved Seljord kyrkje i dag. To vitne – Gunhild Flatin og Barbro Satabakke – skal ha sett at Sterke Nils lyfta denne steinen opp i fanget og snudde seg rundt med han. Steinen som ligg ved Seljord er voge til 570 kg bevitna av fleire som såg at alt gjekk rett føre seg ved veginga. Sterke-Nils blir beskriven som «Uvanleg tettvaksen og brei over akslene – men ikkje uvanleg høg». «Heller liten av vokster, stutt nakke, men breiaksla. Leggene var korte men han hadde svært lange armar …»

Som unggut tente Nils hos presten Ole Nielsen Spurv og det var her han for fyrste gong fekk vise kjempekreftene sine. Det var venta storbesøk av bispen i prestegarden og golva måtte skurast med skuresand. I Sandnuten var det så fin, kvit skuresand. Nils bad om å få med seg ein tunnesekk. Ein tunnesekk skulle vere «ei høveleg bør» for 3 mann seiast det. Men Nils kom att frå den lange vegen med sekken på ryggen, slengte han frå seg innover golvet på stabburet så heile stabburet riste …

29. oktober 1800 skulle bli ein dramatisk dag på Dale i Trollebotn på Seljordshei. Det blei ugreie mellom familien til Nils og familien Hølje Napastaa. Hølje var for øvrig bror av kona til Nils, Øli. Kvinnene Øli og Gunhild og dei yngre sønene deira kom først i rabalder med kvarandre på grunn av noko påstand om pengeskuld og med skader til fylgje og blod som flaut. Karane blei varsla og 23-årige Eivind Napastaa slo Sterke-Nils så hardt med ein avbroten sledemei at Sterke-Nils blei liggande att ute på marka. Han blei etter kvart kjørt opp til Dale og lagt i ei seng. Men tredje dagen etter slagsmålet – den 31.oktober – døydde Nils Olavsson Langedal av skadane 78 år gamal på Dale i Trollebotn. Eivind Napastaa blei arrestert, og blei først dømd til døden for det som hadde skjedd, men blei seinare frifunnen i Høgsterettsdom.

Dag og natt er like stille

I dag syng stillheitas song over Gongefjellet, Dalangrendi og Øverlandshei. Her er einsemd og dag og nott er like stille. Det bur ikkje folk lenger her no og det som var her blir historier frå ei anna tid. Men fotefari etter dei har forma kulturhistoria i bygdi for mest all tid. Skog har grodd att på Gonge no men innimellom vitnar det restar frå gamle hus og tufter. Dei ligg i ly under det bratte Gongefjellet og nedom vollen skjerer Gongetjønni seg som eit lekkje ut gjennom skogslende. I sommarkveldar kan det blinke i svartdjup frå skogstjønnet mens vassliljer duvar i torvkanten i ringar frå eit aurevak. På vollen på Gonge er det ikkje noko slått lenger. Dei siste som budde her var Rolleiv og Anne Herrefoss med fem born, eitt av borna var den kjende felespelaren Bjarne Herrefoss. Dei kom til Gonge i 1935 og budde her i 11 år. Men i dag står det villblom her kvar sommar og svaiar i gamalt sogelandskap og i mai kler bjørkeriset seg i grønt. Bortanfor åsar frå Gonge og bakom Langedalsfjellet ligg Langedal. Her braut Sterke-Nils jord og bygde ein heim. Framleis ligg spor etter han att her. Dei same steinheller som han bar og lyfta på plass med sine armar og laga ei tjørumile i åsen opp for Langedal ligg der den dag i dag. Her brende Sterke-Nils tjøru og koka bek. Tjøruhjellen blir det kalla her.

Seljordshei og Øverlandshei går mot kveld denne vårdagen. Langt der bak mot vest stig Brokefjell. Kveldsoli kjempar for å halde seg vaken men dei siste stråler ligg som i gull i dei høgste ufsi av Gautilnuten. Mørket sig på. Men aprilnatta over dette soge og tusselendet verkar til å bli mild i natt. For det fylgjer fønvarme i eit lint sus langsetter Gongetjønni denne kvelden. Det er som å kjenne varmen når ein høyrer frå ein felestreng og ein kvedarlått som var i desse heiane eingong mildt, lognt og vakkert.