Badstova Soria Moria kviler på Bandak i kveldssol. Torsdag var det opning, og i helga kunne alle som ville ta turen innom.
Badstova Soria Moria kviler på Bandak i kveldssol. Torsdag var det opning, og i helga kunne alle som ville ta turen innom.

I denne badstova kan folk nyte ljos og mørker

Torsdag ettermiddag markerte 200 frammøtte opninga av millionprosjektet Soria Moria ved Bandak.

Sjølv om det ikkje hadde rukke å bli heilt mørkt klokka fem, var faklande med på å sette ein ekstra prikk over i-en på vandringa frå torget og ned til hotellparken. I hotellhagen song Ingvild Lilletvedt Nordstoga ein stemningsfull versjon av «Har du fyr», før alle sette snuten mot Bandak og kveldens hovudbygg: Soria Moria-badstova.

– Tobias er i Singapore og føreles om ljos, så difor er eg her, seier Cecilia Eklind Sweberg frå Sweco Architects AB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho siktar til kollega Tobias Olsson, som har designa ljoset i Soria Moria. Badstova er del av Telemarkskanalen regionalpark si satsing kalla «Vannveiens fortellinger», der det skal plasserast eit kunstverk eller ein arkitektonisk installasjon i kvar av dei seks kanalkommunane. På Dalen vart eit nordisk designlag valde til å teikne installasjonen. I tillegg til ljosdesigner Tobias Olsson, er desse arkitekt David Fjågesund frå Feste landskap_ arkitektur, landskapsarkitekt Inge Dahlman frå Landskapsfabrikken og kunstnar Maria Ängquist Klyvare. Byggeleiing og koordinering har Karin Kvålseth frå Sweco stått for, med bistand frå arkitekt Lars Haakanes hjå Feste. Skorve har bygt badstova. 

Tobias sin fyrste reaksjon då han kom til Dalen for å planlegge ljossetting var kor kult det var at Soria Moria skulle bli ståande ein plass der det blir ordentleg mørkt. I hans stad heldt Sweberg ei fin tale om ljos og mørker, innleia av historia om jordskjelvet og det påfølgande straumbrotet i Los Angeles i 1994. Då såg innbyggarane Melkeveien for fyrste gong. Den hadde dei aldri sett før, på grunn av ljosforureining.

– Nyt mørketida

Faktum er at mørkret er ei mangelvare mange stader i verda i dag.

Cecilia Eklind Sweberg frå Sweco Architects. Soria Moria i bakgrunnen.
Cecilia Eklind Sweberg frå Sweco Architects. Soria Moria i bakgrunnen.
Om lag 200 personar gjekk i fakkeltog under opninga av Soria Moria.
Om lag 200 personar gjekk i fakkeltog under opninga av Soria Moria.

– Nattehimmelen har blitt ti gonger ljosare berre dei siste tjuge åra. Dette har så klart negative konsekvensar. Dagsljos er veldig viktig for oss menneske. I kontrast til dette pratar me ikkje så ofte om kor viktig mørkret er for oss menneske. Mørkret er grunnleggande for vår biologiske helse. Det styrer søvnrytmen vår, og når mørkret kjem så set melatoninen inn og gjer at me søv godt. Mangelen på totalt mørker i dag gjer at me søv dårlegare, og forsking viser at risikoen for kreft aukar, sa ho.

– Eg er veldig glad for å vera her i dag og få kikke på Tobias si ljossetting her på Soria Moria. Han har med varsam hand ljossett og verna om plassens kvalitetar, som stillheita, roa, mørkret og det fantastiske dagsljoset. I ei rask verd der me stadig er pålogga kan det vera lett å miste kontakten med det naturlege. Difor er plassar som dette så viktige. Eg vil oppmode dykk om å nyte denne staden i kveld, nyte ljossettinga, og det siste av dagsljos som finst her i dag, men seinare også nyte mørkret. No som me står med den mørkaste årstida framfor oss så vil eg oppmode dykk til å nyte den. Det er ei årstid som er til for kvile, innhenting og ro. Ljoset si tid kjem, sa ho, til stor applaus.

Etterpå kom Kjersti Skimmeland bort til Cecilia og takka for ei fin tale.

– Den tala trefte meg verkeleg. Den skal eg hugse på når det blir mørkare og mørkare, sa dalingen.

Sweberg visste ikkje at det er sollaust halve året på Dalen, og blei veldig overraska over kor godt ho traff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Instagram-hit

Ordførar Jarand Felland (Sp) stod for snorklippinga ute ved badstova. I tala si takka han Regionalparken og Sparebankstiftinga DNB for alt arbeid og pengar dei har lagt i prosjektet.

– Som ein liten kommune er me ofte er veldig mykje med på dei fleste prosjekt, men av og til får me ei lissepasning. Det har me fått her, av Regionalparken. Me har berre sagt ja og regulert littegrann, så det er nesten litt ufortjent å stå her og få lov til å opne. I Tokke går det jo så bra med turismen om dagen, at eg veit nesten ikkje korleis det skal gå neste sesong. Det kjem til å bli trafikkork rundt i kommunen, sa han.

– Reiselivet i dag er fine bilde, det. Soria Moria er eg sikker på kjem til å bli ein Instagram-hit av dimensjonar, sa han før han klipte snora.