Nedre Klomset er eit tradisjonelt rekkjetun, slik det gjerne blei bygt i bratt terreng. Mange kjøpe- og skodelystne hadde møte fram då mykje av lausøyret på garden gjekk under hamaren.
Nedre Klomset er eit tradisjonelt rekkjetun, slik det gjerne blei bygt i bratt terreng. Mange kjøpe- og skodelystne hadde møte fram då mykje av lausøyret på garden gjekk under hamaren.

– I dag skal handelen gå

– Femti? Nei dæ'æ for billigt, syng Hellbillies i «Aksjon på Ål». På gardsauksjonen på Nedre Klomset i Seljord laurdag gjekk mangt for femtilappen, men mykje også for tusenlappar. Dyraste objektet blei ein Kleppo-kniv som blei seld for 26 400 kroner, inkludert salær.

Fint innpakka i tjukt gråpapir låg hestetagl samla opp gjennom mange år. Hår frå både svarte, brune og blakke hestar låg i buntar. Tagl som kanskje skulle brukast til felebogar, til pilkesnøre, til reip, snarer, eller som forsterking av ullsålar. Buntar av den tidlegare så eksklusive handelsvara gladde for ein femtilapp på auksjonen.

Gamal gard

Lausøyre av mange slag gjekk under hamaren då mykje av innbuet på garden Nedre Klomset blei auksjonert bort laurdag. I fylgje Tov Flatin, som har skrive Seljord-soga, er Klomset blant dei eldste gardane i bygda, og han var delt alt på 1500-talet. Gjennom tidene har det vore mange eigarar. Slekta som skal selje no, har ått garden sidan Torstein S. Nordgarden frå Langlim kjøpte han i 1865, veit bokverket Norske gardsbruk å fortelje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Våningshuset skal vera frå 1845 – dette var i tida då futen Bernhofdt, og seinare futen Christensen åtte garden. Mykje av husgeråd, skåp, hyller, traug og anna inventar, kanskje også frå den tida futane heldt til her, vart bore ut på tunet denne fine sommardagen. Likeeins det som gjennom generasjonar hadde samla seg opp i bur og uthus.

Tilfeldige prisar

Karl Thore Ness i Trøgstad auksjonsforretning ropa og slo, medan Kåre Hardang sprang og fann fram det som skulle seljast. Hardang fortel at det nest dyraste utropet blei ei hylle som kjøparen måtte ut med 13 200 kroner for, inkludert salær.

Auksjon er tilfeldige greier. Medan avisa var til stades blei tre par kardar (til å karde ull med) i vanleg storleik selde for 150 kroner til saman. Seinare på dagen kom prisen opp i 1 000 kroner for eit par små leike-kardar.

Hestetagl var ein gong eit verdifullt materiale som kunne brukast til alt frå felebogar til snarer – spart på gjennom årtier. Rett marknadspris i dag blei femti kroner.
Hestetagl var ein gong eit verdifullt materiale som kunne brukast til alt frå felebogar til snarer – spart på gjennom årtier. Rett marknadspris i dag blei femti kroner.

– Det er slikt som skjer på auksjon, ler Hardang, og legg til at det ikkje var mykje som blei useld på auksjonen.

Neste gong Trøgstad auksjonsforretning kjem til Telemark att er i juli, då held dei tradisjonen tru auksjon på Kvambekk i Åmotsdal, slik dei har gjort i 25 år.