Det var nok mange som sjekka Altinn på mobilen då dei stod opp i dag tidleg.
Det var nok mange som sjekka Altinn på mobilen då dei stod opp i dag tidleg.

I dag kjem skattepengane

Utover dagen får dei aller fleste nordmenn skatteoppgjeret sitt. Av 111 000 telemarkingar får 90 000 att pengar.

I dag er dagen mange har venta på, skatteoppgjeret bli tilgjengeleg og sendt inn på konto for 90 prosent av skattebetalarane i Noreg.  

Telemarkingane som får att får i snitt 10 300 kroner kvar, samanlikna med landsgjennomsnittet på 11 300 kroner. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei 90 000 skattebetalarane i Telemark som har skatt til gode, får til saman 927 millioner kroner tilbakebetalt. 16 000 lønstakarar og pensjonistar i Telemark får restskatt. Dei må betale til saman 252 millioner kroner, eller 15 300 kroner i gjennomsnitt, skriv Skatteetaten i ei pressemelding onsdag morgon. 

Nokon får oppgjeret seinare

Ikkje alle er så heldige å få skattepengane inn på konto alt i dag. Etter skatteoppgjeret 27. juni er det fortlaupande oppgjer mellom 15. august og 24. oktober. Dette gjeld mellom anna personleg næringsdrivande og deira ektefeller, og lønstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga på papir.

Andre grunnar til at du får skatteoppgjeret seinare kan vere at skattemeldinga di manglar opplysningar, inneheld kompliserte forhold, eller du kan vere teken ut til kontroll.