Høge skuldrer

Tankar frå Familiekontoret

Stress høyrer med til livet og relasjonane me omgjev oss med. Nokre gonger kan stress gå på helsa laus og andre gongar kan stress vere prestasjonsfremjande. Nokre eksempel på positivt stress kan vere å få ein liten nyfødt unge i huset, å starte på ein nytt studie eller i ny jobb. Anna stress er negativt og skadeleg for oss, det er nedbrytande på kropp, psyke og relasjonar.

Nokon har samanlikna stress med skurva på eit sår. På rett plass stoppar den bløding, hindrar infeksjonar og syter for at skaden vert lega best mogleg. Men kjem berre ein liten del av skurva inn i blodbana kan den gjere uboteleg skade i det den sperrar for heling og gjennomstrømming av blod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verken kropp eller hjerne er konstruera for kronisk stress. Det gjeld både å kunne kjenne att og handtere det. Ein kan til døme forsøke å skilje på stress som ei utfordring eller ein trussel og om det er eit akutt eller eit kronisk stress. Det er sjølvsagt ulike måtar å møte ei akutt utfordring og ein kronisk trussel på. Mot ein akutt utfordring eller trussel kan eit fokus på løysning vere bra. Ein kan bruke eiga erfaring eller søkje råd hjå nokon som kan noko om problemet. Og ein kan søkje støtte i litteratur eller på nettet.

«Ein kan bruke eiga erfaring eller søkje råd hjå nokon som kan noko om problemet»

Det meir kroniske stresset kan ein oppleve seg meir makteslaus overfor. Eit løysningsfokus vil kanskje virke mot si hensikt. I disse tilfella treng ein ofte ei meir emosjonsfokusera tilnærming. Ein får altså bruk for relasjonane sine på ein anna måte. Nokon få skal kanskje vite akkurat kvar skoen trykker, kor vondt og vanskeleg det er. Nokon fleire skal ein kanskje kunne gje seg eit friminutt eller eit anna fokus saman med. Nokre venner og aktivitetar som kan avlaste og avleie stresset for ei lita stund. Ei eller anna form for trening, kulturopplevingar og avspenning kan hjelpe på det vedvarande stresset. Noko anna som kan hjelpe litt er å gjere ein revisjon på kva ein må, bør og kan i livet. Her gjeng me lett på autopilot og gamle vanar.

Dei som har hatt ungar heime veit at dei kan taka ut sine «dårlegaste» sider heime, der dei er trygge og veit kor grensene gjeng. Kva skjer med oss under stress? Kor tek me ut frustrasjonane våre? Sett at det finnast metodar og teknikkar som ein kan lære seg for å betre kommunikasjon og samspill innad når stresset aukar på utsida? Det er noko av det me driv med på familievernkontoret, berre så det er nemnd.

Per Tore Iversen, familieterapeut