Helga Flatland. (Pressefoto)
Helga Flatland. (Pressefoto)

Helga Flatland fekk Bokhandlarprisen

Rett før VTB gjekk i trykken torsdag blei det kjent at Helga Flatland frå Flatdal får Bokhandlarprisen for romanen «En moderne familie».

Det er tilsette i bokhandlarar over heile landet som har røysta fram boka som sin favoritt blant årets norske bøker innanfor skjønn- og generell litteratur. Ti bøker var nominerte. Prisen blei overrekt av kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland på Litteraturhuset i Oslo torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tusen takk til alle landets bokhandlarar for prisen. Det er ei stor ære å bli lese, diskutert og røysta fram av dyktige og lidenskapelege lesarar – og for jobben de gjer for litteratur i det daglege – for rundt meg står ein ny og viktig generasjon forfattarar, og saman med dykk skal me arbeide for å gjera framtida til norsk litteratur mangfaldig og ljos, uttala Flatland etter å ha mottatt prisen.

I «En moderne familie» bestemmer Torill og Sverre seg for å skiljast etter førti års ekteskap. Dei er 70, nyleg pensjonerte – og føler seg ferdige med familieprosjektet. Bokhandlaranes favorittroman er ei roman som gjennom tre søskens ulike blikk fortel ei historie om tilhøyre, oppbrot og konsekvensar – og kva som eigentleg utgjer ein familie.

Flatland har tidlegare mottatt fleire prisar. Ho fekk mellom anna Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutromanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må».

Dei nominerte til prisen var: Lars Saabye Christensen (Byens spor), Tom Egeland (Lasaruseffekten), Helga Flatland (En moderne familie), Jørgen Jæger (Guden), Jan Kjærstad (Berge), Maja Lunde (Blå), Maria Parr (Keeperen og havet), Siri Pettersen (Bobla), Trude Teige (Pasienten), Carl Frode Tiller (Begynnelser).