Det er god fart på løparane opp den fyrste bakken og ut i det 11,5 kilometer lange turrennet på Fjågesundheia skjærtorsdag. (Arkivfoto frå 2015)
Det er god fart på løparane opp den fyrste bakken og ut i det 11,5 kilometer lange turrennet på Fjågesundheia skjærtorsdag. (Arkivfoto frå 2015)

Håpar på Kollen-stemning i Knarren rundt

Arrangørane av det årvisse rennet Knarren rundt på Fjågesundheia, er torsdag klare for storinnrykk til turrennet som svingar innom både Nome, Kviteseid og Drangedal kommunar.

Fleire av løparane til Team Telemark har meldt at dei kjem til Fjågesundheia på skjærtorsdag då det årvisse turrennet Knarren rundt blir arrangert. Arrangørane, Fjågesund IL og IL Tørn har som vanleg hyra inn Toralf Grave som speaker, og han vil sende dei aktive løparane ut i den 11,5 kilometer lange låma.

Om deltakarrekorden på 454 løparar i år blir slått, blir spennande å sjå. Vêrmeldinga og løypene ligg i alle fall til rette for eit svært godt besøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løypesjef Bent Arve Bratås seier at alle over 13 år kan delta i løpet, og at dei i år også vil ha ein ny spurtpris ved Jomfruhuken.

– Det er premie til dei tre beste i alle klassene, og ein ekstra fin premie til dei tre som kjem på pallen i dame og herreklassa, legg han til.  

Mini-Knarren

For dei yngre løparane er det høve til å gå mini-Knarren. Rennet er for deltakarar mellom 10 og 15 år og er 2,7 kilometer langt.

– Men i tillegg til aktive løparar ynskjer me sjølvsagt at mange tar turen for å gå i trimklassa. Det er så triveleg når folk kosar seg, fyrar bål, heiar og lagar liv i løypa. Det blir nesten Kollen-stemning for løparane, seier Bratås.

Han håpar på eit raskt og fast føre.

– Det blir spennande å sjå kven som kjem fyrst til målstreken i år. Både Runar Skaug Mathisen og Mikael Gunnulfsen har sagt at dei kjem, dei har begge to napp i vandrepokalen. Så no har dei sjansen, seier Bratås.

Om ein på skjærtorsdag, eller elles i påskeveka ynskjer å ta ein skitur på Fjågesundheia, ligg løypene og ventar. Og det er også høve til å gå ein ekstra tur opp til Slettfjell.

– Frå Knarrløypa er det 2,3 kilometer opp til Slettfjell. Det er mange som tar denne turen, og her får du fin utsikt, reklamerer Bratås.