Fotograf Arne Aas blei heidra med kulturprisen i Seljord kommune.
Fotograf Arne Aas blei heidra med kulturprisen i Seljord kommune.

– Hadde aldri trudd eg skulle få ein slik pris

Då seljordingane var samla til fest på Granvin kulturhus 17. mai blei fotograf Arne Aas kalla fram for å ta imot kulturprisen i Seljord for 2017.

– Eg har visst om prisen sidan påske, så eg er ikkje like overraska i dag, men eg blei det då Halfdan ringte meg. Eg hadde aldri trudd eg skulle få ein slik pris, uttala Arne Aas då ordførar i Seljord, Halfdan Haugan, kalla han fram på scenen onsdag.

I ei årrekkje har Arne Aas fotografert alt frå nygifte brurepar i Seljord kyrkje til dei vakraste landskapsfotografi frå Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han har vore ein stor kulturformidlar med sitt arbeid som fotograf, skriv Inge Nilsen, som innstilte Arne Aas til prisen.

Mange vesttelar hugsar nok Arne Aas sitt fotoatelier på Brøløs, som han dreiv saman med kona Signe i ei årrekkje. Mengder med konfirmantar, dåpsbarn og brurepar har han fotografert opp gjennom åra.

Kulturformidlar

Arne Aas har også gjeve ut til saman tre fotobøker med fantastiske fotografi frå Telemark og Seljord, som formidlar geografien og kulturen i fylket på ein framifrå måte. Ei av desse bøkene er «Fagre Telemark», der han også har skrive eit dikt om fylket han blei så bergtatt av. Aas kjem opphaveleg frå Os i Østerdalen.

Aas har også vore svært engasjert i Seljord Målarklubb, samt hatt utstilling av eige arbeid.

– Det er heldig for oss i Seljord at han på fotograf-ferda gjennom landet falt for det varierte landskapet i Telemark og busette seg her i Seljord saman med kona Signe, skriv Inge Nilsen i grunngjevinga.

– Eg er heldig som har fått arbeide som fotograf. Det blei eit lykkelig liv. Eg har foreviga menneske, natur og augeblikk. Tusen hjartelig takk for prisen, helsa Aas.

Kulturprisen er ein flott skulptur og ein gåvesjekk på 20 000 kroner.